[Tidender.] Det femte nordiske Lærarmøte


skal haldast i Kristiania no i Sumar. Den Nemndi, som paa det 4de nordiske Lærarmøte i Stockholm vart valde til aa faa det 5te nordiske Lærarmøte i Kristiania i gang, kom med Framlegg um, at Styret for dette Møtet skulde veljast serskilt soleids:

1) Dei høgare Guteskular. 2) Dei private Gjenteskular. 3) Læraranne ved Aalmugeskulen i Kristiania og dei nærmaste Bygderne. 4) Lærarinnurne ved Aalmugeskulen i Kristiania.

Dette Framlegget vart vedteket samrøystes av Lærarar og Lærarinnur fraa Kristiania og dei næmaste Bygderne i eit Møte i Missjonshuset den 7de-Mars. Seinare hev det voret Val. Dei valde er:

For dei høgare Guteskular: Skulestyrar Otto Andersen, Skulestyrar Gjør, Ekspedisjonssjef Knudsen, Skulestyrar Hofgaard og Medstyrar Sørensen.

For dei private Gjenteskular: Skulestyrar Jørgensen (Hamar), Skulestyrar Keyser, Frøken Bauer, Frk. S. Møller og Frk. I. Sylow.

Av Læraranne ved Aalmugeskulen i Kristiania og dei næmaste Bygderne: Skuleinspektør O. Lund, lærar Skjegstad, Lærar O. Flæten, Lærar H. Christiansen og Lærar Hallv. Johanson.

Av Lærarinnurne ved Kristiania Aalmugeskule: Frk. Bull, Frk. Goplen, Frk. Capelen, Frk. Aubert, Frk. Vetlesen og Frk. Groth.

Det vart valt like mange til Varastyre, Styret hev og Rett til aa taka 5 andre Medlemer upp i Styret.