Umsetjing av 1 Kong. Kap. 17-19.

 
(Slutt f. f. No).
 
(Del 3 av 3. Fyrste delen.

Kap. 19.

Og Akab sagde Jesabel alt det Elia hadde gjort og um alle deim han hadde slegjet ned med Sverdet. _ Og daa gjorde Jesabel av ei Sending til Elia og sagde: So gjere Gudarne meg og so leggje dei til! um eg inkje i Morgon detta Leite skal gjera Saali di som Saali aat ein av deim. Og han saag det og reis og for burt fyre Livet sitt og kom inn i Berseba som ligg til Juda og let Drengjen sin vera etter der. Og sjølv for han ei Dagsleid fram i Øydemarki og gjekk inn og sette seg under ei Gyvel-buska og ynskte seg Dauden og sagde: Det er nog, _ no Herre tak Saali mi, di at eg er inkje god framfyre Fedrom mine. Og han lagde seg ned og somnade under ei Gyvel-Buska og sjaa der ein Engel, som tok paa honom og sagde til honom: Ris! et! _ og daa saag han aat, og sjaa! der att-med Hovudet han var ei Kaka, steikt paa heite Steinar, og ei Skaal med Vatn. Og so aat han og drakk og vende atte og lagde seg. Og Herrens Engel kom atte andre Gongjen og tok paa honom og sagde: Ris! et! di at Vegjen er deg for lang! Og so reis han og aat og drakk, og so gjekk han i Krafti av denne Maten fyrti Dagar og fyrti Næter, allt til Guds-fjellet Horeb. Og so gjekk han inn der i Helleren og var der Notti, og sjaa, Herrens Ord kom til honom og sagde til honom: kvat gjerer du her Elia? Og han svarade: Aabrudig hever eg voret fyre Herren Zebaoths Gud, di at Israels-synerne hava løyst av seg din Pagt, Altari dine hava dei rivet og Profetarne dine hava dei slegjet med Sverdet, og eg einaste er leivd, og dei leita etter Livet mitt til aa taka det. Og han sagde: Gakk ut og statt paa Fjellet framfyre Herrens Andlit; og sjaa, Herren gjekk framum, og det kom ein Storm, stor og sterk, som flengde sund Fjell og knasande Klettar framfyre Herren; _ Herren var inkje i Stormen; og etter Stormen ein land-Bivr; Herren var inkje i Land-Bivren; _ og etter Land-Bivren Eld; Herren var inkje i Elden; _ og etter Elden Laat av ei linn Kul. Og det bar so til: daa Elia høyrde det, daa hulde han sitt Andlit med Kaapa si, og gjekk burt og stod i Hellermynnet; og sjaa det kom ei Røyst til honom og sagde: Kvat gjerer du her Elia? Og han sagde: Altari dine hava dei nedbrotet og dine Profetar hava dei slegjet med Sverdet, og eg einaste er leivd, og dei leita etter Livet mitt til aa taka det! Og Herren sagde til honom: Gakk, vend atter Vegen din til Damaskus-øyda, og du skal ganga inn i Staden og smyrja Hasael til Konung yver Syra. Og Jehu, Son til Nemsi skal du smyrja til Profet i Staden din. Og so mun bera til: Den som slepp undan Hasaels Sverd, mun Jehu drepa, og den som slepp undan Jehus Sverd mun Elisa drepa. Og eg mun leiva i Israel sjau tusund: alle dei Knei, som inkje hava nigjet fyre Baal og kvar Munnen, som inkje heve kysst honom. Og han for dedan og fann Elisa, Saphats Son; han gjekk og pløgde og det gjekk tolv Par Uksar fyre honom og sjølv var han med det tolvte; og Elia gjekk yver til honom og kastade Kaapa si yver honom. Og han gjekk fraa Uksarne og sprang etter Elia og sagde: Aa, fær eg kyssa Fader min og Moder mi og so fylgja deg; og han sagde til honom: Gakk, vend atter! men _ kvat hever eg inkje gjort fyre deg! Og han vende atter fraa honom og tok Yksna-paret og slagtade og kokade Kjøtet deira med Yksna-reiden og gav Folket, og dei aato! og so reis han og gjekk etter Elia og tenade honom.