Tidender.

 
Kristiania, den 30te April.

Statsraad  Daae skal no hava fenget Avskilsøknaden sin samtykt og Kr. 6000 i Ventepengar. Statsministar Sverdrup skal taka Armedept. til so lenge, og Statsraad Kildal skal styra med Poststellet. Mrgbl. trur, at Rektor Steen er den nærmaste til aa koma inn i Regjeringi.


England og Rusland . Det var ikkje nokot i det Ordet som gjekk, at den russiske Keisaren var reist til Moskwa for aa dela ut Upprop til Folket. Ellest er det umogelegt aa segja, korleids det gjeng. Dei er stride i Kravi sine paa baade Kantar, og bur seg gjer dei drustelegt. Gladstone fekk samrøystes dei 200 Millionarne, som han bad um til Krigen, og Russland sender krigsfolk sudetter mot Avganistan. Den engelske Krigsfloten skal vera paa Veg til Østersjøen. Det er soleids komet Melding um, at 15 store engelske Krigsskip var sedde ved Anholt no ein av Dagarne, og dei hev fleire Gongjer set engelske Kryssarar i Nordsjøen. Russland fær og sin Østersjøflote ferdig med det fyrste, og han skal vera drusteleg nok han og. Ei Melding um, at Rusarne var gjengne lenger sud mot Avganistan er avsanna.


Grækenland. Styringi fekk Folket imot seg no ved Valet. Det vart valde 100 regjeringsvenlege Tingmenn og 140 Motstandarar. Styringi søkte um Avskil og raadde Kongen til aa taka Føraren for Fleirtalet, Deliannis, til Ministar. Ellest trur dei inkje, at Ministarskiftet vil endra korkje den innanlandske elder utanlandske Politikk.


Avganistan. Emiren hev sendt eit Upprop til sine Hovdingar og Krigarar. Han segjer der, at Landsens Fridom stend paa Spil, men at Landet skal verjast. Han vil inkje paa nokon Maate tillata, at Russen gjeng gjenom Avganistan og han vil inkje gjeva so mykje som ein Tome Land korkje til England elder Rusland. Ellest er Englands Venskap kjerkomet, dersom det vil hjelpa Avganaranne med aa forsvara Landsens Fridom.


Millom  Frankrike  og Kina gjeng det fort med aa ordna Semja. Kina uppfyller alt det, som det hadde lovt. Det hev teket Krigsfolki sine attende fraa dei Stader, som etter Semja skal høyra til Frankrike og det gjer i det heile ingre Vandskar lenger.


Kanada. Politistyrken, som vart jagd fraa Fort Pitt av Uppreistmennerne, er inkje øydelagd. Han hev no naatt Battleford; berre ein Mann vart drepen. Ellest gjeng det attende med Uppreistmennerne.


Dronningi hev vitjat Haremet aat Sultanen og set Kjeringarne hans.


Maalsaki  paa  Nordmøre. Paa Amtsskulen i Surendalen hadde dei Maalsaki for seg i Samtalelaget sitt den 27de Mars. Mot tvo Røyster vart dei samde um eit slikt Vedtak: Samtalelaget uttalar som si Meining, at Maalsaki er ei god Sak. Laget trur, at den beste Maaten, som Saki kann arbeidast fram paa, er at Lærebøkerne i Skulen vert skrivne paa Maalet og at Læraranne talar og skriv det i  Skulen.


Ny Folkehøgskule . Nils Skaar, som hev voret Lærar hjaa Ullmann eit Tak, vil no skipa ein Folkehøgskule sjølv i Randesund, attmed Kristiansand. Seminarist T. Torsvik skal vera med honom. Dei søkjer Fylkjestinget um Kr. 400, og Bygdestyret gjev si Tilteljing um dette.


Ved Arbeidsskulen paa Fredrikshald hev Kyrkjedepartementet avgjort at desse Læraranne skal faa koma inn, 15 paa kvar Læretur:

B. Bergersen, Porsgrund. John Sigvaldsen, Siljord. P. Velde, Rakkestad. J. O. Moe, Skjeberg. Johan Grøterud, Modum. Tore Knudsen, Lille Elvedalen. Martin Krogstad, Trondhjem. Ole Estensen Erlien, Tolgen. Ole Nytrøen, Ytre Rendalen. S. Th. Foss, Berg. H. E. Andvik, Hvideseid Seminar. T. Bjørneraa, Valle. Ole Tømmervik, Stordøens Seminarium. Karl Bøen, Id. Jens Løken, Fredrikshald. Anton Langseth, Romedal. G. A. Nuland, Gjerpen. Lars Skjæveland, Holt. Olav Strøm, Næs, Romerike. Otto Arnesen, søndre Odalen. Sværen Rokke, Berg. Edvard Strand, Lyngdal. O. E. Areklet, Masfjorden. O. N. Sletvold, Børsen. Ole Torgersen, Kristiania. Simen Strømme, Ekersund. Ambros Sollid, Hiterdal. J. Holmen, Drangedal. T. Myhrvang, Storelvedalen.

 
Lækprest  Franson, som det gjekk so ille med i Danmark, daa han skulde lækja ei jiktbroti Kjering, held seg no i Sverik. Han tok til aa preika i Landskrona, og mange forvitne gjekk for aa høyra han. Prestarne og Sokneraadarne var og paa Møti hans, og daa dei vart kjende med, kvat Franson for med, stemde dei honom for Kyrkjeraadet. Han vilde inkje møta der, daa han sagde, at han hadde fenget for stutt Varsel, og Kyrkjeraadet gav daa ut Paabod um, at Franson inkje skulde hava Lov til aa preika i Landskrona. Men daa dei kom og skulde segja honom fraa um dette, var han alt reist fraa Byen.


Lauseld. I Milvauke, Amerika, hev det voret ein fælande Lauseld. Han kom upp i ei 
Petroleumsuppkome, som ligg nræe Byen, og som er ei av dei største i heile Nordamerika. Elden naadde fyrst dei næste Husi og gjekk so vidare til Byen. Alle Husi, som laag til 3 Gatur gjekk med, og mange vart husville. Skaden er fleire Millionar.

 
Eit fælt Kvinnfolk . I Haag, Holland, er det ei fæl Sak for Retten no. Eit Kvinnfolk er skuldad for, at ho i 1869 gjorde Freistnad paa aa drepa med Gift 102 Menneskje. Det ser ut for, at ho hev havt ei sann Gleda av aa drepa Folk; for det er godtgjort, at ho hev drepet 27 Menneskje, og 45 andre, som ho og vilde drepa, vart hardt sjuke. Ho skal hava tent godt paa Ugjerningi si, daa ho hev fenget Folk til aa sikra Livet sitt for mange Pengar og so drepet dei etterpaa og fenget Tak i Assuransepreæmien.


Kolerasjuken hev vist seg her og der i Sudlandi. Det er soleids ein Mann, som vart sjuk av honom inkje langt fraa Rom.

 
Olje hev i lang Tid voret kjend som eit godt Midel til aa stilla Havet med i Storm. Folk hev difor lengje grunna paa, korleids dei paa beste Maaten skal kunna faa spreidd Oljen utyver Sjøen, naar Skip er i Havsnaud. No hev ein Engelskmann funnet paa aa hava Oljen i tunne Kulur, som han skyt utpaa Sjoen. 
Dei gjeng sund sosnart dei kjem paa Vatnet, og Oljen renn utyver. Paa det Vis kann det vera mogelegt aa faa Havet stilt kring eit Skip, som, hev støytt paa Grunn og Bergingi kann ganga lettare for seg.