Aarsmelding aat Det Norske Samlaget for 1884.

 
For det 16de Samlagsaaret (1884) hev Samlaget utgjevet:
 
Ervingen. Spelstykke. 3dje Upplaget - 3 ¼ Ark i 2100 Ekspl. = 6825 Trykkark.
A. O. Vinjes Skrifter i Utval. II. 2dre Heftet - 20 ½ _ i 3500 _= 71750 Rundskriv um Maalsaki og Samlaget - 1 _ i 12000 _ = 12000 _
Lauvduskar. V. - 6 _ i 1800 _ = 10800 _

Ferdig til Utgjeving er:
Det Norske Samlaget 1884 (Aarsmelding med Tillegg, Rekneskap m. m.).
Vonleg 4 _ i 1200 _ = 4800 _

34 ¾ Ark elder 106175 Trykkark i Upplag fraa 1200 til 3500 Eksemplar mot 97300 Ark for 1883.

Ettersynsmennerne hev granskat rekneskapen for 1884 og i eit Møte av deim, Rekneskabsføraren og Styret, er rettad dei Vantar, som fannst, so nær som eit Par, som lyt prøvast nærmare.

Rekneskapen viser, at Samlaget i 1884 hev havt Innkomur Kr. 5897.48 umfram det, som stend ute hjaa Bokhandels-kommissionærer, og som vert uppgjort fyrst i Mai. Utgifterne hev voret Kr. 6005.37. Ved Utgangen af 1884 hadde Boktrykkjaren til gode hjaa Samlaget ikring Kr. 2400, men i Januar-Marts 1885 er avbetalt kr. 1200, so det no stend att berre Kr. 1200 umfram Kostnaden ved Trykning og Hefting av Lauvduskar. Aarspengar er i 1884 betalte av 1080 lagsmenn mot 765 det fyrre Aaret. I Samlaget stod den 31te Decbr. 1884 1166, deri ikkje medteket dei, som ikkje hev betalt Aarspengar sidan 1882.

Styret hev _ soleids som det vart ordat um i siste Aarsmøtet _ Sumaren 1884 utsendt eit litet Rundskriv um det norske Maalet og Samlaget. Dette Skrivet, som inneheld Upplysning um det vigtugaste av det, som hev voret gjort i Maalvegen i det siste, og manar Folk til aa slutta seg til Maalreisingsarbeidet, hev verkat ikkje so litet til, at Maalsaki hev vortet teki upp til Dryfting i Lærarmøte, Samtalelag og andre Samfund. Mange hev jamvel og meldt seg inn i Samlaget, etterat dette Rundskrivet gjekk ut.

Paa 1ste og andre Bandet av Vinjes Skrifter, som Samlaget hev trykt i stort Upplag, hev Styret innbodet til Godtkaups-Subskription for 5 _ fem _ Krunur. Subskriptionen galdt til 28de Februar 1885. Paa denne og paa den i fyrre Aarsmeldingi nemnde Subskriptionen hev ikr. 300 skrivet seg som Subskribentar, so desse Bøkerne no er komne ut i paa Lag 1500 Eksemplar.

I Samlagsinnkomurne for 1884 er medteket Statshjelp Kr. 1000 til Umskrift og Utgjeving paa Folkemaalet av nytestamentlege Skrifter. Cand. M. Skard uppheldt seg i Kristiania ei Tid i siste Sumar og gjennemgjekk daa saman med Professor Blix, og etterat denne hadde vortet utnemnd til Statsraad, Prest Belsheim Umskrifti av Evangeliet etter Lukas, som Samlaget hev utgjevet. Seinare hev Cand. Skard heime arbeidt med Umskrift av Apostelsaga, liksom Prest Belsheim hev umskrivet det meste av Evangeliet etter Matthæus. Til Gransking av desse Arbeid vil Cand. Skard og Prest Belsheim vonleg koma saman i Kristiania lenger ut paa Vaaren.

Styret hev ogso i 1884 inngjevet Søknad til Kyrkjedepartementet um Statshjelp til Umskrift og Utgjeving av nytestamentlige Skrifter for Finantsaaret 1885 _86 Kr. 1000, som KyrkjeDepartementet hev uppført paa Statsbudget-Forslaget til Bevilging.

Vedtak, som i siste Sumar vart gjort paa eit Lærarmøte i Nordre Bergenhus Fylke um Norsk som Undervisningsmaal i Skulen. Skulebøker, Professorpost i Norsk ved Universitetet m. m., hev Styret innsendt til KyrkjeDepartementet med Upplysning um, at Vedtak um det same er gjort paa mange andre Stader og. Av dette hev Departementet uppteket i Budgetforslaget til Bevilging Kr. 5000 til Rettleiding for Lærarar i Norsk og Kr. 1000 til Døming av Utkast til Lesebok paa Landsmaalet.

