[Tidender.] Danmark.

 
Vi vende vore Øine mod Tronen, sagde Skulestyrar Gjertsen i fjor ved ein Festmiddag her i Byen, og det sama segjer det danske Høgre iaar. Paa Kongens Fødselsdag var det Matlag og Skaaltalur og Vin og Kongedyrking alle Stader, der ein Høgreklikk sat saman. Vinstre heldt seg roleg.

_ Etter Statskupet hev Soldatarne fenget skarpe Patronar og Vakterne er gjort sterkare. Den Kvelden Statskupet vart gjort, laag eit Krigsskip ferdigt paa Hamni; det skulde berga Kongen (og venteleg Estrup med), naar den Revolusjonen, som dei trudde skulde verta Folkets Svar paa Statskupet, braut ut.

_ Pastor Henning Jensen , som nyleg vart avsett, hev fenget mykje Skrubb i danske Høgreblad, fordi han vilde skriva i eit slikt Fritenkjarblad som Politiken. Til det svarar Jensen paalag som so: Eg skal ærleg segja Dagbladet og Frue Kyrkja, kvifor eg skriv i eit Blad som Politiken: fordi Politiken og eg i det religiøse stend paa kvar si Sida, og fordi me baade gjeng ved kvar me stend. Ingen misstenkjer Politiken for aa vera eit kristelegt Blad og ingen misstenkjer meg for aa vera Fritenkjar. _Eg hev funnet det, at i Bøkerne aat mange Fritenkjarar i vaare Dagar er det mykje meir av den gamle kristelege, soseale Tanke enn i vaare kristelege Blad, _ difor gjekk eg til Fritenkjaranne med mine gamaldagse Meiningar um Jesus og Apostlarne, og eg er takksam for, at eg mitt i Fritenkjarflokken fekk Lov til aa segja det, som eg aldri vilde fenget sagt bland vaare
kristelege Høgrefolk.

_ Med Hardstyre tenkte Selmer at han skulde greida seg ut av uføret; det sama tenkjer Estrup no. Han hev soleis lagt Sak mot Folketingmann V. Bjørnebæk, fordi Bjørnebæk i eit Blad skreiv som sant var, at Estrup hadde brukt falske Nykklur til aa dirka upp Statskassa med.

_ Skulelærar Vittrup i Silkeborg hev av Styringi fenget Paalegg um aa halda upp med aa arbeida for Skjotarsaki, dersom han inkje vil verta jagd fraa Posten sin.

_ Redaktøren av Silkeborg Avis vart innkalla til Forhøyr, fordi han skreiv mindre varlegt um Kongen.

_ Soknefut og Gardeigar I. P. Monsgaard hev lagt ned Posten sin som Soknefut i Aaby Sokn, fordi han inkje vil krevja inn Skattarne no under Lovløysa.