Tidender.

 
Kristiania, den 27de Marts.

Statsraadarne fær ymis Motburd i Tinget. 
Mest fær Daae, naar det gjeld Hersaker. Dagbl. segjer soleis at han bør ganga av etter det Motstandet han fekk i Underoffisersloven. Men me trur ikkje, at det er godt, at deira Stelling skal vera so laus, at dei skal ganga, straks dei misser ei Sak i Tinget. Men soframt dei hev ei Sermeining i store Saker, og Folket ved nytt Val gjev tilkjenne, at dei mislikar det, daa fyrst er det at Statsraaden bør ganga, daa er det hans Plikt aa gjera det. Men fyrr er det best aa halda i hop i lengste Laget.


England. Fredsvenerne arbeidar idugt no um Dagen. Nokre radikale Klubbar hev havt Ordskifte um Krigen i Sudan, og dei hev gjort Vedtak um, at det inkje bør haldast fram lenger med Krigen i Sudan. Istadenfor aa knasa Magti aat Mahdien burde Styringi sjaa til aa ordna Saki paa minneleg Maate. No Maandag skal det haldast eit stort Møte um det sama i London. Det skal reisast tri Talarstolar og fleire Tingmenn vil halda talar.

I Tinget held dei paa med ein ny Lov um Inndeling av Valkrinsarne.


Krunprinsen er reist ein Tur til Berlin for aa vitja den tyske Keisaren. Aarsaki skal vera den, at England gjerne vil yvertyda Evropa um, at Engelskmannen og Tyskaren er svært so gode Vener.


Irland. Kommuneraadet i Dublin hev med 41 mot 17 Røyster gjort Vedtak um, at det inkje vil taka mot Prinsen og Prinsessa med nokor Vælkomst-adresse, naar dei kjem til Irland. Raadet segjer samtidigt, at det inkje vil visa Mangel paa Vyrdnad for dei høge Gjestarne; men det kann inkje vera med paa aa taka mot honom, daa det kunna verta misvisande for baade England og andre Land, og gjera, at Kjenslurne aat det irske Folk vart mistydde.
 
 
Russland. Bladi i Russland hev voret svært so kaute paa det mot England og meint so til, at England inkje skulde koma so rett væl fraa ein Krig med Russland. Og Bladi i Austrike hev sagt det sama. Dei meinar, at Russen aldri kunde velja ei betre Stund til aa koma ikast med England, og at han kann vera stød paa, at Vinningi vilde verta paa Russland si Sida. Men denne fagre Tale nede i Wien hev gjort, at Russland tek til aa tenkja seg um. Saki er den, at Austrike ynskjer Russland og England i Haari paa kvarandre, og so vilde det sjølv nytta Tilhøvet og taka til seg so mykje som mogelegt paa Balkanhalvøyi. Men Russland vil inkje for nokon Pris, at Austrike skal faa meir Magt paa den Kanten, so det kann væl henda, at det gamle Donauspursmaalet kjem til aa gjera so mykje, at Russen lyt halda seg i Skinnet sitt, kor gjerne han enn vil England tillivs.


Krigen i Sudan . Den Heren, som gjekk gjenom Øydemarki for aa koma til Kartum og hjelpa Gordon hev no lagt seg i Leger og skal inkje taka til med Krigen att, fyrr det lid so langt paa Hausten, at Varmen gjev seg nokot. 
Det er soleis rolegt paa Nilstrandi. Men ved Raudehavet er Krigen i full Gang. Som me hev nemnt, so skal det byggjast ein Jarnveg millom Suakim ved Raudehavet og Berber ved Nila. Men no er Ulukka den, at Osman Digma, Verson aat Mahdien, stend der i Vegen med ein stor Krigsher, og denne Heren lyt jagast burt, fyrr Arbeidet kann taka til. General Graham heiter den engelske Herføraren paa den Kanten. Han hev allereide voret i Basketak med Arabaranne; Engelskmennerne hev havt Vinningi.

Det skal ellest inkje vera so greidt aa vera Mahdi no. Han hadde lovt sine Folk Gull og grøne Skogar, naar dei fekk Tak i Kartum; men daa dei kom dit var det lite og ingenting aa finna der, berre nokre Slavar og nokre tusund Byrsur. Daa Krigsfolki hans saag det, vart dei sinte og tok til aa fella fraa; ja Mahdien var endaa rædd for, at hans eigne Folk vilde drepa han. Til det kjem og, at ein heilag Mann fraa Darfur no reiser ikring og preikar mot Mahdien; han kallar honom ein falsk Profet, som inkje lyder Koranen. Mahdien hev og roket uklar med ein av sine fornæmste Hovdingar, og det hev gjort, at mange hev fallet fraa.


Um Salmarne Hans Blix skriv eit dansk Blad:

Ærede danske Medborgere, som staar forarget overfor dette, at det norske Sprog reiser sig mod det danske Sprogs Overherredømme deroppe i Broderlandet, skudle engang se lidt paa disse Salmer. Jeg kjender intet Skrift, hvori Landsmaalet har naaet en saadan Høihed, Adel og Ynde som her. Sproget er desuden saa dialektfrit klart, ja saa at sige selvforstaaeligt, at enhver jævnt oplyst Danske uden videre vil forstaa det, og er han ikke ligefrem opsat paa Modstræv vil han erkjende, at kristelige Tanker og Følelser her har fundet et fuldt værdigt Udtryk.