Rispur.

 
Bonden og Jelsapresten . (Ei Slusa fraa Ryfylke). Han Ola Bergaland paa Ambo hadde ei Dotter, som gjekk og las fyr Jelsapresten. So var det ein Sundag um Hausten, nokre Vikur fyre Konfirmasjonen, han Ola var med Jelsa-Kyrkjo. No var Presten ein fælt beinsam og greid Mann til Prest aa vera. Etter Preika kom han burt til han Ola paa Kyrkjegarden og klagad yver, at Dotter hans kunde so litet; han saag slett ikkje Syn paa aa sleppa henne, let han um. Daa meinte han Ola, at kunde Dottri ikkje sleppa fram, so laut ho vel gaa eit Aar til; onnor Raad visste ikkje han. Aa nei, meinte Presten; du er altfor god Mann, du Ola, til at slikt maa spyrjast; gjev din Sjælesyrgjar ein Vedr, so skal det nok laga seg, sagde han. Aa, eg tenkjer det, svarad han Ola, at kann Gjenta litet lesa, so kann Vedren endaa mindre. Dermed skildest dei.


Tvo Svenskar kom eingong til ein Bonde og spurde etter Arbeid. _ Ja, kormykje skulde dei daa hava fyre Dagen. _ Ei Mark. Dette var ein uhorveleg Pris etter den Tidi, og Mannen tyktest au vist dette var hosta drjugt. Han tenkte seg um ei Stund, men so bad han deim slaa seg til Ro Natti yver. Han fekk vel sjaa til aa finna paa nokot. Morgonen kom og Kararne spurde kva dei skulde byrja med. 
De fær ganga upp og gjera rein Laaven, sagde Mannen. Medan sende han Bod etter ein Spilemann, skjenkad honom nokre Drammar og baud honom god Bitaling, dersom han vilde spila grepa den Dagen, _for han hadde daa eit Par Karar, som skulde dansa fyre Bitaling. 
Spilemannen lovad gott.

Det vart Dugurden, og daa var Laaven rein. Svenskarne maatte igjen hava Greide paa, kvat dei skulde gjera. Jau, no fær de byrja dansa. Medan var Spilemannen upp paa Laaven komen, og daa Svenskarne kom i Laavedøri, flaut Springaren fraa Fela, so det koss etter. Haart tyr dette, mullad den eine Svensken. Aa tusen er det ikke de same, haart vi gjere, naar vi finge Bitaaling først, sagde den andre, og dei til aa dansa. Spilemannen drog paa, fort og lenge um Gongen, og Svenskarne dansad so Sveiten hyljad, alt til Kvelden. Det var trugne Arbeidsfolk det. Men um Kvelden gjekk den eine inn til Mannen og sagde: Vi vil alt ha Uppgjer, vi bli lei denne Rutinga.

O. E.


Ein Numedøl tente hjaa ein Kjøpmann i Byen. Eingong vart han send ned paa eit 
Lager etter Mjøl. Daa han kom heimatt spurde Kjøpmannen honom, kva Mjølet kostad. Tjuge Kronur, sa Guten, men so var det noko Kluss med Sekkom.

Grosseraren hadde sagt: 20 Kroner inclusive Sekken.


Det var ei Kjering som reiste aat Amerika. _ Um ei Tid skreiv ho daa heimatt, og i det Brevet stod: Eg hev inkje voret noko klein, sedan eg kom her, utan nokot Hovedpine som er ein stor Ting at takke Gud for .

M. T...n.