Fraa Stryn i Firdafylket.

 

Det er no gjenget ei lang Tid, sidan Fedraheimen høyrde nokot fraa Stryn, og her kann no vera

ymse aa fortelja deg. _ Soleis hadde Vinstreforeiningi Møte um tridje Paaskedag, og dei hadde daa fyre seg Maalsaki. Noko Ordskifte vart det inkje, daa alle var samde um, at Maalsaki er ei Sak, som maa stydjast og upphjelpast paa alle Leider, so at Norsken kann bli like stelt med Dansken sovel i By som Bygd. 
Det vart difor vedtekje, at Foreiningi i eit og alt sku slutta seg te Framlegge aat dei 41 Stortingsmennerne.

 

Me ser soleis, at Stryninganne ogso tek te aa faa Augo upp fyre vaar Eignalut, det norske Maal, _ det leide ved aa laana framande Ord og Vendingar, naar me sjølve eig eit Maal, som er traustare, sterkare og gildare i alle Maatar.

 

Ei onnor stor Sak tek ogso te aa bli kjend her no, og det er Avhaldssaki. Me er alt tie Stykkje, som hev tekjet det blaa Band, og fleire er paa Vegjen, so det er vonleg, me fær istand ei Foreining no med det fyrste. Veeret hev no i siste Vika voret overlag fint. Fraa Morgo te Kveld hev Soli skine og braana Snøen langt upp etter Fjellsiderne, so at Juklar og Snøfonner kjem ramlande og skrapande nedyver Hamrar og Svad so lang Dagjen er. Og dei smaa Bekkjerne veks upp te Elvar, spring og leikar nedyver Steinarne, stupar ender og Gong utfyre ein Nyfs liksom i Villa, og sprutar beint upp i Andlitet paa deg, um du prøvar aa stana honom. Fuglarene sit paa Hustaki og i Bjørketrei og kvittrar og syng, og Geiter og Sauder er so kaate og sprettne, at du knapt kann faa Tak i dei. Og paa Jori, som for eit bil sidan hadde kvite Stakken paa, yrer det av smaa Grasgroer, som glytter upp av Marki, og vil suga i seg den friske Vaarlufti.

 

 

J.

 

Frå Fedraheimen 02.05.1885

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum