[Tidender.] Fraa Finnmarki
klagar
dei seg yver, at det Kvænske Maalet vinn Yvertak yver Dansk-Norsken.
Møter ein Kvæn fleire Nordmenn, so tvingar han alle dei til aa tala
eit framandt Maal i deira eiget land. Nordmennerne tykkjest helder
det er ei æra aa kunna maalføra seg i Kvænsk. Tak deg berre ein
Tur til Vatsøy hamn
_
skriv
Vardø-Posten
_
so vil du høyra dei Kvænske fæle Eidar og raae Ordetam likeso ofte
fraa den rike norske Handelsmannen som fraa dne agalausaste Kvænen.
Ja
soleis gjeng det med eit Folk som vaart, som endaa ikkje hev sitt
eige maal. Ein kann aldri venta, at den nasjonale Ærekjensla skal
vera sterk til aa verja um Dansken. Det eine Framandmaalet kann vera
like so gildt som det andre, tykkjer Folk, so lenge som dei ikkje hev
noko fullnorskt Maal, som dei verkeleg kann vera byrge av. Skulde det
ganga i Framtidi, som det hev gjenget fyrr, kunde me snart faa sjaa,
at ein Del av Folket talad Dansk, ein annan Del Svensk, ein tridje
Kvænsk og kanskje ein fjorde Russisk.
Ser
daa ikkje Folk det, at til Vissa i Finnmarki vilde Innføringi av
fult norskt Maal vera kraftig Midel til aa hindra at denne Landsluten
gjeng upp i ein framand Nasjonalitet? Men dei fyrre Styringarne vaare
hev gjort sitt til aa trælka det norske Bondemaalet, men for
Kvænsken hev dei gjølt og hølt. Og no er Fylgja den, at Kvænsken
hev vokse seg so sterk, at det kann vera Faare for, at store Delar av
Finnmarki snart vert reint avnorska. Det er Tid til, at det maa
aalvorleg Yvertenkjing yver kva der skal gjerast der uppe, fyrr det
vert for seint. For det er vist, at Kvenarne er
tenkte paa aa faa Finnmarki under seg. Og skal det halda paa som det
hev gjenget, vil det ikkje vara so reint lenge, fyrr Norsken er reint
yverfløymd der. For det er Kraft og Framtak i Kvænen, betre
Arbeidskar er han ofte enn Nordmannen og mykje meir smaanøgd.
Publisert