Fraa Øksendalen.

 
(Stortingsvalet. _ Maalsaki).

Triedagen i Paaske hadde me Møte i Øksensdals Vinstresamlag. Fyrst talad me litevetta um Vali: dei komunale, Stortings- og Valmannsvali. Storhopen vilde ha M. Aarflot, Nilssen og Olafsen attvalde. Derimot vilde inkje alle ha uppattvald Bjering, trass hans Støleik og frilynde Tenkjemaate.
 
Sume hevdad sterkt, at me burde sjaa etter aa velja reine Bønder til Tingsmenn, daa dei var mest til aa lita paa og kjende best kvar Skoen klemmer. Andre vilde inkje ha 
reine Bønder uppsett som nokon fast Regel. 
Dei meinte, at ogso Embættsmenn, Klokkarar, Lensmenn og Lærarar var bra nok, naar dei ellest var heilt ut frilynde, dugande og heiderlege.

Som nye Menn vart nemnde Bonde F. 
Baade, Telegrafist Erlign Moen og Prest Ebbesen.

Sume tykte desse var for radikale og vilde ha Faneberar Kjærvik, Bønderne R. Aarflot og Langeland.

Seinare ut paa Dagen hadde me Ordskifte um Maalsaki. Lærar Endre Sande fraa Sundalen heldt eit godt og forvitnelegt Fyredrag um Saki og talad um det norske Maals Lagnad ned gjenom Tidi, korleis det vart sundrivet og haldet i Vanvyrdnad i Dansketidi; men uttalad den faste Voni, at me skal faa sjaa Norsken koma til Vyrdnad att, so me Eingong kann faa høyra det i Kyrkja, Tingsalen og i Skulom. Ordet vart no gjevet fritt. 
Erik Walseth hadde før voret evsam, men etter aa ha leset Bondestudentar hadde han lagt stor Elsk til Maalet og gledde seg paa, at han eingong skulde faa sjaa Bibelboki umsett paa norsk.

Einar Flaa, H. I. Melkild, O. Jordal, H. O. Melkild, Jon Holten og Sleinar Husby talad ogso for Saki.

Erik Sæther vilde, at ein først og fremst skulde freista aa kasta burt denne store Flaumen av framande Ord.

P. Walseth trudde, at Maalstrævet var historisk berettiget. Han meinte det var ei god Sak og hev funnet stor Hugnad i aa lesa sume Maalbøker, til Dømes: Vinjes Ferdaminni. Han vilde ynskja Saki Framgang, serleg bland Ungdomen; men sjølv var han for gamall til aa brjota Staven over. Desutan vilde han segja, at sume Maalmenner skriv slikt, at det litet Hopheng var i det, og i det var fleire samde. Det gjeld um aa skriva Maalet so pent, so greidt og livande, som det paa nokon Maate gjeng for seg, vart det sagt.

Jon O. Lien kunde inkje skyna, kva Maalstrævet skulde vera til. Han meinte, at me ingen beintfram Bate elder Nytte hadde av aa reisa eit nytt Spraak. Han trudde det vart berre Kostnad. Naar me no hadde eit so fagert og uppsedat Bokmaal som Dansken, so tykte han det var ei Stoltheit av Maalmennom aa reisa nokot ukjent. Desutan vert det eit uppslitande Arbeid, meinte han.

Han fekk sterke og gode Motlegg av Steinar Husby, Endre Sande, H. I. Melkild o. fl. Men Jon O. Lien heldt paa sitt. Noko Vedtak kom inkje istand, men etter Uttalet aa døma, so heldt dei flestalle paa, at det norske Maal skulde koma til sin Rett.


20/ 4 85.

Ola H. Melkild