Maalsaki i Stortinget.

 
I tvo Dagar hev dei haldet paa med Maalsaki no uppi Tinget. Baade Onsdag og Torsdag heldt dei paa, og endaa er dei ikkje ferduge. Fyrst um Laurdagen kjem dei til aa gjera Vedtaket. Og det er ingen som tvilar paa anna, enn at ho kjem til aa faa Samtykje Komiteinnstellingi, som gjeng ut paa aa lata til Kr. 6000 av Statskassa, for at det kann haldast Maalskular for Læraranne. Heile Vinstre er nok samstelt paa det, og heile Høgre imot, etter det ein kann skyna.

Skuledirektør Bonnevie talad fyrst. Han var daa imot. Det var so uklaart kva Meiningi var med desse Lærarkursarne. Nærmast saag det ut til, at Meiningi var den berre, at det skulde vera som ei naturleg Fylgje av Paabodet fraa 1879, um at Bygdemaalet skulde brukast i Skulen, noko som han ogso vilde. Nei her var det tydeleg Meiningi aa vilja innføre dette Landsmaalet paa Skulen som nytt fag. Og daa kunde han ikkje vera med. Og so lagde han ut um Landsmaalet, at fyrst var det daa ingen, som viste kva det var, og so hadde det daa ingen Husbondsrett i Landet, og so var det uvist, um det var dette Landsmaalet, som skulde verta Landsens Maal, og so viste ingen kva Tid dette skulde verta Landsens Maal.

Det hadde voret fælt fyrr, daa Læraren knotad paa Dansk, men no kom det til aa verta endaa verre, naar dei skulde til aa knota paa Norsk ogso. Men verst tykte han daa det var for Borni, som skulde bruka den stutte Skuletidi si til aa læra sitt eiget Maal. Slikt kallad han for Misbruk av Skulen. Og vart noko sovore gjenomført, so kallad han det et voldsomt ingreb i en Organisme, det var aa sætte malede Frugter paa et Træ, fordi man var ræd for at Træet ikke vilde komme til at bære virkelige Frugter. Det vilde vekkja sodan ein Ufred i Skulen, at det var fæle Ting. 
Det var daa endaa væl, at Skulekomisjonarne var meint til aa skulde faa raa noko, dei kom væl til aa halda atter i lengste Laget, men han tyktest tru det, at dei og snart vart so yverfløymde med Maalmenn, at dei ikkje kunne halda Norsken ute. _ So tok Statsraad Blix til Ords. Han laut undrast paa, at Folk kunde gjera Motstand imot detta aa læra upp Læraranne i Norsk, naar baade tvo Statsmagterne og alle Folk alt lenge hadde voret so samstelte um, at Bygdemaali skulde brukast i Skulen. Naar dei var so einige um Fyremaalet, korleids kunde det so ganga til, at dei ikkje vilde bruka Midlarne. Jau det var visst ikkje anna, enn at dei var rædde for, at dette Landsmaalet skulde verta for kjent, og at Maalsaki, vilde ein at Læraranne skulde bruka Bygdemaali, so var det væl ei Grunnsetning, som ingen kunde støyta ned dette, at den som skulde gjeva Undervisning i noko, han maatte daa væl fyrst undervisast sjølv. Det hadde væl voret det beste det, som Bonnevie hadde slegje paa, um dei kunde hava denne Upplæringi soleis at kvar Lærar fekk læra dugeleg det Bygdemaalet, som han skulde undervisa i. Men daa maatte ein hava Maalskular i kvar Bygd, og det vart nok væl kostsamt. Ellest kunne denne Upplæringi gjerast paa tvo Maatar; anten kunne ein ganga ut ifraa eit Bygdemaal, elder so fekk ein halda seg til Landsmaalet. Og dette kunne mest vera det same korleis ein tok det, for Skilnaden mellem Bygdemaali og Landsmaal var ingenting aa kalla. Det som galt um her var berre aa visa Læraren, korleis Maalet skulde brukast t. D. til Bibelforteljingi, aa bruka høveleg Ord og Stil o. s. v., han maatte læra aa velja og vanda Maalemnet, og til aa gjeva Rettleiding i dette kunne vist ingen segja anna, enn at LandsMaalet var ein god Læremeistar, daa det er der, at Folkemaalet er upptamt og møykt paa høvelegste Maaten. Han hevdad sterkt, at denne Saki her ikkje hadde det minste med med Maalsaki i seg sjølv aa gjera, endaa det væl kom til aa bata Maalsaki. Denne Innstellingi her var noko, som alle maatte ganga med paa, som vilde hava at Bygdemaalet skulde brukast i Skulen.

Bonnevieminte um, at det var so mange andre Saker framme no, som vilde fremja Maalsaki, so han trudde nok det var Meiningi med denne her ogso. _ Folkehøgskulestyrar H. M. Dahl heldt med Blix i det, at denne Saki her berre var ei Skulesak, men ho hekk lel i hop med heile vaar nasjonale Reisning, det var den, som hadde skapat dette her Framlegget. No var det mange Lærarar, som gjerne vilde undervisa paa Bygdamaal; men dei magtad det ikkje, for Maalsansen deira hev vortet so forkvaklad paa Seminaren, at dei 
maa hava Hjelp og Rettleiding, skulde det ganga for dei. Og han hadde røynt det, at paa ein Maanads Tid kunne ein læra utruleg med Norsk. _ Professor Bugge trudde at det var ikkje berre um ei Skulesak det galt her, det var nok um Landsmaalet, og dermed hadde han seg ut paa Viddi, som han sagde, og lagde ut i eit langt Fyredrag, um kor umogelegt dette var. Han visste ikkje, kva Landsmaalet var eingong, det hadde ikkje naatt noko Resultat endaa, for det var daa so mange Lansdmaal, ingen Forfattar skreiv same Maalet, og so var det so vandt, at ingen kunde læra det, og so vilde ikkje Austlandet vera med, og so var Dansknorsken vaar godt nok Maal, og so vart det berre Strid og Tvidrag i Bygderne um dette Maalstrævet, Freden vart jagad fraa Skularne o. s. v. o. s. v.

