[Tidender.] Fraa Stortinget.


Det hev voret eit langt Ordskifte um Jarnvegsstellet, kor mykje ein skulde lata til for aa sjaa ut nye Linur og granska kva dei vil kosta. Jarnvegsnemndi hadde innstelt paa 1. Til Fyrebuing av nye Jarnvegjer og andre Vegjer og til aa faa i stand ein Plan for Arbeidet med Samferdslegreidurne vaare Kr. 59,000. Derav til Jarnvegstellet Kr. 47,000 og til anna Vegstell Kr. 12,000. 2. Søknaden um Kr. 17,300 til aa granska Kostnaden av ein breidspora Bane fraa Litlehamar til Sell skal ikkje vedtakast.

Blekastad mislikad at dei ikkje vilde gjeva noko serskilt til Gudbrandsdalsbanen. Han trudde at det var snaudt nokon Stad dei trengde so hardt um ein Jarnveg som der. For Gudbrandsdalen held paa og armast reint ut no, og det var no den tungvinte Samferdslegreida som gjorde det, meinte han. Dei hadde mykje aa utføra i Gudbrandsdalen, men no var det so ille der, at ei Tunna Salt og ei Tunna Korn kostad lika mykje.

Ihlen ankad paa, at det vart kravt Kr. 40,000 meir til slike Granskingar iaar enn vanleg. Han vilde berre vera med paa kr. 32,000. Regjeringi hadde reist so mange nye Krav no for Banebygging; men me hadde ikkje Raad til slikt no, daa me maatte ut med 4-5 Mill. Kr. til aa betala Skuldi for dei gamle Banarne, og den Skuldi kom me til aa dragast med heilt til Aar 1916.

Statsraad Arctander heldt tvo lange Fyredrag og hevdad, at ein maatte hava noko Pengar no, so ein kunde faa planleggja Jarnvegsarbeidet vaart i framtidi, so at ikkje alt berre kom an paa eit Slumpetreff. Og no hadde Regjeringi fenget i hop til Samraading dei som var klokaste og vitugaste um denne Saki. Han trudde at no nettupp hadde ein Tid til aa granska væl alle Jarnvegsplanar, so at ein kunde hava alt ferdugt, naar det vart Tid til aa byggja; daa slapp ein, at banen kom so braastupande paa oss, som det hadde hendt fyrr stundom. Og ellest var det ikkje Regjeringi, som hadde reist Kravi no, soleis som Ihlen vilde hava det til, men det var komet Krav fraa Bygderne.

Statsministar Sverdrup meinte at me laut sjaa til aa taka upp att Jarnvegsarbeidet, sosnart det var Raad, for det er so mange Stader endaa, som kann hava Krav um aa faa noko. Og han skulde meina det, at no naar den harde politiske Striden var slutt, daa skulde me nettupp taka til og arbeida.

Det var mange, som talad og hevdad sine serskilde Krav um aa faa Jarnvegjer.

Havig forsvarad Innstellingi og meinte, at fyrst og fremst galdt det aa gjeva Regjeringi Midlar til aa faa Plan i Arbeidet.

I dag var det 3dje Dagen dei tala dum dette Emnet. Endeleg vart Innstellingi vedteket samrøystes. Ihlen tok sitt Framlegg attende.