[Tidender.] Ordskiftet um Jarnvegstellet


var langt og det var forvitnelegt. Det var ein stor Siger for Regjeringi. Baade fekk ho samla Vinstre innaat seg, og det som meir var, Høgre jamvæl maatte gjeva seg reint og fylgja Regjeringi. Ihlen som skulde vera Maalsmannen deira gav seg til aa antrast og vreistast med henne, men han laut sjølv standa til, at Statsraad Haugland fekk hugvenda honom _ han laut taka Framlegget sitt attende, Høgre maatte avheidra sine eigne Framlegg og sanna, at Regjeringi hadde faret viseleg. Skal Høgre fara ei slik Skadeferd oftare, spaar me, at dei snart ikkje vert det Slag sætande. Det er den Gjerdi, som sit so fast i dei endaa, at motsegja Regjeringi det skal dei, utan at dei tenkjer paa, anten det gjeng vist elder gali. Liestøl lagde det ut grepalegt um korleis dei hadde det i denne Saki. Han tykte det var underlegt, at Ihlen hadde grunnat Motstandet sitt mot Regjeringsframlegget paa det, at det var slik ei Pengenaud i Landet. Og det var den same Karen, som nyst i Fyrevegen hadde ikkje vist av nokon Naud i Landet, daa det var Tale um aa spara paa Eksisen. Det saag difor ut til, at denne Røda um Pengenaud no ikkje var meitt so aalvorleg, det var nokk Politikk i Saki. For Ihlen og slike Karar var so laga, at dei maatte setja seg imot den nye Regjeringi kor som var. Men so gjekk Ihlen ifraa, at det skulde vera Politikk med. Ja skulde ein tru det, so vart Saki verre og ikkje betre for honom. Tingmennerne fraa Landet hadde voret med og gjevi Pengar til Austlandet og Kristiania, og hadde dermed tenkt, at daa kom væl Turen snart til dei andre Landslutar aa faa noko ogso. Men no, daa Kristianiamennerne hev fengi sitt er dei ikkje huga til aa gjeva andre noko. Og det var vist ikkje nokon høveleg Politikk. Han skulde ikkje faa Folk med seg paa slikt. _ Haugland heldt ogso eit greidt Fyredrag og synte, at Tiderne var ikkje so reint ille for Statskassa, som Ihlen hadde skrøyvt det upp. For sidan 1870 hadde mest til kvart Aar Inntekterne voret eit Par Millionar større enn Utgifterne, men likevæl var det sjølvsagt, at ein laut vera varsam og ikkje spenna iveg for hardt.

Alle Statsraadarne, som talad, lagde fram slik Sakkunnskap og Skyn, at det var godt aa høyra det. Og um heile dette Ordskfitet kann ingen segja anna, enn at den nye Riksskikken viste Nytten sin fullt ut.