Tidender.

Kristiania, den 17de April.

Stortinget hadde Møte um Torsdagen og hadde fyrst for seg Spurnaden hans Berner um Fødselsstiftelsen, som Statsraad Sørensen gav Greide paa.

So var det ei Bøn til Regjeringi um, at dei skulde sjaa til um dei ikkje kunde berga seg med færre Embættsmenn i Tollverket, som vart vedteki.

Innstellingi um Kongsberg Sylvverk (Inntekten av Verket Kr. 900,000, Utgifter Kr. 549,800) gjekk igjenom utan noko Ordskifte.
 
 
Eksisen  i Sumar. Stortinget hev fenget ny Innstilling fraa Regjeringi um Eksisen i Sumar. I Staden for Bataljonssamlingi vil dei hava atter Unggutarne ved Fotfolket og Hestfolket i 12 Dagar og ved Kanonfolket i 14 Dagar, for at det kann gjevast Offiserarne noko meir Øving. Unggutarne fraa heile Brigaden skal daa koma i hop. Daa vert Innsparingarne ved Eksisen nedsette til Kr. 652,000.


England og India. For eit Bil sidan vart det med stor Fysna sagt i England, at dei indiske Lydkongarne vilde vera med Engelskmennerne mot Russen, og at dei kunna hjelpa med ein Krigsher paa 300,000 Mann elder væl so det. No hev ein av Sendemennerne aat den indiske Visekongen reist um i Landet og snakt med Kongarne og set paa Herarne deira. Han hev no skrivet eit Brev til Timesog fortalt um, korleids Stellingi er. Han segjer, at det er tvillaust, at Lydkongarne held med England og gjerne vil gjera den Hjelp, dei kann. Men Herarne deira er av eit sovoret Slag, at dei liti Hjelp kann gjera. Det er væl sant, at dei er store; men dei er so daarlegt væpna, at dei duger til ingenting. Kanonarne er gamle og skrale og fire Femtedelar av Vaapni er Leivingar fraa Slagmarkerne i Middelalderen. Soldatarne kann inkje eksersera og Vaapni er Spjot og gamle Munnladningsbyrsur. Brevskrivaren til Times meinar, at alle Lydkongarne i India tilsaman inkje vilde kunna skikka meir enn i det høgste 30,000 væpnade Menn og sjølv denne Heren vilde vanta dugande Generalar. Han gjev det Raadet, at England skal syrgja for, at dei indiske Krigsfolki skal upplærast til Krig av engelske Offiserar; det sama hev voret Tanken aat den indiske Visekongen; men han hev inkje rokket det endaa.


Kanada. Uppreistflokken hev Vinningi endaa. Regjeringi hev sent i Veg ein Her, men han hev mykjet Ulende aa gaa gjenom fyrr han naar fram. Fleire Indianarflokkar hev gjort Samlag med Uppreistflokken.
 
 
Tidsskriftet Nora kjem no ut som Blad. 
Det kann tingast paa alle Posthus Landet rundt og i Kristiania hjaa Bokhandlaranne Huseby og Olsen.


Nordmann som amerikansk Utsending . Professor R. B. Anderson er utnemnd til amerikansk Ministar og Generalkonsul i Kjøbenhavn.

Professor Anderson er mest kjend for aa hava umsett norske Bøker paa amerikansk. Det er soleis han, som hev umset Bøkerne hans Bjørnson og Janson. Han er ein varm Ven av det norske Vinstre.