[Tidender.] Albania.


Millom Serbia og Grækenland ligg den Del av det evropæiske Turki, som heiter Albania. Folket der er fraa fyrst av ymse Slag, mest Grækarar og Slavar; men med Aari hev dei blandad seg saman, so dei no kjenner seg som ein serskild Nasjon. Um Trui er dei inkje samde, sume er Mahomedanarar og sume høyrer til den græsk-katolske Kyrkja; men so sterk er Nasjonalkjensla, at den kristne stend Side um Side med Mahomedanaren i Striden for Fridom og Sjølvstøda. Albanesaranne er dugande Krigarar, og Turken hev meir enn ein Gong havt Møde med aa hevda sin Herredom i Albania. Gong paa Gong hev der voret Uppreist, men dei djerve Fridomskjempurne hev voret for faa, og Vaapni hev helder inkje voret av beste Slaget, so Turken hev til sist voret den, som hev vunnet. I den siste russisk-turkiske Krigen, tok Albanesaranne Vaapni mot Turken og dei var til mykje Mein, so Russen hadde mykje dei aa takka for, at han vann Siger; men paa Møtet i Berlin var det ingen, som tok seg av Albania, og Turken hev sidan haldet fram med sitt vanlege Sluskestyre der. No hev dei teket til Vaapni att. Den 1ste Mars freistad dei aa taka Byen Prisrend, inkje langt fraa Serbia, men vart slegne attende. 
Den albanesiske Nasjonalnemnd, ein Flokk staute Menn, som er valde til aa tolka dei nasjonale Krav, hev sendt eit Upprop til Folket. Det lyder so:

Søner av Albania! Timen er komen, daa Fedralandet kallad dykk til aa kasta av ein framand og hatat Herredom og fria dykk fraa ein grusom og sløg Turan. Til denne Tidi hev de stridt for andre, som hev lønt dykk paa den Maaten, at dei hev sviket dykk. No er Dagen komen, daa de maa taka Vaapni og sjølve strida for dykkar Fridom, dersom de inkje vil sukka i Trældom til ævelege Tider. Albanesarar! Fylg vaart Rop og hels det med Gleda som Søner av modige Fedrar. Tenk paa dykkar store Forfedrar: dei var aldri redde for ein Krig. Syn Verdi, at Kjærleiken til Fridomen bind dykk saman, anten de so høyrer til den eine elder den andre Trudomen. _ Slutt dykk saman i Strid for Fridomen! Reis dykk, Albanesarar! Tak Vaapni og jag dei, som hev gjort seg til herrarne dykkar og fri dykkar land! Heile Evropa ser paa dykk og ventar, at de skal byrja Strid for Fridomen. Frankrike og England vonar, at de skal hava Lukka med dykk. Ver hard mot alle, som set seg til Motverja, men ver milde mot dei, som gjev seg yver. Sigeren er viss for den modige, som strider for Fridomen. Reis dykk til Strid for eit fritt Albania! Leve det frie Albania!