Boksjaa.


P. T. Mallings Forlag:

Haandarbeideren, et Skrift, Norges Arbeidere tilegnet af I. Gude-Smith. 3die Udgave. kr. 0.50.

Denne Boki kom ut fyrste Gongen i 1873. I 1875 fylgde ho med som Tillagsbok aat Fædrelandet, og no kjem ho daa utan nokon Umbrøyt tridje Gongen.

Best hadde det voret, um ho ikkje var gjevet ut nokon Gong. So hadde daa Folk havt ei daarleg Bok minder. Folk kann kje med slik aandeleg Føde lenger; dei krev andre Svar paa eit sovoret stort Spursmaal, som Arbeidarrørsla er vortet no. Det kann kje nytta lenger aa stella fram Socialisme og slikt berresom noko Herk. Ingen trur paa slikt, som t. D. dette her: Det er altsaa Syndens Frihed,  som Socialisterne eller Internationale vil have, og som de bekjender sig til og derfor udfører i Gjerningen. Hell det aa segja, at Socialistar er det sama som Anarkistar.

Det er vist mykje ved Socialismen, som ikkje er berre godt. Og Folk maa ikkje tru, at me vil forsvara han. Men aa taka iveg mot den Rørsla slik, som Meistaren hev gjort i denne Boki, finnst der kje Meining i. Og det var det, me vilde ha fram.

Noko so vigtugt som Arbeidarsaki gjer ein kje fraa seg paa den Maaten. Arbeidet lyt nokk takast paa ein heilt annan Maate.