Søknad fraa Cand. theol. E. O. Bruhjell um Statsstipendium til Reiser umkring i Landet for aa spreida Kjennskap til Maalstellingi og vekkja Sans og Samhug for praktiske Upplysningsspursmaal, som stend i Samband med Maalreisings- og Maalreinskningsarbeidet, hev Styret likeins innsendt til KyrkjeDepartementet med Tilslutningsord. Paa Budgetforslaget for 1885 _86 er dertil av Regjeringi uppført Kr. 2500.

Etter at Stortinget i 1884 hadde gjevet Bevilging Kr. 400 til Konkurrencearbeid til ABC elder Barnets fyrste Bok paa Norsk og Kr. 100 til Døming um dei Konkurrenceutkast, som maatte verta innsende, hev Styret ved Lysing i ymse Avisur bedet deim, som vil freista paa aa skriva ABC-Utkast, koma med desse innan 15de Mai 1885.

Lærar Olav Sandes Bibelsoga, som vart umtalad i siste Aarsmeldingi, fann Domsnemndi aa vera god og verd utgjeving, naar ymse naudsynlege Brigde vart gjorde, men daa ei Bibelsoga av mest same Storleiken som denne nyleg er utgjevi i Bergen, meinte baade Domsnemndi og Styret, at det ikkje vilde vera rett aa gjeva denne Boki ut paa Samlagets Kostnad, allvisst ikkje no.

I 1885 vil umfram andre Bøker, som maatte tilbjodast, verta utgjevet eit Hefte paa 15 _20 Ark av Vinjes Skrifter, 3die Bandet, og Fraa 1830 til 1848 _ ikring 15 Ark _ av Forfattaren til dei tvo fyrr utgjevne Stykke av Heimssaga Fraa 1789 til 1815 og Fraa 1815 til 1830.

Den av Samlaget utgjevne Umskrift av Heimskringla, 2dre Boki, Olav den Heilages Soga, som det paa lengje ikkje hev voret Upplag av, er det mykje Spursmaal um, og Samlaget vil vonleg verta nøydt til aa trykkja uppatt Boki, sosnart det fær Raad til det.

Denne Aarsmeldingi vil verta trykt og umsend til Lagsmedlemerne med det snaraste og som Tillegg hertil:
 
 
1. Avtrykk av Budgetforslaget fraa KyrkjeDepartementet: det, som vedkjem Søknaden fraa Styret um Statshjelp til Bibelumskrift og Stipendium for Cand. Bruhjell.


2. Avtrykk av Budgetforslaget for Upplysningsvæsenets Fond: det, som vedkjem Rettleidingskurs for Folkeskulelærarar og Døming um utkast til Lesebok paa Landsmaalet.


3 og 4. Rekneskaps-Utdrag og MedlemsLista. Kristiania i Styret for Det Norske Samlaget den 11te April 1885.

Andr. Hölaas. Halfdan Halvorsen. Ivar Mortenson.
 
 
Utdrag or Reikneskapen for det norske Samlaget for 1884 .
 
Innkomur:

A. I Kassa fraa 1883  - K r. 105.83. 105.83.
B. Aarspengar fraa 1 Medl. for 1881 4.00.
Do. 45 _ 1882 180.43.
Do. 184 _ 1883 739.00. 923.43
Do. 774 _ 1884 Kr. 3099.00.
Do. 75 _ 1885 300.08.
Do. 1 _ 1886 5.00.
Do. 1 _ 1887 5.00. 3409.08.

C. Bokseljing i Aaret. . . . . . . . . . Kr. 564.97
D. Kasserarens Tilgodehavende . . . 2.06.
E. Statstilskotet til Bibelumsetingi . . 1000.00. 1567.03.
I alt Kronur 6005.37.
Kristiania den 1ste januar 1885.
den 10de Marts
Utgifter:


A. Trykning og Papir . . . . . . K r. 3040.00. 3040.00.
B. Til Bibelumsetingi og Trykkning . Kr. 966.00.
C. Postpengar . . . . . . . . . . . . 567.36.
D. Løn til Kasserar, Ekspeditør og Bud 400.00. 1933.36.
E. Bokbinding og Hefting . . . . Kr. 314.75.
F. Til Bokseljing og Millommenn . . 234.21.
G. Bokskriving og Bokretting . . . . . 220.00 768.96.
H. Lysingar . . . . . . . . . . . . . . Kr. 134.53.
I. Ymist (Kontorstell og Annat) . . . 128.52 . 263.05.


I alt Kro nur 6005.37.
 
Hallv. Johanson.