Brevsending.

 
Um Stykjet Or ei Kallsbok .

Fraa Kyrkjesongar H. A. Berg i Gord hev me fenget eit Upspett, um dei Sneideordi til honom, som stod i Tillegget av Forfattaren av Or ei Kallsbok. Han ankar paa, at unemnd Mann leikar innpaa med Skuldingar mot seg for noko som ikkje kjem denne Kallsbokgreida ved. Er det noko, han vil, meiner Berg, so fær han koma med fullt Namn og fortelja kva han siktar til, og daa skal han greida for seg.

Baade me hev liten Hug til slike Ting og vaare Lesarar hev liten Moro av aa høyra paa personlege Stridar.

Desse Sneideordi til Berg skulde ikkje hava stadet i Bladet, dei kom ikkje Saki ved.

Elles lyser me slike halvklaare Skuldingar fraa unemnd Mann for daude aa magtlause aa vera, so
at dei ikkje skal vera vedkomande til nokon Mannamink.

Bladstyret.