Kampen fyr Sanning.

 
Det er eit sannt Ord, som Bjørnson segjer i ein Song: Sandheds Sag seirer gjennem Nederlag. Men dette Ordet høyrer ein ofta brukt, der det inkje hev aa gjera. Naar ein utlevd Tanke lyt bøygja seg fyr Framstiget og fell, daa kjem Atterhaldsmennerne og trøystar seg sjølv og andre med, at Saki er inkje tapt lell, for Sandheds Sag seier gjennem Nederlag. Kor kleint desse Folk har forstandet Skaldens djupe Tanke, synte seg klaart, eingong eit Bakstrævarblad skulde herma Ordi uppatt fyr aa kveikja Eld i Flokken sin med dei; Bladet hermde Ordi soleis: Sandheds Sag seirer kun i Nederlag. _ Ja, daa var det fulla vonlaust aa arbeida fyr nye, gode Tankar, naar dei aldri skulde vinna Siger utan ved aa tapa. Kva Slags Siger det vart, skal eg inkje segja meg god fyr aa tyda. _
 
Nei, dette Ordet høver berre daa, naar ein ny Sanningstanke tapar Slag paa Slag, men veks seg sterkare fyr kvar Gong. _ Vrangsynet og Atterhaldshugen hev slik Magt, at me altid kann vera fullvisse paa, at det inkje gjeng lett aa faa noko godt fram, naar det inkje held seg plent etter dei gamle Vegjerne. Um me hev ein Tanke kjær og er fullt overtydde um, at han er sann og rettferdug og berre vilde gjera godt og skapa Lukke, ja um han fyller heile vaart Liv, so me kjenner honom som ein logande Eld i Bringa _ me maa lell vera fyrebudde paa, at Folk vert standande kalde og likesæle, ofta fientlege mot honom. 
Gjenom Kamp lyt det gaa, og den kampen skal me inkje ottast fyr. Han er god fyr oss sjølve; og inkje berre det; han er jamvæl god fyr den Sanning, som me ynskjer aa bera fram. _ Og no kjem me til den djupaste Meining i Diktarordi. Den stridaste Kampen, den, som hev mest Aalvor i seg og krev dei tyngste Taki, det er inkje Kampen mot Vrangvilja og Tankeløysa. Nei, det er den Kampen, den Utviklingsstriden, som kvar ny Tanke lyt gaa igjenom, fyrr han kann treda klaar og verdug fram, reinskat fraa alle dei Veilur, som ofta det nye hev aa dragast med. Daa er det Striden stend som heitast, naar ei Framstigssak arbeider seg upp fraa Skodde til Klaarheit, fraa Graalysingi til Dagsens fulle Ljos. _ Veilur er det ved alt i Verdi, og inkje minst ved det nye. Men det er liti Ære ved aa stengja seg ute fraa Arbeidet fyr Sanningi og Framstiget, fyrdi um ein misslikar eit og anna i Straumen. Naar berre Straumdraget ber paa rette Leidi, so fylg hugheilt med; ver inkje rædd, um du stundo ser Grus i Straumen; det klaarnar seg nok, naar berre Grunnen er god. _ Ogso Maalsaki hev havt mange Vandskur aa strida med, og det inkje berre fyr Skuld Motstandet. Men dei, som hev voret klaarsynte nok til aa sjaa det store ved Saki, hev inkje latet seg skræma av, um dei hev set Rusk ibland. Hev me eit Hjarta, som kann verta uppglødd av ei Folkesak, daa gjeng me med og freistar aa faa Rusket burt, der me finn det, istadenfyr aa sjaa oss blinde paa det. _ Det er inkje støtt berreMoro aa vera med i Kampen fyr Framstiget; men naar ein inkje er alt for bangen fyr eikor liti Uhyggja, so er det no det sælaste Livet, ein kann leva, aa gjeva seg fullt ut med alle Krefter i Arbeid hjaa dei Tankar, som Sanningi i dei ymse Tidarkvarv vil hava fram. _ Han kann nok tykkja, han hev det bra og koselegt, Stakkaren som sit i Omnkraai, naar dei hine er ute i eit kvast Snjoballslag. Men spyr dei Gutarne, som stend i varmaste Striden, medan Snjoen fyk um Øyrurne, spyr dei, um dei helder vil sitja inne i den kvamne Stova. Eg tenkjer, dei helst vil vera, der dei er, um dei aldri so ofta fær kjenna, at Kamp gjev harde Hogg. _ Nei, er det ei Sanningssak, som me dreg Verja fyr, daa hev me inkje aa ottast. Det kann nok henda, at me inkje sjølve kjem so langt, at me sigrar fullt ut; men so mykje betre vil det gaa med dei, som etter kjem, so sannt det hev Rett det ordet: Lygni skal stupa, Sanningi skal staa .


Njædel Rothaug