Fraa Høydalsmo.


Vinstresamlag, Maalsaki, Avhaldssaki . Her i Høydalsmo held me no paa aa skipa eit Vinstresamlag. Det hev skrive seg inn 50, men det bli vist mykje større. At me ikkje hev fengje Vinstresamlag fyrr, kjem væl av det, at her hev mest ikkje vore anna hell Vinstre, og det er det no au, so det er ikkje fyr aa verja oss mot Høgre, at me skipar eit slikt Lag. Men det er fyr aa koma saman og samtale um dei vigtigaste Sakjer, som er framme, og uttala vaar Meining um det, som skal avgjerast. I det eine Møte som er haldet, vart det sterkt framhaldet, at me laut vera sparsame. Me treng ikkje so mange Embættsmenn, og mange kunde liva med mindre Løner. Eksisen maa innkortast; det Folk er alramest leide, det er dette Hervæsenet. So vart det uttala, at me maa velja fleire Bønder inn i Stortinget; dei, som ikkje sjølve er Bønder, veit forlite, korleis Bønderne hev det. Og so skulde alle dei, me sender herfraa Telemarki vera Maalmenn.

Hr. Bladstyrar! Vinstresamlaget vaart lovar aa arbeida fyr Maalsaki. Framlegget, um at norskt Maal skal faa same retten som Skriftspraakje, er me fegne yver. Me ventar, at det og skal ganga no. So fær me væl snart Lære- og Lesebøker i Skularne, som trengst so saart. I some Skular brukar me den vesle Salmeboki, som hev kome fraa Det norske Samlag aa lærer Borni sume av Salmarne. I Jole song me norske Salmar i Kyrkja or den Boki, og Folk sagde, at dei totte det var vent og gjekk godt.

For Avhaldssaki bli her og verka, det Folk er mest huga paa, det er at faa Brennvin, Vin og Bayersøl forbode. Alle dei som ynskjer det skriv no under paa Listur, og det er mest kvar ein. Eg hev ikkje høyrt ein her, som heve sagt, at me ikkje maa forbjoda det. Folk skynar, at dei maa spara i desse Tider.

T. O .