Storflokkanne no, dei,


som daa hev det verst ved dette Vanhøve i Maalvegen; det er ikkje aa venta, at dei vil tola dette paa Lengdi, denne Uskikken som sit att fraa gamle Tider, daa det var so lang Tid Folk ikkje raad de seg sjølve, det var berre dei som kallad seg for dannede elder høiere Samfundsklasser som skulde vera Ordførarar og Formyndarar aa kalle. Og ein skulde daa væl tru, at naar det er noko Mein ved Maale so kunne ein beinke og bøte paa det like so væl som paa andre Ting. Det er ikkje det, at dette her var so vanskeleg ei Sak; det er berre det, at dei, som Fyregangsmenn skulde vera, var so likesæle og hadde so liten Godvilje; det er dette som hev gjort, at me ikkje alt er komne lenger, og at det endaa er att so mykje Ordemne, som ingen hev ansa elder granska noko etter. Um no Verke ikkje hev vilja gjort seg sjølv, skal ingen tru, at det er umogelegt for det.

Nei skal det koma noko ut av Samarbeide millom dei tvo Maalstræv, so er det ikkje me, men dei dansk-norske, som tiltrænger en utvidelse af sin synskreds til alle klasser af vort samfund, dei maa anse etter det heile norske Folket og ikke berre vyrde dei, som er boklærde. Dei maa sleppe seg meir ned paa eit meir sant demokratisk Grunnlag.

Det er sjeldan ein ser rett god, heimhøveleg Stil paa Dansk-Norsk. Og der han er god, er han umsett fraa Norsk. Eg kann ikkje skyna, kvifor dei vil plaaga seg med slik ei Tvangstrøye lenger. Lat dei løyse upp for Straumen og taka Maale som det er. 
Lat dei for det fyrste berre sleppe upp for Tviljoanne og dei tri Kjøn og sprette Perioden, daa vert det straks ei Letting, Skriftmaale vert sprengt, og dei tvo Maalstræv vil gro i hop av seg sjølve. Daa fyrst kunne det verte Aalvor med det aa møtast, men som det no er, er det me som hev Baten av Knudsens Stræv, men han hev vist ikkje for stor Hjelp av oss.


I. M.