[Tidender.] Fraa Stortinget.


Laurdagen vedtok dei Søknaden til Kongen um aa sleppa Bataljonseksisen i Sumar. Berre 12 Mann var imot (Stang, Birkeland, Ihlen, Prof. Bugge, Bang, Øvsteløytn. Dahl, Saxe, Tollman Nilsen, Cappelen, Lorck, Bonnevie, Advokat Bugge). Det var eit langt Ordskifte um dette. _ Jacobsenvar Ordførar for Innstellingi. Øvsteløytn. Dahl førde Motlegget. Han sagde, at etter Loven var det berre Dyrtid og Sott og anna dilikt, som ein kunde setja ut Eksisen for. Men no var der ikkje noko slikt serskilt aa skjota til, Naudi var ikkje so overlag stor, det var berre nokre Søknader fraa nokre Formannskap og Samlag dei heldt seg til. Men um det ogso kunde reiknast til Vinning fraa den eine Sida, so var Skaden so mykje større paa den andre, Heren var innmot Fjordedelen laakare enn ellest. _ Thorne heldt og paa det, at Tiderne var ikkje so ille, Trelasten soleis gjekk utruleg. _ Jacobsen meinte, at det var ikkje Talet paa Søknaderne som det galt um. Han trudde, at utyver heile Landet var det berre ei Meining aa høyra um det, at det var vondt um Arbeidshjelp i Sumarmaanarne, no det hev reist so mykje Folk til Amerika. Um ein no ikkje hadde nokon Bataljonseksis iaar, so hadde Soldatarne likevæl havt 110 Eksisdagar, og dette var endaa 10 Dagar meir enn etter den nye Herskipnaden, som ogso Regjeringi vilde hava. So det vart væl ikkje nokon faarleg Mink. Og for Offiserarne sin Del var det vist lettvint aa stella det soleis, at dei fekk sine Øvingar likevæl, um dei ikkje hadde alt det vanlege Mannskapet. _ Statsraad Daae vilde ikkje orda so mykje um sjølve Saki; han trudde, at Hernemndi elles hadde sett Innsparingarne væl høgt. Vart Tinget samtykt paa denne vendingi aat Regjeringi, so skulde ho granska Saki paa beste Maaten. Han trudde ellest, at um det vart av med dette, so burde dei innsparde Pengarne brukast til aa fremja Hersaki paa andre Maatar. _ Rynning (fraa Drammen) hadde store Tvilsmaal, men vilde likevæl ganga med paa Saki. _ P. Nielsen (Kraakerøy) meinte, at i dei 70 Aar, som me no hev havt Fred, hadde den nasjonale Aand i Folket gjenget tilbakar. Det var mange Vitnesburdar um, at den militære Aand var i Nedgang. Men det kunde henda, at dei Pengarne, som ein sparar i fred, kunde ein koma til aa ljota betala med Blod, naar det vart Krig.

Roll og Øverlandtalad for Innstellingi, Ihlen imot, han meinte, at det var lite aa sjaa etter ei laus Folkemeining, naar det galt Hersaker, Folk var likesæle, um dei vart kvitt heile Herstellet. _ Steenheldt ein lang Tale og og hevdad, at den Domen skulde ikkje gjevast Folket vaart, at dei var so likesæle som her var sagt. Ja soframt det var meint paa den Krigsaand, som raadde i forne Tider, so kunde det vera sant, at det var Nedgang aa sjaa; men um det var meint paa Hugen til aa verja Fedralandet, so var det ei av dei største Fornærmingar mot eit Folk som vaart aa segja slikt. Han undra seg paa, at Folk kunde negta, at her var Stur i Forretningslivet, han gjekk igjenom alle Næringsvegjerne og synte, at det stod klent. _ Hjorth talad for Innstellingi og meinte, at dei innsparde Pengarne helst burde brukast til aa byggja gode Brakkur paa Eksismoarne, so Gutarne slapp aa slita Helsa av seg. _ Motzfeldt, Holmesland, Berner, Melvær (han talad paa Landsmaal), Schøyenog Foosnæs heldt ogso paa Innstellingi. Bonnevie og Thorne talad imot.