[Tidender.] Lovframlegg um norske Folkenamn.
O.
J. Høyem vil at det skal gjerast ein Lov um, at ved Daapsmeldingar
skal Folk rettleidast um korleis Namni lyder i si beste norske Form.
Og at ingen Prest skal kunna skriva Daapsnamnet annleis enn som det
vert kravt. Og at alle som skriv offentlege Brev, skal skriva alle
namn i norske Former. Og at ingen skal hava Rett til aa visa burt
nokon Brevskap som er skreven paa Norsk.
Han
fortel ei Soge um kor meinkrekselege Embættsfolket vaart kann vera i
Namnevegen.
I
1876 var det ein Pantebokførar, som gjorde ugildt eit Skjøte for
ein Mann, no i Aar gjorde han det likeeins med den nye Eigaren av
Garden. Grunnen til dette var berre det, at den fyrste Eigaren, som
selde Garden i 1876, hadde skrevet seg for Olav i sjølve
Brevet, medan Pantebokføraren stod paa, at han skulde heita Ole,
avdi at Domaren i 1860 hadde skrevet honom for Ole i Bøkerne.
Endaa Mannen var kjend og hadde tvo Etternamn, so det ikkje var nokon
Faare for Mistak, vilde dei soleis likevæl ikkje taka denne Olaven
for den same, som den som Domaren hadde skrevet for Ole.
_
Berre Vrangskap og Uvilje alt saman.
Det
er vist alle samde um, at her maa verta ein Slutt paa sovoret Misbruk
av Embættsmenn og andre. Men kunde det laga seg utan nokon Lov, so
var det vist det beste. Allvist ved Daapsnamni trur me nok det kann
greidast av seg sjølv, berre Folk hev Upplysning og Vit nok sjølve
um dei norske Namneformer, og berre dei er Karar til aa halda paa
sitt imot Prestens Paafunn og Fyreteljingar. Det er helst
Skulemeistrarne ein skulde venta det av, at dei vilde rettleida
Foreldri i Skrivemaaten.
Vert
no Landsmaalet godkjent som offisielt Maal, so vil væl mange av
desse Vandskarne falla burt av seg sjøvle; Embættsmennerne maa taka
til Vitet og tola Norsken baade i Namn og anna, anten dei so likar
det elder ikkje.
Publisert