Diktarløner.
Det
er Bjørnson, Ibsen og Jonas Lie, som Hev Diktarløner av Rikskassa.
Her
i Haust søkte Kielland ogso Kyrkjedepartementet um at han maatte faa
eit Vederlag for det, at Utlendingen tok Bøkerne Hans og umsette,
utan at han fekk ein Skilling for det.
Til
det svarad Departem., at det saag seg ikkje Raad med aa faa dette
vedgjort straks, men naar det leid uti Aaret meinte det det, at ei ny
Ordning kom i stand, som skulde sikra Eigendomsretten paa Bøker i
framande Land.
Bjørnson
og Lie er ikkje nøgde med dette; dei sender Brev til Stortinget, at
det maa latast til Diktarløn aat Kielland.
Brevet
lyder soleids:
Undertegnede
ved af Erfaring, at et lidet Folks Digtere uden Formue trænger
Statsbidrag, hvis de helt skal leve for sin Opgave, føre en dertil
nødvendig Udvikling og hævde Livssyn og Meninger uafhængig af
Mængdens.
Derfor
ansøger vi om Statsbidrag for Alexander Kielland. Hans Adkomst til
denne Hæder at oppebære Digtergage af sit Folk, forekommer os
ligesaa sikker, som at det vilde være uretfærdigt, at andre har,
hvis han ikke ogsaa faar.
Me
maa for vaar Del segja, at me ikkje likar desse Diktarlønerne noko
større. Men skal dei vera, so var det ikkje berre Kielland, som laut
hava, men ogso Arne Garborg. For um det er det, som ein ser etter, so
hev Domen i Utlandet gjevet Garborg same Diktarrang, som desse andre
fire. Ja skulde ein vega
Høve mot Høve, so vil ein finna, at Garborg maatte jamvæl hava ein
Fyremun framum Kielland, med di at han skriv paa eit Maal, som endaa
berre kann reikna paa halve den Leseringen som den hin hev.
So
at vilde ein hava jamnstelling millom Dansken og Norsken her i
Landet, so maatte ein norsk Diktar hava meir enn den danske, um Høvi
deira skulde vera like.
Um
no dei fire danske Diktaranne vaare Skulde faa Diktarløner, men
ikkje den einaste norske, so vilde ein med god Grunn klaga paa, at
Staten hjalp fram Dansken i Landet til Burttrengjing av Norsken. Men
ettersom baade Regjering og Storting no er lagad, skulde ein daa
helder venta, at dei paa alle Leider helder skulde framhjelpa Norsken
væl so mykje som Dansken. Det vilde slett ikkje vera
for mykje, no naar dei andre Diktarlønerne er 1600 Kr., um den
norske Diktaren vaar fekk 1000 Kr. Meir, 2500 Kr. Elder iminsto 2000
Kr.
Men
Garborg hev daa ein god Post som Statsrevisor, vil væl sume segja,
Staten styd under honom paa den Maaten.
Ja
hadde det endaa voret ein sodan Post som Slotsforvaltar elder
Fyrvaktar elder Tolluppsynsmann elder noko slikt, som ikkje trengde
til noko Hovudbrot, so var det ikkje noko meir aa segja paa den Ting.
Men aa binda ein Mann fast til ein kantorbenk i Kristiania, det er
vist den kleinaste Maaten ein Stat kann løna sine Diktarar paa elder
letta Forfattarvegen for dei. For er det nokon Stad ein skulde verta
ufør til aa kveikja Folk upp med friske tankar og eit fagert Maal,
so maa det væl vera i dei offentlege Kantori. Det vert berre aa
kalla Fristundsarbeide ein Diktar daa kann faa ofra aat si eigi
sjølvstenduge Gjerning.
Og
det var slett ikkje for det, at Garborg var god Maalmann elder
Diktar, at han vart gjord til Statsrevisor, men fordi han hadde eit
gløgt Hovud til aa kritisera. Men det er ikkje Spursmaal um anna,
enn at det er paa Forfattarvegjen, at Garborg hev sine Evne og kann
hevda seg ei Stelling. Og daa var det væl best, um han fekk eigna
seg heiltut til dette, for me hev ikkje mange, som er Maken hans der;
men til aa vera Statsrevisor var det væl ikkje vondt um aa finna
andre, som ogso kunde vera brukelege.
Men
so er det mange, som ikkje vil, at Garborg skal hava noko, fordi han
er slik ein Fritenkjar. Me hev imot baade Fritenkajrskapen hans og
ymist anna som han skriv me ogso. Men ein fær hugsa paa, at alle
Stordiktaranne vaare er Fritenkajrar, so at ein skal sjaa etter det,
so maatte anten ingen av dei hava noko av Statskassa, elder so likt
for alle.
Garborg
er soleids ikkje meir radikal i Fritenkajrskapen sin enn Bjørnson;
Garborg hev skrevet Kritikkar yver visse Bøker, men hev væl aldri
gjenget sjølve Kristentrui soleids inn paa Livet som Bjørnson. Og
ved Garborg kann ein ikkje paa nokon Maate segja, at det er
Fritenkjarskapen, som er Hovudsaki for honom. Sjaa til den største
Boki hans, Bondestudentar. Me trur ellest, at det er ingen
Faare i det, at dugande og tenkjande menn fær fritt Tilføre til aa
segja si Meining klaart og opet.
Lat
dei berre faa segja det som ligg dei paa Hjartat, dei beinkar seg
nok, det kann ein vera stød paa, um det ogso kann sjaa ymist
bilomtil.
Janson
hadde Diktarløn, fordi han var Landsmaalsdiktar. Er det so nokon
Grunn til ikkje aa vilja unna Garborg det same, han som daa hev
fenget mykje meir Godkjenning som Diktar enn Janson?
Me
bed alle Bønder og Maalmenn i Tinget tenkja paa, um det gjeng an aa
gjeva ei ny Diktarløn til ein av vaare danske Diktarar, dentid som
den einaste Landsmaalsdiktaren ingi hev.
Publisert