[Tidender.] Odelstinget.


Lov um Høgsterettsprøva . Justitsnemndi hadde innstelt paa Samtykking av Regjeringsframlegget um, at Prøva for dei, som melder seg til Assessorpostar, skal falla burt. _So hev Skikken voret, at ein maatte segja Dom i fem Saker, fyrr ein kunde faa Godkjenning som fullgild Søkjar til slike Postar.

Blackstadheldt paa denne Prøva, det var godt aa hava ei Vissa for, at berre fullhøvelege Menn kom inn i dei høgste Domarstillingar, meinte han. Skulde denne her Prøva takast burt, so maatte dei ogso taka henne burt for Sekretærar og Advokatar, meinte han.

Fosse meinte um, at sjølve Høgsterett ikkje hadde anna aa verja den gamle Skikken med, enn at det ikkje var noko meinslegt ved det. Men det leide ved den gamle Skikken var det, at Høgsterett aa kalla sjølv kom til aa velja alle sine Menn.

Statsraad Sørensen trudde, at denne Prøva heldt dugelege menn ifraa aa melda seg. For so til-aars-komne Menn er lite hugad paa Eksamensprøvur.

Stangog Ihlenog Buggetalad imot Innstellingi.

Statsministar Sverdrup hevdad, at det gamle Ordet um, at ingen Korporation reformerer sig selv var sant. Det var ikkje til Gagn for Samfundet, at Domstolarne sjølv fekk for mykje aa segja ved Instellingi av nye Medlemer, det gjorde, at gamal Rettssyn og einsidelege Meiningar fekk gro seg for fast der. Folk mintest væl, kva ymse Domar Høgsterettskararne hadde fenget no under Riksretten. Det var ikkje godt, naar Høgsterett stod so reint utanum vanleg Tankevis i Landet. Han vilde elles vedkjenna seg, at dette Framlegget var eit Barn av hans Aand, men det var ogso eit barn av den Aand, som burde raada i heile Samfundet. Det var den Aand, som kunde føra med seg gode Framstig, den var det, som størde Samfundet fram mot Endemaalet for Utviklingi, eit fritt sjølvstyrt Samfund. Jau han vilde vedkjennast denne Aand, for den vilde han kjempa og handla og tala.

Framlegget vart so vedteket, Høgre var imot.

So var det ein Lov um spedalske, at Staten skal halda betre Uppsyn med dei, so at ikkje Smitten vert førd ut for mykje. Soleis gjorde dei eit Vedtak um, at ingen maa nytta gangklædi elder vera i Husvære, som den sjuke hev brukat, utan at dei vert reinskat av Helseraadet.

Eit Framelgg um Varslar og Forkynningar vart sendt aat Regjeringi.

Straff paa Vatn og Braud. N. Sørensen hadde gjort Framelgg um, at det skulde sluttast med denne Straffemaaten. Justisnemndi hadde innstelt paa, at Saki skulde sendast aat Regjeringi med Bøn um, at ho skulde arbeida ut Lovframlegg um Saki til næste Storting.

Blackstadvilde gjerne senda Saki til Regjeringi. Men han likad ikkje noko større Attpaaslengen um at det skulde gjerast Framlegg til næste Tinget alt. Saki var vist for lite fyrebudd til dess.

Statsraad Sørensen heldt med Komiteen i det, at heile Kriminalloven trengde til Umvøling, soframt Juryen skulde innførast, for han er uhøveleg til Spursmaalsbok for Jurymenn, soleis som han no er lagad. Men so no um Straffen paa Vatn og Braud kunne ein ikkje segja, at det var ein Tortur endeleg; det var det berre, naar det skulde vara noko lenge. _ Det var ikkje heiltupp rett, meinte han, naar Forslagsstillaren hadde sagt at det var Naudi, som var Skuld i Stormengdi av Forbroti. Drykken var det væl, som hadde største Skuldi. Og no gjekk det ikkje væl an aa byta Sveltestraffen med Straff paa vanleg Fangekost, ein maatte taka Tvangsarbeid i Staden. Men dette vart dyrare. For det vart ikkje so lettvinnt aa faa burt Sveltestraffen her som i Sverik, for der var den berre i Staden for Bøter, men hjaa oss var den ein Hovudstraff. Ellest var no denne Sveltestraffen billeg for Staten, men paa Lengdi vilde andre Maatar væl løna seg lel, med di at Forbroti kom til aa verta færre daa. Og det var noko, som ein lyt finna seg i alltid, naar det gjeldst nye Umbøter, at dei vert noko dyrare enn det gamle i Fyrstningi.

Skulde ein slutta med Ris-straffen, so vart det ogso noko dyrare det, som ein fekk i Staden, for daa maatte ein faa fleire Arbeidshus i stand, men so fekk Samfundet ogso Vinningar av det, fordi dei daa kunne taka seg av og læra upp Fatikborn, som elles kjem paa Fantestigen. Ein kunde daa gjeva dei eit betre sedelegt Grunnlag og dermed hindra, at dei fekk Forbrjotarhugen. 
Dessutan vilde ogso fatikbyrderne minka. _ Det var alt no so, at den som sat i Fengsel, kunne faa noko Arbeide aa gjera, soframt han vilde, men det var ikkje noko Plikt for honom til aa arbeida, men det maatte til; um det vart noko dyrare, det fekk ikkje hjelpa. Det var sagt, at Forbroti hadde minkat paa det siste. Han skulde gjeva nokre Upplysningar um dette:

I 1878 var det 2153 Lovbrot, som hadde vortet straffat; i 1879: 2056, i 1880: 2035, i 1881: 2168 og i 1882: 2251. Og i 1878 var det sett inn i Arrest 1596 menneskje, men i 1882 hadde Talet stiget til 1774. Men talet paa Bøter hadde paa dei same 5 Aari minkat fraa 7000 til 6228.

Statsministar Sverdrup hevdad ogso, at i slike Ting maatte ein ikkje fyrst og fremst sjaa etter Kostnaden, og han var glad for det, at Komiteen ogso her hadde voret samstelt. Han trudde, at paa Lengdi skulde det nok syna seg, at den best mogelege Straffelov ogso skulde verta den, som var mest lønsam for Samfundet.

Endeleg vart Innstellingi vedteki samrøystes.