Tidender.
Kristiania,
den 21de April.
Kongen
hev voret til Konstantinopel for aa sjaa til Son sin. Han er no paa
Heimvegen att og komen til Wien. Han hev fleire Stader vortet væl
motteken av Storingarne.
Prins
Carl
er framleies i Betring, og det er Von um, at han snart kjem so mykje
til Krefter, at han kann reisa ein Stad, der det er sunnare Veer, enn
der han no er.
Utanfor
vil Noreg og Sverike koma til aa halda seg, um det vert Krig millom
England og Russland. Men inkje nok dermed, dei lyt og sjaa til aa
verja seg mot, at den eine elder den andre av dei krigførande
Magterne fær nokot Tilhald innan vaare Grensur. Det kunne nemleg
tenkjast, at England elder Russland vilde hava Hamner anten i Sverike
elder Noreg. For at inkje nokot sovoret skal henda, hev den svenske
Styringi gjevet Paabod um, at fleire Krigsskip skal haldast reide;
det sama hev trulegvis den norske Styringi gjort.
Danmark.
Han hev vondt Samvit Estrup no; for det er nok det verste for han, at
han inkje kan stole paa Armeen. For noko sidan vart
Krigsartiklarne upplesne for Soldatarne i Garnisonen i Aarhus. Det
vart daa serleg lagt Vigt paa, at dei var skulduge aa lyda sine
Yvermenn i alt mogelegt. Fotfolki høyrde paa dette med stor Ro, og
Kavaleristarne likeeins. Daa ein Offiser etterpaa vilde hava dei til
aa ropa Hurra for Kongen, tagde flestalle av dei.
_
Høgskulestyrar Svegaard i Sorø hev fraa Styringi fenget Paabod um
aa halda upp med aa arbeida for Skjotarsaki. Gjer han inkje det, skal
Skulen hans missa Statstilskotet.
_
Styringi hev teket Statstilskotet fraa Boulstrup Høgskule, fordi
Styraren arbeidde for Skjotarsaki.
_
Det er lagt Søksmaal mot ein Lækajr i Veile; han hadde brukt nokre
harde Ord um Kongen, og so var det daa ei elder onnor Høgresjæl,
som var so snild aa melda honom.
England
og
Rusland.
Det er mest trulegt, no, at det inkje vert noko av med Krigen millom
England og Rusland. Gladstone hev skrivet til Formannen i den
engelske Fredsforeiningi og sagt, at det er Von um, at England og
Rusland kann verta samde paa minneleg Maate. Bladi tek og til aa bera
seg paa ein meir sømeleg Maate baade i London og Petersburg.
Bjørnstjerne
Bjørnson
held paa aa skriva paa eit Lystspel, vert det sagt.
Fraa
Jonas Lie
skal
det vera ventande nokre Smaaforteljingar.
Erik
Verenskiold
bur i Paris no; han held paa aa maala eit Bilæte av Bjørnstjerne
Bjørnson.
Lauseld
hev det voret i Laksevaag ved Bergen. Elden tok til hjaa ein Kaupmann
Lien.
Dei
trur, at han inkje skal vera heilt utan Skuld i at Varmen kom upp,
difor er han no sett fast.
Publisert