Eit Barn og eit anna.

 

Barnet det sit i Mor si Fang

Barmen er full av Ljos og Sang,

_ Verdi mot Barnet blenkjer!

 

 

Sjaa paa eit Barn, eit lukkelegt Barn paa Fanget aat ei lukkeleg Mor. Og du kjem til aa tenkje paa den ljose Heimen, der dei reine Englarne bur. Augat ser undrande glad utyver det som er ikring, ikkje ser det nokot vondt, det tykkjest vera so skuldlaust, og trur at alle andre ogso er samaleids. Vesle Vogga med sine Trømer er høg som Fjell og Romet med Vegger og Loft er høgre enn Himmel og Jord. Baade det livlause og livande ikring tek til aa gjeva det Tykkje, som alle enno er sveipt i Ljos.

 

Augat opnar seg meir og meir fyr Alt. Eg fær Sting i Hjarta, kvar Gong eg ser eit slikt Barn _ det gjeng der og veit ikkje noko um alt det vonde, men so skal det meir og meir uppdragast &dvs; lærast upp i kor vond Verdi er. Um ikkje lenge so gjeng det der med Skugge yver sit ljose Huglynde, og det skal gaa uppyver alle desse saarande Trappestigi: Kunnskap, fyr aa naa upp paa det øvste Stiget: Ulukka. Dei som søkjer trugsamt, kjem upp paa det høge Fjell og ser all Verdsens _ Rotenskap og Vesalldom og kjenner seg sjølv so mykje i Ætt med det, og daa ser han berre ein lokkande, dragande, Ljosprikk, som tek Skinet fraa Soli sjølv, den einaste Plass som er verandes her i Verdi: _Vogga.

 

Eg ser eit armt Barn, det hev aldri havt Far _ anna enn i Kyrkjeboki _ Mor’i ser paa det med vonde Augo _ skal ho forgripa seg paa det; ho var altfor glad, altfor livsfrisk, so kom den væne Guten, han var likesom av eit finare Slag. Fint var han klædd og enno finare snakkad han _ eg hev ikkje set honom sidan, men her sit eg igjen med dette, som stengjer all mi Framtid; for Verdi tilgjev aldri Synd. _ Moeri vert snart til inkjes. Vesle Barnet gjeng der millom Frammande, og naar Augat opnar seg til Glede og Fagnad, daa er det eit Ord, det snart fær lære, det skyner det ikkje enno, men det kjem nok: din Lausunge, Men Tidi forsømer seg ikkje, ho gjeng og Barnet fylgjer med og vert Ungdom, daa gjeng det der vonlaust, armt, hædt og svivyrdt. Bak seg myrke, tunge varmelause Minne, framfyre seg Natt, Natt! Og daa lærer det ein einaste Ting; aa graata _ elder arbeida. ”Det er kanskje Ljos einstaden, kanskje.” Skal Myrkret jaga det djupare inn i Myrkret, elder skal det drive det ut til Ljos! Blohundarne kjem etter _ det vel det siste. _ Men Tidi forsømer seg ikkje, ho gjeng og Ungdomen fylgjer med _ han er Mann vorten _ mange tunge Trappestig; men han hadde voret fri for Uppdragarar og Utskjemmarar, han hadde alet seg upp sjølv; han hadde havt det myrkt bak seg, og tende Ljos framfyre seg, han saag difor ikkje tilbake, men berre fram og difor var han no paa høgste Stig, og saag all Verdens Rike og Herlegdom, berre ein myrk Prik saag han langt, langt attum seg: Vogga.

 

 

A. H.

 

Frå Fedraheimen 04.03.1885

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum