Ein Vinterkveld ved Havkanten.

 
(Fraa Sunnmør).
 
(Del 1 av 2.) 
 
Ein kvass Fjellrygg sprengjer seg som ein Plog skraass utgjenom Havet, men yst ute laagnar han braatt av til ein kvass Odd, som krøkjer seg innyver, so der vert ei liti traang Vik i Logn for Veer og Vind, daa Bergryggen tek av Paalandsdrivet fraa Havet utanfor, og innanfor er berre Holmar og tronge Sund. Fjellet er høgt og stygt med fæle Hamrar og djupe Klufter og Rivnur og alle Stader stupande bratt nedi Sjøen. Berre ut i Viki er ei liti flat Bot, men so Urd og Berg umkring og bratte Fjellnuten uppyver, so ingen skulde tru, at der budde Folk; men den blaagraa Røykstripelen som Vintertidi kleimde seg uppetter Fjellveggen og den vesle grøne Flekken um Vaaren, som smaatt um Senn gulna vekk, leid ut paa Sumaren, synte at der var Folk. Kom ein nærare, kunne ein sjaa ei bleikgraa Stovehytte liksom løynt uppunder ein Berghammar.

Det var Klas Urvik som hadde rudt upp denne Plasseboti, fyrr han tok til aa koma fram i Aari og vilde hava seg ein fast Bustad, og hadde han fyrst Gard og Grunn, so vilde nok Vaarherre syrgja for Resten. Og so giftad han seg og flutte ut.

Men der vart lite aa liva av i Urvik. 
Garden kastad berre av so pass, at fire Sauder hadde Mat um Vinteren; Sumaren gjekk dei ute, og dei fire _fem Geiterne laut taka Maten ute baa Vinter og Sumar; men dei likte seg godt likevæl og kom heim att kvar Kveld, for daa fekk dei Saltesild elder Fiskerusk. Og Klas og Kona, ho Birte, livde godt og væl ein heil Bolk; men so fekk dei so mange Born, og so vart det lite paa kvar, naar Maten skulde delast; og so laut Klas vera paa Sjøen jamt og samt til aa skøyta i med Fisk, daa Grønvarurne inkje rokk, fyr dei smaa var heskjeleg hækne. Ofte fekk han mykje Fisk, og daa reiste han til Kjøpmannen og selde og fekk Mjøl istaden, for der voks inkje Korn i Urvik.

Daa 15 Aar var lidne fraa Giftarmaalet hadde Klas ein Son, som og var 15 Aar, og han var støtt med Far sin paa Sjøen. Han heitte Nils. Forutan denne hadde Klas 6 Born til. Dei tvo eldste Gjenturne var paa Bygdi hjaa Slegtningar, og den yngste var ein liten aarsgamall Gut, som heitte Hans og som alt hadde sagt Babba fleire Gonger.

Kona var bleik og mager og kavad so godt ho kunne med dei 4 yngste, og so pusla ho med Sauderne og Geiterne som hadde Fjos i den eine Kjellarenden og Løda var uppyver i Ende med Stova. Men naar ho var ferdug med Husstellet, tok ho Rokken, sette seg i ein Krok og surra og spann, medan dei minste Ungarne krabba paa Golvet med Kjeppar og Steinar og Fisketenner, og den eldste av dei fire, Lina, ei Gjente paa 8 Aar, kjemde Krular aat Mori.

Denne vesle Huslyden sat ein Vinterkveld som vanlegt i den røykutte Stova i Urvik. Det var nettupp myrkt ute, og dei hadde kveikt i ei Kole, som hekk paa ei Stong fest yver Glaskarmen soleis, at dei kunne svinge henne att og fram som dei vilde. Vesle Hans sat i Vogga og rodde med Syster si, so dei tjukke Kjakarne dissa i Baaregongen. Det gloste i dei store Augo hans, medan Systri song: Ro ro til Fiskjeskjer! kor mange Fiska fæ du der? Ein til Far og ein til Mor, ein til Syster og ein til Bror, og ein til han som Fisken drog, og daa ho sa ein til Far og ein til Mor sette Hans i Babba, Babba, og smaalog.

Birte hadde teket Rokken fram og vilde til aa spinna; men so var det noko paa tiss med Geiterne, for ho høyrde ei brækte, og so laut ho sjaa kva det var.

Daa ho kom inn att gnikad ho Henderne og skok seg i Kaldskjelte. Vaarherre hjelpe Far dokka heimatte i Dag, sukkad ho, og sette seg aat Rokken. Eg kjende det paa meg, at det vart Uveer _ hadde dei berre set det i Tide _ men han kom so daatteleg _ det er Sôd og Dyn uppi Nuten alt. _ Det kom so eingong han var ut paa Skallom aaleine; men daa var han onde Land før det verste kom daa _ Vorherre han sjaa til dei, skal det verte so stygt no. _ Ho sat so og snakkad halvhøgt; ho fekk det inkje til aa spinna. _ 
Lina rodde inkje lenger med Hans no. Ho høyrde paa Mor si og paa Vinden, som alt tok til aa rykkja i Stova. Dei tvo Mælingarne, som hadde slegest um Loket av ein gamal Tobaksdaase samdest, kraup upp paa Benken til Mor si, ei paa kor Sida og vart stille; berre Hans laag i Vogga og gloste like bjart som fyrr, og rødde med seg sjølv um Fiskarne som han saag i sit eiget vesle Tankehav.

Vinden voks paa; Rykkjerne vart hardare og tittare. Birte sat uroleg paa Benken. Ho prøvde aa spinna, men fekk det inkje til, snudde Rokkehjulet rundt nokre Gonger, so stoggad det; snudde det rundt nokre Gonger til; men det stoggad igjen, og Henderne hennar datt ned paa Fanget som valne. Om eit Bil reiste ho seg og gjekk ut, men kom snart inn att, hustrad og skalv, for det var kaldt ute. Ho saag paa Hans; han var so blid og glad og glirte so søtt med dei bjarte Augo sine. Ho lettna og sette seg aat Rokken; men ho fekk det inkje til; Rokken stadnad i eit vekk, og so reiste ho seg og gjekk utatt.