[Tidender.] Odelstinget
hadde
for seg um
Postsparebanken
igaar.
Lilleholt
hadde den same Meiningi no som i fjor, at det var ikkje so sterkt
Krav paa aa faa noko nytt, soleis som sume leet um. Han trudde no som
daa, at det var ikkje verdt aa laga nye Bankar, men at det kunde
gjerast ei
Samverking
millom Postvæsenet og Sparebankarne, so at ein kunde senda
Sparemerkje inn til Sparebanken postfritt. Han meitne det var
gagnlegt, um denne Maaten aa greida det paa vart betre ettertenkt.
Han tykte det var drjugt, som Komiteinnstellingi vilde hava det, at
Staten skulde leggja til Kr. 30,000, og Utgifterne til Styringi av
dei nye Bankarne kom til aa verta 6
av 100; ved dei vanlege Sparebankarne var Utgifterne berre 1 ½ av
100.
Smitt
hadde voret evsam i fjor, og han hadde tykt, at det var ikkje noko aa
forhasta seg etter, den Tid dei hadde so faae Røynslur ifraa
Sverike. men no hev ein set, at det hev gjenget godt i Sverik i det
siste Aaret. 80,614 Menneskje hadde sett inn i Postsparebanken
tilsaman Kr. 1,001,855, og det var berre teket ut att Kr. 213,313.
Det hadde voret 6
_700
Stader, som dei hadde teket imot Pengar paa, og det vart væl snart
innmot 1000; og av alle 1732 Posthusi var det berre 89, som ikkje
hadde Greidur med Postsparebanken. Desse Pengarne, som soleis hadde
vortet uppsparad, meinte han, ellest hadde vortet øydelagde til
Unyttes. Og han meinte, at dei vanlege Sparebankarne ingen Skade
vilde faa av desse Postsparekassurne, daa desse berre tek
Smaaskillingarne, som Sparebankarne ikkje brydde seg um, og
Postsparebanken vilde ikkje hava meir enn Kr. 1000 av ein Mann,
og sidan fekk daa Sparebanken Pengarne; og sosnart det vart kr. 100,
skulde ein hava Lov til aa flytja Pengarne til ein vanleg Bank, der
ein fekk høgre Rentur. Han trudde at denne nye Skipnaden berre vilde
gjeva ein Kveik til Sparebankarne.
Holmesland
motegjekk Lilleholt.
Statsministar
Sverdrup
heldt eit langt Fyredrag og viste kor mykje det hadde paa seg, at
desse Postsparebankarne stod under Statens Uppsyn. Dei vanlege
Bankarne hadde ein ikkje nokor Uppsyn med Reikneskapen aat. Og skulde
ein binda denne nye Maaten med Sparemerkje attaat dei vanlege
Bankarne, so maatte ein plikta Sparebankarne til aa stella seg under
Statens Uppsyn, og det vilde koma mange Ulempur av det. Det var
Meiningi alt fraa det fyrste aa faa 6
_700
slike Postsparebankar elder dubbelt so mykje som det finst av vanlege
Sparebankar, og dei vilde snart stiga til 1000. Og ein kunde snaudt
fullskyna Nytten av, at det vart so lettvinnt aa faa so mykje
Smaaskillingar uppsparat.
Han
meinte, at denne her Saki hadde store Ting paa seg; det vilde
leggjast ei Kraft til
Nasjonens
Arbeid, som ingen til Fullnads kunde tenkja seg. Det hadde voret
ankad paa, at Utgifterne til Styringi av desse Bankarne vart so
store; ja so i Fyrstningi. Men dei vilde minke med kvart Aar,
ettersom Innskotet steig, til dess at det Utlegget, som Staten hadde
gjevet, vart fullt ut betalt; og Inntekterne kom til aa yverstiga
Utgifterne.
Bernerheldt
paa dei nye Bankarne, dei vilde ikkje skada Sparebankarne det Slag.
Sparebankarne var nærmast økonomiske Indretninger, desse
andre moralske aa kalla. Han vilde ynskja, at det ogso kunde
verta Skulepostsparekassur, og at Posthusi ogso kunde hava med
Livsforsikringar aa gjera. Det var væl um Poststyret vilde gjera
Smaaskrifter og senda utyver Bygderne um dette, so Saki kunde verta
meir kjend for Aalmugen.
Rejersonheldt
paa den Maaten, som Lilleholdt hadde nemnt.
Cappelenlikaeins.
W.
S. Dahl
meinte, at dei tvo Slag Bankarne berre gav forskjellige Former for
Sparetanken.
Rinde
trudde ikkje, at desse nye Bankarne vilde faa noko stor Tilslutning.
Han sette Framlegg um, at dei skulde setja ut heile Saki til sidan og
ikkje tala meir um det paa dette Tinget.
Ihlenheldt
med Sverdrup. No naar han saag den gode Framgangen i Sverik, hadde
han vortet umhugad sidan i fjor, daa han ogso røystad for Utsetjing.
Men Svenskarne hadde gjort det meir lettvint enn her var paatenkt.
Dei hadde ikkje skipat ein ny Bank, men lagat det som ei Kantorsak
under Postdepartementet, og dei hadde ein Byraasjef elder
Kantorstyrar til aa greida det heile; umframs Embættsløni aat honom
var alle Utgifterne berre Kr. 4300 for Aaret, og Kostnaden vert daa
berre Fjordeparten.
Olsenhadde
ingi Tru paa, at denne nye Banken skulde verta betre enn dei gamle
Sparebankarne.
Cappelenynskte
ogso, at Regjeringi maatte taka upp att Saki til nærmare gransking.
Sverdrup
heldt paa, at dei skulde taka ei Avgjerd um sjølve Saki straks. Dei
vann ikkje noko med aa senda henne attende til Regjeringi.
Rindes
Forslag um Utsetjing vart so vedteket med 44 Mann. 88 imot. Dei 44
var: Kaxrud, Furulund, Schrøder, Saakvitne, Rinde, Sørum, Sønju,
Stang, Birkeland, Ihlen, Prof. Bugge, Hvamstad, Jørstad, Blilie,
Johansen, Bang, Sakfør. Rynning, Flor, Didrichsen, Dahl, Bech, Saxe,
Blackstad, Glestad, Motzfeldt, Horgen, Hansen-Fosnæs, Wisbech, P.
Nilsen, Rejerson, Olsen, Thorne, Lilleholt, Knudsen, Olafsen,
Schiørn, Cappelen, Drevland, Schøyen, Lorck, Bonnevie, Advokat
Bugge, Harbitz, Torp. Sidan gjorde dei samrøystes Vedtak um, at
Framlegget fraa
Liestølum
Bygningar paa Prestegardarne skulde sendast aat Regjeringi.
Publisert