[Tidender.] Um Underoffisersloven


vart det eit langt Ordskifte i Odelstinget. Mindretalet i Hernemndi (Wisbech, Rynning, Dahl) hadde innstelt paa, at Tinget skulde inkje taka paa Loven endaa, berre senda honom til Regjeringi. Dei tykte, at Saki inkje var fyrebudd nok, Styringi hadde aldri arbeidt med paa Loven, og dei militære Autoritetar hadde dei helder inkje nokor Ummæling ifraa um detta. Det var R. Rynning , som førde dette fram.

Statsraad Daae heldt paa det, at Saki var inkje mogi til Framføring i Lovs Form endaa. Han vilde hjelpa fram Underoffiserarne alt han kunde. Men han hadde mange Tvilar um denne Loven. Det hadde for det fyrste voret godt aa binda dette i hop med Herskipnaden i det heile. Ellest so kunde det henda, at det hadde voret likeso godt aa greida dette her berre ved Reglement. Det var eit Spursmaal um dei rette Grensur millom Reglement og Lov, som han ikkje hadde paa det reine i denne Saki. Han trudde, at Saki trengde um meir Yvertenkjing og Raadlegging; det var mangt i dette Lovframlegget, som han fann var utydelegt og ugreidt. Og han meinte ikkje, det hadde nokor Braahast med dette endaa. Det var no det, at Underoffiserstandet skulde hjelpast fram og at det skulde faa ein større Tilgang. Men det hadde ikkje vantat paa Tilgang, so vidt han viste. Og av dei 13 _1400 Underoffiserarne, som me hev, er det slett ikkje mange, som klagar seg.

Jacobsen hevdad, at det var paa Tide, at ein fekk gjera noko for Underoffiserarne no. For dei hadde det ikkje for godt, baade var det den vyrdlause Maaten, som dei kunde jagast or Tenesta paa, og so var det Aldersgrensa; det var Ting hendt her, som inkje kunde tolast lenger. Og so skulde Odelstinget, som i 1882 hadde vedteket loven med 53 mot 29, no sleppa Saki ut or sine Hender, nei denne Saki var no so greid, og Kravet um Forandring so sterkt, at det gjekk umogeleg an aa setja ut lenger med dette. Han meinte, at Lov maatte det til, skulde det verta noko til Gagns. Det var ikkje noko aa drygja etter ved ei slik Sak, som hadde so mykje paa seg for Heren vaar, der Underoffisersstandet var det vigtugste av alle Stand.

Hjort og Foosnæs og Fløystadog Statsministar Sverdrup talad for Innstellingi, som vart vedteki, heile Høgre var imot.

So tok dei for seg dei einskilde Paragraffarne.

Loven soleids som han til sist vart vedteken lyder soleis:

1. Ingen maa gives fast Ansættelse som Underofficer, med mindre han først i lønnet Underofficersstilling har tjenestegjort i en Prøvetid af 3 Aar. Efter tilfredsstillende at have gjennemgaaet denne Prøvetid meddeles ham fast Ansættelse som Underofficer i Stillingen med saadan Forpligtelse ligeoverfor Forandringer i Hærens eller dens Afdelingers Sammensætning, som af Kongen nærmere bestemmes.

2. Underofficer kan _ foruden i de i den militære Straffelov omhandlede Tilfælde _ ogsaa fradømmes sin Bestilling ved Krigsretsdom, naar han ved Drikfældighed eller anden slet eller uanstændig Opførsel gjør sig uværdig til den Agtelse, hvoraf han efter sin Stilling bør være i Besiddelse.

Forøvrigt kan Underofficer ikke afskediges, undtagen naar han af en Lægekommission erklæres utjenstdygtig, uden at der er rimeligt Haab om, at han inden en Tid, som af Kongen bestemmes, atter vil blive tjenstdygtig, naar han i Sergeantsstilling har fyldt det 52de Aar eller i høiere Stilling det 55de Aar
  
3. Fast ansat Underofficer er, naar han som saadan har tjent i 6 Aar, berettiget til at erholde Afsked med Forpligtelse til at tjenstgjøre i ulønnet Stilling, i samme eller høiere Grad, saaledes som gjældende Værnepligtsbestemmelser til enhver Tid medgive.
 
4. De i denne Lov givne Bestemmelser gjælder ikke i Krig eller naar Krig er at befrygte.

5. De nærmere bestemmelser til Gjennemførelse af denne Lov anordnes af Kongen.

6. Denne Lov træder i Kraft fra 1ste Januar næste Aar.

Det var mange Beinkeframelgg, soleis eit av Foosnæs, til § 1; det gjekk ut paa, at kvar den, som hev tent som lønt Underoffiser i 3 Aar, skal hava Rett til fast Post; men han fekk berre 19 Mann med seg.

Statsraad Daae hadde Innvendingar nokon kvar Staden, han heldt paa det, at det synte seg som han hadde sagt fraa det fyrste, at Saki var ikkje fyrebudd nok.