Tidender.

 
Kristiania, den 14de April.

England  og  Russland. Det stend i sama Skora, og det er inkje godt aa segja, korleids det gjeng.

Visekongen i India hev havt Stemnemøte med Emiren i Avganistan; men Emiren var inkje so god aa koma tilrettes med, som England hadde trutt. Han var inkje hugad paa, at engelske Herfolk skulde koma inn i Avganistan, iminsto vilde han hava mange Pengar um so skulde henda. Ellest lovde han aa hjelpa England; men det er væl inkje mange, som trur stort paa Lovnaden hans.


Frankrike og Kina. Det Tap, som Franskmennerne hadde i Kina og som slog Beini undan Ministeriet Ferry var inkje so stort endaa, iminsto inkje større, enn at det kom i stand Semja millom dei tvo Landi straks etterpaa, og Franskmennerne fekk det, som dei vilde. Kinesaranne skal røma heile Tonkin, men sleppa aa bitala Krigsumkostningar. Franskmennerne skal taka Krigsskipi sine fraa dei kinesiske Kystar, og det skal koma i stand ein Freds- og Handelstraktat millom Frankrike og Kina. det, som stend att er aa faa Semja kunngjord av Keisaren i Kina. Hadde Tingi i Frankrike vist, korleids Sakerne stod, so hadde inkje Ferry fenget den Medferd, som han fekk; men Ferry trudde det vilde skada Saki, um Forhandlingarne vart kunngjorde, difor gjekk han helder av.

Semja er soleis komi i stand, men det, som det no kjem an paa er, um Kina er meir ordhaldet, enn det hev voret fyrr, elder um det hev gjenget inn paa Semja berre for aa faa umraada seg. Tidi vil snart visa det.
 
 
Krigen i Sudan . Engelskmennerne arbeider av alel Krefter paa Jarnvegen millom Suakim og Berber. Sudanesaranne gjerer dei Mein no og daa, men det hev inkje komet til nokot Storslag no i det siste. Ellest skal dei arabiske Krigaranne bry seg litet baade um Mahdien og Osman Digma no, og Heren deira svinn inn med kvar Dag som gjeng.
 
 
I Millomamerika er det fleire smaa Republikkar. Presidenten i Guatemala, Barrios, tenkte aa faa alle desse til aa slaa seg saman liksom dei sambundne Statarne i Nordamerika. Men dei andre Statarne vilde inkje gaa med paa dette. Barrios vilde daa lata Sverdet raada, og han byrjad Krig med San Salvador for det fyrste. Han vart drepen i eit av dei fyrste Slagi, og Tinget i Guatemala skundad seg no og sagde, at det inkje hadde nokot med Planarne hans Barrios aa gjera. Men det ser inkje ut til, at Presidenten i San Salvador vil bry seg nokot um denne Fraasegni. Han held paa aa bu seg til ei Herferd til Guatemala, so det kann henda, at han kjem til aa taka upp den 
Tanken, som Barrios inkje megtad aa føra fram til Siger.
 
 
I Kanada , engelsk Nordamerika, er det Uppreist. Vest ved Manitoba bur eit litet Folkeferd, Mestitzaranne; dei er Etterkomarar av Evropearar (mest Franskmenn) og Indianarar. Dei hev inkje likt aa koma under England, men vilde vera eit litet Rike for seg sjølv. For nokre Aar sidan gjorde dei Uppreist, men vart slegne av Regjeringsheren; Føraren deira, Louis Riel vart naada. Men no hev dei gjort Uppreist att under den gamle Føraren sin og dei hev vunnet paa Regjeringsheren. Mestitzaranne hev ein Her paa yver 1000 vælvæpnade Menn og irsk-amerikanske Dynamittmenn hev lovt aa hjelpa dei; fleire Indianarflokkar kjem og truleg til aa slaa Lag med dei, so det kann verta floket nok for Styringi. Styringi i Kanada hev telegrafert til England etter Riflur og Patronar.
 
 
Kolerasjuken hev teket seg uppatt i Spania; dei trur han kjem til aa verta mykje verre iaar enn ifjor.
 
 
Prins  Carl er inkje frisk att enno, men dei hev god Von.

 
Stortingsmann Løberg hev fenget Heimlov. Høgskulelærar Johannes Helleland skal møta i Tinget i Staden
hans.


Kaptein Albert Jakobsen hev flutt til Røken. han kann soleis ikkje veljast meir til Tingmann fraa Østerdalen.


Chr. Bruun hev voret her i Byen eit Tak og haldet nokre Fyredrag um Kristi menneskjelege Natur. Me fær vona, at han gjev dei ut i Trykken snart.


Det er Forteljingar og Sogur av Arne Garborg, som skal setjast um paa Svensk, inkje Bondestudentar.


Sakførar W. S. Dahl hev vortet Landsdomar i nordre Gudbrandsdalen.


Gode Gutar . Ein Smed her i Byen leigde seg ein Smedgut. Men Guten tok ut paa Rangel og var burte i tvo Dagar. Daa kom han att og hadde ein med seg, som sagde, at han var Sluttar ved Fengslet. Smedguten klagad over, at han skulde bitala ei gamall Mulkt, men at han inkje hadde Pengar, og no vilde daa Sluttaren taka honom. Han bad daa Husbonden vera so inderleg snild aa hjelpa honom. Smeden tykte Synd i Guten, men han hadde inkje Pengar ved Handi, og Sluttaren greip daa fast i Guten og vilde hava honom med seg. Daa Smeden saag det skundad han seg og laante tvo Krunur og let Sluttaren faa. Smedguten vilde no hava Kvittering; men daa dei inkje hadde Pen og Blekk ved Handi, vart baade Sluttaren og Guten samde um aa gaa ein Stad for aa faa Skrivegreidur. Gjekk gjorde dei, og burte vart dei. Daa tok Smeden til aa fata Misstanke, og no vart det upplyst, at Sluttaren var ein Ven av Smedguten og at baae Karanne hadde vortet samde um aa narra Pengar fraa Smeden. Dei hadde og gjort fleire Skarvestykkje; men no hev Politiet fenget Tak i Karanne, og daa hev dei truleg det verste att.


Likbrenning. I Sverik er det eit Samlag, som vil at Liki skal brennast og inkje gravast ned. Det skal no byggjast Likbrenningsomnar baade i Stockholm og Gøteborg; Samlaget hev 200 medlemer.


Ein Flokk indiske Prestar skal koma til Evropa for aa studera Statsskipnadarne her. Dei skal fyrst koma til Italia.


Utvandringi. Eimbaaten City of Richmond, Inman-Lina, gjekk fraa Liverpool 31te Marts, kom til Newyork 13de April og hadde med seg Amerikafararar, som reiste herfraa 27de Marts. Alt væl.