[Tidender.] Odelstinget


hadde Møte igaar. Fyrst var det eit Tilleg, som vart gjort til Loven um stemplat Papir, at ein kann bruka Stempelmerkje.

So var det Framlegget um Forandring i Riksrettsloven, at Røystingi skal vera offentleg, og at det skal kunngjerast, korleis kvar Mann hev røysta i dei siste Riksretterne. _ Innstellingi gjekk ut paa, at Saki skulde sendast aat Regjeringi.

Præsidenten (Konow) trudde det var best at dei fyrst avgjorde Instellingi, fyrr dei slepte seg inn paa aa dryfta sjølve Saki.


Roll var ein av dei, som hadde sett fram dette Framlegget. Han undrad seg yver, at det hadde fenget so kald ei Fagning. Han hadde tenkt, at dette maatte vera eit Framstig i Forfatningens Aand. Han meinte, at Folket hadde Rett til aa vita, korleis offentlege Menn foor aat. Naar det alt for lenge sidan var innført i Høgsterett, at Forhandlingarne skulde vera openbere for alle, so var det daa væl aa venta, at det same vart Tilfellet med Riksretten, som no hadde vortet et Hovedhjul i vort Statsmaskineri. Stortinget kunde godt greida denne Saki paa eigi Haand, sagde han, dei turvte ikkje ganga til Regjeringi fyrst med dette.


W. S. Dahl mislikad ikkje so reint Framlegget, men han vilde drygja med dette, til des det vart Umvøling av heile Riksrettsloven, som væl trengdest, det hadde han røynt, og han kunde fortelja, at no vart det snart sendt inn eit Framlegg til Regjeringi, som gjekk ut paa dette ogso.

S. Nielsen var so gamallkjær, at han vilde at alt nytt skulde røynast væl, fyrr det vart umbrigt. Han hadde no sine Tvilsmaal, um det alltid var for Fridomens Skuld, at Røystingi skudle vera openberr. Han meinte, at det nett var til Fridomens Gagn, at den Loven vart gjort ifjor, um Røysting i Løynd. Og no ved Juryen var det helder ingen, som vilde hava det anna enn løynt.

Stang kunde i sume Maatar slutta seg til Nielsen. For det maatte vera Grensur for den offentlege Røysting ogso. Skulde Riksretten haldast for opne Dører, so var han rædd for, at det kom til det, at Lagtingsmennerne laut standa til Svars aat Veljaranne sine for det dei hadde gjort i Riksretten, og det vart ein Trykk paa dei, som gjorde dei ufrie, Han vilde at Spursmaalet skulde avgjerast straks.

Bechkunde ganga med paa Innstellingi, soframt han viste, at Regjeringi vilde fremja Saki.

Blackstad heldt med Mindretalet, Blehr talad for Innstellingi.

Statsministar Sverdrup viste ikkje korleis Regjeringi vilde stella seg i denne Saki. Han sagde berre si eigi Meining, og den var det, at Røystingi skulde vera offentleg. Det kveste Andsvarskjensla og gav Folket full Greide paa Sakerne og bygde rettssyni for Framtidi. Men likevæl var det Spursmaal, um det no var høveleg Tid til aa faa nye Vedgjerder istand. Slik ein Staak, som det hadde voret etter den siste Riksretten, trudde han det var best aa drygja ei Stund, fyrr dei lagde Forhandlingarne fram for alle, for no vilde det berre verta til Misbruk. Og det var so mange Ting ved Riksrettsskipnaden, som laut umvølast, det var no Ting der, som var reint imot Grunnloven.

Motzfeldt heldt med Mindretalet, og meinte paa det millom anna, at Riksrettsskipnaden maatte ein nok stella med, for hadde me byrja paa aa leika med honom, so fekk me nok berre halda paa aa bruka so gjæv ein Ting. Hadde ein soleis no havt ein Riksrett til aa døma dei, som heldt paa absolutt Veto, so kunde det sidan t. D. verta ein Riksrett, som dømde dei, som ikkje heldt paa noko Veto o. s. v.

Saki vart fyrst avgjort i dag. Paa Slutten vart det ein Ordveksel millom Sverdrup og Motzfeldt. Motzfeldt hadde høyrt Folk der i 
Salen røda um Forsoning; men han saag inkje noko fraa Styringi, som tydde paa, at ho tenkte paa Forsoning. Sverdrup svarad, at han vilde svara for det, som Styringi hadde gjort. Taka imist kunne me alle, men Styringi hadde freistat aa skifta Rett til alle Kantar; at det inkje smakad godt for alle, det var inkje Styringi si Skuld. Han vilde hellest vera reide til aa gjeva Svar, naar det var, dersom det berre vart nemnt serskilde Saker. _ Motzfeldt hadde inkje tenkt paa serskilde Saker; men Forholdet aat Statsministaren i det heile. Til det sagde Sverdrup, at han inkje hadde det minste aa svara. Innstellingi vart vedteket med 52 Røyster mot 31. Dei 31 var alle Høgremenn.