Eg var utpaa Isen her um Fredagskvelden, daa Kongen strauk fraa Byen. Det var noko seint, Klokka kunde vel vera so umlag 7. So det var alt myrkt aa kalla, hell daa Vissa so skomt, at ein kje kunde skilja langt fraa seg.

 

So med ein Gong fekk eg sjaa ein stor Ljosblink langt burti den myrke Skodda. Det var berre eit Augnekast, so kvarv det burt att. Men um eit ørlitet Bil tok det te dura og braka og bera seg so ilherveleg, der eg hadde sett Ljosken, at det var forfælande.

 

 

Jau, daa skynad eg, kvat det var. Dei skaut paa Festningi til Heider for Kongen.

 

Det tok seg so reint rart ut dernedanfraa, iser i den myrke Kvelden. Den eine Ljosblinken etter den andre glimtad fram som ein Ljoneld og dei harde Smellarne rullad gjenom Dalen og ljomad tilbakars fraa Fjelli kringum. Det var i ein Dur som i det hardaste Torevedr hell som eg vilde tenkja meg i ein Krig.

 

 

Det var morosamt og ugodsklegt paa sama Tid. Det var noko so trollsklegt ved det. Den svarte Kvelden med Skodde og Røyk og med denne undarlege Susing i Lufti, som ein høyrer somtir um Kveldarne; Smaadottar rundt ikring meg paa Isen, som flaut der att og fram paa Skeisur liksom svarte Traadnyste– og so daa dette rullande Ovbraket, som lyddest fraa alle Kantar. Eg laut tenkja paa den gamle Tidi, naar Tor var ute med Bukkarne sine og den druste Hamaren. Daa au stod Verdi i ein einaste Gov liksom; Varmesprut og Toresmell, so det var eit Bisn.

 

Det stod paa ei Beite, dette her. Men so vart det kurrt. Dei svarte Dottarne kringum meg vimsad att og fram, burt i Byen høyrdest eit Par Ljod fraa Eimhesten, som skulde draga Kongen avstad. Men hellest var det liksom so audt og tomt allestader _ so kvardagslegt.

 

Eg fallt i Tankar.

 

Dette her var liksom eit Bilæte paa Kongestellet i Verdi.

 

Naar Kongarne syner seg fram for Folket, _ naar dei kjem til ein Stad, og naar dei stryk att, so er det Kanondur og Brak, som um Torguden sjølv var ute. Det fylgjer noko bisnelegt med dei, noko som ikkje er aa sjaa til kvardags. Daa er det Glim og Stas. Daa lyt Hersveinar i blenkjande Bunad og med morske Andlit fram og paradera. Daa lyt dei spela, so det dirrar i Lufti og skjota, so Folk mest hoppar av Smellen. Hestar so kaate, at dei mest vil risa paa tvobein, og Kjøyrety, so du kann spegla deg i det.

 

Soleids kjøyrer dei høge Herskapa daa fram millom Folket, som stend der og bisnar som um Gudarne var stigne ned til dei. Det lyt vera noko framifraa, dette her, trur dei _ og so ropar dei Hurra og svingar med Hattar og Lummedukar og ber seg som dei var vitlause.

 

For det er noko so reint sers det, dei ser.

 

Hellest er det berre dei daglegdagse Andlit. Det eine kann nokk ha litt meir av Helgedagssvipen hell eit annat. Men det er daa inkjevetta mot dette her. Dette maa vera noko stort, noko utanum og yver alt anna.

 

Og so vert dei eldhugad og ropad Hurra.

 

For det er so rart med det, som sjeldan syner seg. Den Gongen, det daa hendar, vert det so mykje meir aatgaadd.

 

Men det stend kje lengje paa. Det er berre som eit Augneblink, ei Openberring av noko stort, noko framifraa: eit Ljosblink i den svarte Kvardagsskodda. Ein, tvo, tri, so er det burte, og kor du snur deg, so er det graatt og graatt _ reint som vanleg. Folk vaknar upp fraa Draumen; dei stod klumsad og troldslegne so lengje han varad. Eg som trur det er klokt av Kongarne berre aa syna seg i slik Straaleham. For gjorde dei kje det, so kom Folk vel snart te spyrja seg sjølv, kvat dei skulde med dei. Daa kom dei snøggare te sjaa det løglege ved Kongestellet.

 

Men so lengje det fylgjer noko av denne Høgtidskjensla med det, so lengje hev Folk vondt for aa sjaa klaart.

 

Og det er denne Dimma, dei lyt stydja seg til.

 

 

u.

 

Frå Fedraheimen 18.03.1885

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum