Folkenamni i heimlege Former.


Kor kann det hava seg, at Morgenbl. og Kveldskramla for Morgenbl., = Aftenposten , vart so snytande ville yver Lovforslage hans O. J. Høyem om den offentlige Brug af vore Folkenavne i hjemlige Former?

Var det for di, at han hev vaagat til aa stikka burti det Kose av det byraakratiske Kvefsebolet, som ligg lægst nede, og som difor er fullastav Illvilje mot alt det, me hev sermerkt som Folk og hev Rett til aa ha som sjølvstandande Samfund?

Eller var det fordi, at han førde fram til Skoding og Umvøling den Greini av Maalsaki, som serleg truddes lovtryggd til for al Tid aa gjeva Byraakratie den beste Kans til aa plaaga og trøyta ut Bondefolke, naar det skulde vaaga seg til aa krevja aa vera seg sjølv? Syner ikkje denne bitande beiske Illska fraa desse 2 Byraakratibladi, at Stortinget her hev ei Sak for seg, som det slettikkje maa sleppa ifraa seg, fyrr det er viss paa, at ho hev fenget den Rettarboti, ho kortom godt treng.

n