Litt um Jordbruk.

 
(Av G. Å ).

Vinje fortel ein Stad, at han eingong med nokre av dei duglegaste Menn fraa tri Prestegjeld sat paa ein Gard upp ved Mjøsen og reiknad ut, at det store Land kringum Mjøsen vilde føda fem til seks Gonger so mange Folk til, naar det vart dyrkad og stelt godt.

Desse ordi kan vist kvar Lesar segja um si Bygd, naar han istadenfyr fem til seks segjer ein halv til ein elder ein til tvo etter som Høve er. Det er mange Aar no, sidan Vinje sagde dette, og i vaare Dagar skulde ein venta aa sjaa store Merkje etter denne Tidi. Reiser me kringum i Landet og ser etter, so maa me likevæl medgjeva, at det gjort mykje mindre end det kunde sonær som nokre faa Undantak; og svært ofte vil me sjaa, at Arbeidet anten er so lite, at me ikkje kann merkja det, elder um me ser det, maa me draga paa Smilen, aat slikt Barnaverk. Kvat er Orsaki til dette? Er me so magt- og mergstolne, at me ikkje orkar meir? Det trur eg ikkje; for me hev paa andre Leider synt, at me kann gjera nokot, naar me berre regtig vil. Den største Orsaki til, at me ligg tilbake paa denne Leidi, trur eg, er den, at me ikkje endaa hev greidt ut fyr oss sjølve, kvat me vil naa med Arbeidet vaart. Me hev ikkje sett noko visst Maal aa stræva etter; me arbeider meir som det fell seg utan aa bry oss hart um, kor det ber av, og daa gaar det ofte galet. Dette skræmer igjen sjølv dei tenksame Menn, som hellest hadde vaaga seg til aa ganga i Fyrevegen. Me veg ikkje dei Tankarne, me fær annan Stad ifraa og ser etter um dei passar for oss. Ei Stund slukad me slike Tankar heile og haldne, og naar me daa saag, at det førde den galne Vegen, som det maatte gjera, so skuvad me alt ifraa oss og vilde ikkje vita av det meir. Denne Galskapen for yver dei beste Bygderne i Landet for ein tjugo Aar sidan og frametter, og sume av dei store Austlandsbygderne er til og kjem seg utor Bakevje atter, medan dei fleste Vestlands- og Fjellbygder endaa kavar i den gamle Mistrui til alt nytt.

Skal me venta aa ganga frametter her som paa andre Leider, so maa me fyrst hava eit Maal aa stræva etter, og dette Maal er fyr Gardamannen aa driva Garden sin so, at han gjev mest mogeleg av seg i rein Forteneste . Fyrst naar ein hev Liveveg, som gjev eit godt Utkome, kann ein tenkja paa aa liva lukkeleg. Daa fyrste kann ein hava Raad til aa ofra noko fyr ein Tanke, um ein hev ein slik aa arbeida fyre; og hev ein ikkje det, so kann sjølve Arbeidet gjeva fleire enn nok, naar ein fyrst gjer seg Umak med aa leita etter deim. Tanken i Arbeidet er og noko, som høyrer med til det Maalet, me maa setja oss fyre. De vil vel segja, at de har sett dykker fyre det ovan nemnde Maalet. Men hev de dette Maalet klaart fyre Tanken dykkar daa? vil eg spyrja. Ser de det klaart, naar de gjeng halve Sumaren burt i Styggemarki og ikkje kann samla meir Fodr saman, enn det dubbelte godt kunde haustast paa Heimebøen? ser de det, naar de let Uppkomur og Grunnseg laga ut Møki dykkar, medan de kanskje kauper Kunsttad elder Kraftfodr i dyre Domar? ser de det, naar de strævar hardt med aa faa Tad upp etter Bakkar og Bergknausar, medan gode Myrar, som med det halve Tad vilde gjeva mykje meir Fodr, ligg udyrkade? ser de det, naar de let Graset staa so lenge um Sumaren fyrr de slær det, at ein til tvo Tridjeparter av Krafti er storknad til harde og seige Vedtrevlar, som der ingen Hjelp er i? Eg kunde reikne upp mykje meir slikt, som paa ein elder annen Kant av Landet er aalment aa sjaa; men det nyttar litet berre aa nemna det, og, um Fedraheimen hev Rom, skal eg difyr lata vera, til eg seinare talar meir um kvar einskild av slike Vanar elder Motesynder, som me dregst med.

Noko anna, som paa ein Maate heng saman med det nemnde, fær eg og kanskje peika paa med det same; det er Ordningi av sjølve Arbeidet. Mang ein Mann, som har baade Evne og Vilje til aa naa langt frametter, slit seg upp til inkjes med det, at der ingen Regel er i Arbeidet hans. Ein Mann vil til Dømes leggja seg til eit godt Buslag og tek difyr dei beste av Kyrne sine ut til Al; han set paa Kalvarne av desse Kyrni og føder deim godt. Han kann og vera svært vand um Valet av Kyrne, medan han anten slett ikkje bryr seg um, korleis Uksen, som skal vera Far fyr det unge Alet, ser ut, elder han dømer honom etter andre Reglar enn Kyrne. Kor mange Gardemenner er det vel ikkje hjaa oss, som paa denne Maaten arbeider mot seg sjølve, gjev med den eine Handi og tek atter med hi. Eg er einig med Chr. Bruun i det at me ofte arbeider for litet; men daarleg Orden i Arbeidet, trur eg, er like so stor Orsak til dei smaa Framsteg paa denne Leidi som sjølve Latingi. Det ser ofta ut, som det skulde vera meir um aa gjera aa ganga trøytt til Sengs enn aa hava størst mogeleg Bate av Dagsverket sitt.

Ein A. N. i Fedrah. No. 23 finn det ikkje undarleg, at det er knappt fyr Jordbrukaren; for Prisarne paa det, me har aa selja er so smaa i Likning med Arbeidsprisarne, segjer han. Ja skal me venta til dette vert annerleids, so trur eg me like so godt kann gjeva oss yver med det sama. At det er mindre lønsamt aa avla Korn, er ingen stor Skade fyr Landet i det heile, for det er paa faae Stader i vaart Land, at eit Kornbruk er paa rette Plassen, og naar det løner seg mindre no enn fyrr, so gjeld det um aa taka paa med noko betre so snart som mogeleg. Av slike Ting, som hev god Von fyre seg, skal eg, fyrutan Tillaging av Smør, nemna fyr VestLandet aa skipa ut Kjøt, og daa iser SmaleKjøt, til England, og fyr Austlandet Dyrking av alt Slag Frø til Jordbruk, Skog og Hage -. Av baae Slag faar me selgja i Utlandet mykje meir enn me kann skaffa.