[Tidender.] Det norske Samlaget

 
hadde Aarsmøtet sitt um Laurdagskvelden. Formannen las upp Aarsmeldingi og Utdrag av Rekneskapen. Sidan vart det haldet Val; det gamle Styre vart uppattvalt. Formann: Statsrevisor A. Hølaas, Styresmenn: Kand. H. A. Halvorsen og Kand. Ivar Mortenson. Suppleantar: Stipend. Dr. E. B. Holst og Amanuensis A. Seippel. Domsnemnd: Prof. Dr. C. R. Unger, Stipendiatarne Ivar Aasen og Hans Ross og Statsraad Dr. E. Blix. Revisorar: Kand. Eliassen og Organist Bjærum.
 
So var det eit Framlegg fraa Andreas Fretheim:
 
1) Den som legg Kr. 40, er livsvarug Medlem.
2) Naar ein hev betalat for 15 Aar, so hev han Rett til aa vera Medlem for Livetidi for Kr. 20, soframt han fær med seg minst ein, som legg sine Kr. 40 med ein Gong.

Dette Framlegget vart vedteket. Fyrr hev Betalingi for den som vilde vera livsvarug medlem, voret Kr. 60.