Tidender.
Kristiania,
den 7de April.
Prins
Carl
ligg sjuk i Konstantinopel. Kongen og Dronningi er reiste for aa sjaa
til honom.
Kronprinsen
skal styra land og Rike medan far hans er burte.
Sakkunna
i Danmark
.
Dei heldt eit Møte i Kjøbenhavn, og der var det Ordskifte um
Forsvarssaki. Dinesen, ein Kaptein hev voret, reiv hardt ned paa
Planen, Styringi tenkjer paa aa gaa etter med Ordningi av Landsens
Forsvar. Han las og upp Privatbrev fraa mange Offiserar, der det
helder inkje vart teket paa Styringi med Silkehanskar. Dinesen sagde,
at desse Offiserarne inkje vaagar aa segja si Meining offentleg, daa
dei er redde, dei skal verta avsette; paa slik Maate fekk Styringi
sagkyndige Udtalelser, naar ho vilde. Høgre vart rasande for
det, som Dinesen sagde; men Soga um Pastor Jensen tyder paa, at han
hadde Rett.
Frankrike.
Tinget vilde inkje gjeva dei 200 Millionarne, som Styringi kravde til
Krigen i Kina, med mindre Styringi søkte um Avskil, daa det hadde
ingi Tru paa, at ho dugde til aa varetaka Landsens Tarv i Kina.
Ministeriet søkte straks um Avskil.
Fabrikkeigar
Oluf
Onsum
hev sagt upp 140 av Arbeidaranne sine. Orsaki skal vera: I 1860
skipad
arbeidaranne ved
Kværner
Bruk
ein Sjukekasse. Til denne lagde Arbeidaranne 80 øre med det sama dei
skreiv seg inn og sidan 20 Øre for kvar Vika. Arbeidarar, som var
flutte fraa Bruket kunde framleides faa vera Medlem av Kassa mot aa
betala som dei andre. Vart nokon av Medlemarne sjuk, fekk han 80 Øre
Dagen og fri Doktar i 8 dagar. Daa dette er nokot litet, hev Kassa
vakset so godt, at ho no eig 12000 Krunur. Lovarne segjer, at
Pengarne skal staa i ein Bank, men likevæl tok Onsum seg Rett til aa
laana Pengarne burt til Privatmenn (truleg seg sjølv) mot Pant i
Bygardar. Han braut og dei vedtekne Lovarne paa andre Maatar. No 24de
Marts vart Arbeidaranne samde um, at sjuke Medlemer skulde hava
større Hjelp av Kassa um Vika. Dette vilde inkje Onsum gaa med paa,
og daa Arbeidaranne kravde Kassa attende vart han sint og sagde upp
140 av dei.
Saki
er no for retten og me fær vona, at Onsum fær sin rettferdige Dom
baade der og i Folks Umdøme.
Kollsigling.
Lensmann i Hamarøy, Daa, og Son hans kollsiglde paa Sørfjorden no
nyleg.
Dei
kom burt baade.
Ei
Utlandsferd
.
Vardøposten
skriv: Tvo Menn fraa Kavringen var i Vardøy i Smaabaat nyst fyrr Jol
og skulde kjøpa til Helgi. Bland annan kjøpte dei og ein
Brennevinsdunk, som dei smakad duglegt paa. Veslejol-eftan skulde dei
reisa heim; men Dagen etter vart det upplyst, at dei inkje var komne
til Kavringen, og Folke trudde, dei var burtkomne. No vert det
likevæl sagt, at dei skal vera komne til Zipnavalok i Russland. Daa
dei reiste fraa Vardøy hadde dei voret so fulle, at dei sette
Styrbordshalsarne istadenfor Bakbordshalsarne og heldt ut Reinøysund
og so vidare til Russland. Dei viste inkje sjølve, at dei hadde
teket ei gali Leid, fyrr dei kom inn under Zipnavalok.
Sunnmørsfisket
skal gjeva litet av seg iaar.
Avhaldssaki
i
Sveits
.
Sveits hev 2 ½ Million Menneskje og dei drikk upp inkje mindre enn
27 Millionar Liter Brennevin. Dette er skrek-kjeleg mykje, og
Fylgjerne syner seg dessværre altfor mykje. Ætterne veiknad og det
vert for kvart Aar fleire og fleire, som inkje duger til
Krigstenesta. Mange gode Menn og Kvinnur hev no teket til aa arbeida
mot Drykken. Det vert skipat Avhaldssamlag, Lovarne um
Brennevinssalget skjerpte, og Brennevinsskatten er aukad; Pengar er
og gjevne til aa fremja Avhaldssaki.
Fleire
tyske Offiserar
er fengslade no i det siste. Dei er misstenkte for aa hava selt
Tekningar av Festningar og annat som høyrer til Krigsgreidurene til
Rusland.
Kjerleiken
er mangeslags
.
Mange av dei, som reiser fraa Evropa til Amerika hev Hug til aa hava
seg ei Kjering fraa Heimlandet sitt. Og det er rimelegt. Men Vegen er
dessverre skrøpeleg lang, so det vert inkje som naar dei var heime
og kunde taka paa seg Kisteklædi sine og vera framme um eit litet
Bil. Men ei Kjering er ein god Ting, og Kararne der vest hev funnet
Raad for Uraad. Dei set Lysingar inn i Bladi i det Landet dei er
ifraa og fortel um all Herlegdomen dei hev aa raada yver, og so
spør dei daa um det er nokor Kvinna, som vil dela med dei. Dei
giftelystne Gjenturne sender daa Portrættet sitt til Friaren; han
vel daa ut det han likar best, skriv til Gjenta og bed henne koma.
Møtestaden er jamnaste New-York, mest kvart Postdampskip hev ein
Flokk Bruder med yver Havet og inkje fyrr hev det lagt til Bryggja i
New-york, fyrr Friaranne kjem umbord, ser paa Portrættet, ser paa
Gjenturne, ropar paa Namnet hennar og finn henne endeleg. Mange er
glade i Møtet; men det er helder inkje nokot Sjeldyn at anten den
eine elder andre av Partarne set upp eit Grin istaden for at smila
til Kjerasten sin.
Stor
Kanon
.
1 Paris held dei no paa aa støypa ein Kanon, som er 40 Fot lang.
Kula kjem til aa vega 950 Kilogram og Skotvidda paa Lag 2 Mil.
Dag,
No. 6 er udkomet. Innhaldet er: Kjersti og Bergekongen.
_
Skyttarsaki.
_
Fraa Namdals Folkehøgskule.
_
Fraa Vefsen.
_
Tidender.
Utvandringi.
American-Lina sitt Post-dampskip Lord Clive kom fram til
Philadelphia den 30te Marts. Han hadde med Passagerar, som reiste
fraa Kristiania den 13de Marts.
_
Alt væl.
Publisert