Rektor Steen heldt dette Kravet, som her var framme for so trengjande, at det var berre ei Bot paa det Holet, som var i Lærarutdaningi vaar. Ingen skulde kunna negta det som var hendt hjaa oss i Maalvegen no i ein Mannsalder, no var Kravet framme um Jamstilling for Norsken, den kunne ikkje stengjast ute lenger. Kva Veg Maalutviklingi vaar heretter vilde taka, hadde han for sin Del ikkje Tvil um. Landsmaalet hadde alt ein utruleg Bokheim. Skulde ein gjera som Bugge vilde, venta til eit Maal var ferdigt og avsluttat, so fekk ein venta alt til det var daudt, for eit livande Maal det er aldri ferdugt og avsluttat, det er i Vokstr jamnt. _ Liljedahl undrad seg yver, at ein kunna kalla det for ein Brandfakkel, som dei vilde kasta inn i Skulen, dette her. Nei det kom Fred inn i Skulen ved det norske Maalet, det var noko med det vænaste han viste aa høyra paa i ein slik 
Skule, der Borni fekk bruka sitt eiget Maal. _ Fosse sluttad seg til Innstellingi. _ Berner gjorde Greide for si Stelling til Maalsaki, at det han vilde ikkje var aa brjota ned Landsmaalet, men at Maalmennerne skulde sjaa meir etter Talen og taka meir Avsyn paa Austlandsmaali. Han vontest ogso, at Regjeringi vilde taka seg av det dansk-norske Maalstrævet, sameleis som det norske. _ Saxeforsvarad Seminararne, det var ikkje slik Forkvakling der, Gutarne fekk jamvæl lesa Landsmaalsstykkje. _ Skulde det ellest drivast paa med dette Maalstrævet, so ynskte han, at Depart. maatte taka Saki i si Hand. _ Melvær hevdad det nasjonale Kravet fullt ut, varde um Norskens rett og Gildskap og Einskap, og tok fram Døme paa, at det kann vera like so stor Skilnad millom det som dei dansk-norske Forfattaranne skriv som paa det, dei norske skriv.

Statsministar Sverdrup maatte for sin Del segja, at han saag meir i dette Framlegget enn ei Skulesak berre. Han vilde segja beint ut, at for honom hadde desse Kursarne størst Verde ved det, at dei vilde fremja Maalsaki, so den Tid maatte koma, at Landsmaalet vart Riksmaalet i Norig. Det var berre Vrangskap og Uvilje aa segja dette, at Landsmaalet er eit lavet Sprog o. s. v., nei det er Folkemaalet i den reinaste og vænaste Formi. Maalsaki kunne ingen visa burt no lenger, ho vilde ganga fraa Siger til Siger, til dess, at ho naadde heilt fram. For Landsmaalet var alt ei Kjennsgjerning, ikkje berre eit Problem som ventad paa si Løysning, det seige Motstandet viste ogso, at dei hine trudde noko anna. Dette her var berre det fyrste stiget til aa fremja Maalsaki. Det som no helst maa gjerast var for det fyrste aa faa ein Professorpost i Norsk og dinæst aa faa Landsmaalet som Læreemne inn i Folkeskulen, so Bygderne kunne faa velja, kva Maalføre dei vilde hava anten Norsk elder Dansknorsk, og han trudde for vist, at det reine Norske vilde vinna jamvæl i dei Bygderne, der dei no talar minst norskt. Han tvilad ikkje paa det, anna Landsmaalet vilde trengja til Side den dansk-norske Tunga og verta heile Landsens 
Maal.

Sæter vilde ynskja, at dei tvo Maalstrævi vaare med Tidi vilde veksa ihop til eit. _ Professor Bugge talad lenge, um kor Landsmaalet var umogelegt, og vart motlagt av H. M. Dahl og Statsraad Blix , som klaart og greidt hevdad Einskapen i Landsmaalet og i heile Maalarbeidet vaart. Jamvæl Austlendingen likad Landsmaalet so godt og var so mannsterk med i Arbeidet, at ifraa den Kanten var det ingen Faare. Til Saxe saagde han, at det var Meiningi hans som Departements-styrar ikkje berre aa lede Maalarbeidet, men ogso aa taka Upphavstaket for aa faa det fram. _ Hektoen motlagde Bugge i det som var sagt um Austlendingen, han hevdad, at Austlendingen vilde gjerne vera med i Maalarbeidet. _ Advokat Bugge fann, at desse Kursarne kunne vera bra nok i seg sjølve, men han vilde likevæl røysta imot, daa han ikkje vilde vera med aa stydja Agitasjonen for Landsmaalet. _ Quamminte um, at det var Trønderne, som hadde gjort Upphavstaket, til at denne Saki var komi fram. Han minte um korleis Maalsaki hadde vunnet fram no sidan fyrste Gongen ho steig inn i Tinget; det var i 1874, daa han kravde, at Tinget skulde beda Regjeringi tenkja etter um det ikkje kunne lata seg gjera aa faa Gamallnorsk og Landsmaal inn paa Seminaranne. Men daa
hadde han berre fenget 31 Mann med seg. Men no vontest han, at 31 det vart talet paa den vesle Flokken som vilde røysta imot. 
Det var malede Frugter det. Men denne her Saki var den fyrste fulle Frukt av det Arbeidet, som vigdest i fjor Sumar. Og det skulde ikkje verta den siste av det Slaget.