[Tidender.] Maalsaki i Studentersamfundet.


Studentersamfundet hev havt Maalsaki for seg tvo Gong fyrr; den fyrste Gongen var det Berner og Chr. Bruun, som førde Saki fram, den andre Gongen Garborg. Og no sidan hev det frilynte Studenterlaget Fram ogso havt Ordskifte og Fyredrag um Saki tvo Gong.

Me vart forundrad, daa me saag at Studentersamfundet no vilde taka Saki upp atter.

Me undrast inkje paa det, at Folk vil tala um denne Saki no um Tider, soframt dei tek det paa den Maaten, at dei vil samraadast um, korleids dei best skal fremja Saki elder korleids dei best skal strida imot henne i lengste Laget.

Men aa halda Ordskifte um Maalsagens Berettigelse no, det er Ting som er for gamalt. Det kann berre høva i avsides Bygder, som inkje hev fylgt med i vaart nasjonale Livs Framvokster, men av Studentarne var det inkje formykje aa venta, at dei stod fremst i si Tid. Og det er ogso ein Deil av dei, som ein kann segja det um. Men Stordelen av dei, og daa allvist dei, som styrer uppe i dette Samfundet er meir aa likna med nokre Avdøler langt burtum alle Fjell, der Folk inkje veit meir enn det som hender innum Bygdagrensurne, enn dei er aa likna med ein frisk, blømande Ungdomsflokk, med Eldhug og Kraft til aa bera fram vaart Folks sannaste Krav. Der uppi trivst det reinaste Bakstræv endaa, dei veit ingen Ting og vil ingen Ting.

Hadde dei soleids no havt nokor Meining med dette Ordskiftet, so hadde dei daa iminsto lotet fenget nokon til aa føra Saki fram, som verkeleg kjende til henne og som kunde gjeva paalitlege Utgreidingar um Maalarbeidet vaart. Men med all Ros til Prof. J. Storm som Maalgranskar maa ein segja, at han inkje naame nær hev det fulle Kjennskap til Saki.

Meiningi deira er berre den, at dei vil freista aa aatvara Studentarne fraa denne Magti, som dei no kjenner veks meir og meir.

Det er merkjeleg, kor denne Saki hev vortet sterk; det ser ein paa dette, at fyrr maatte Maalvennerne beda og bøna, for aa faa Folk til aa gjeva Gaum. Men no er det Motmennerne som maa til og beda, dei maa freista aa stagga Straumen, so lenge dei kann. Maalmennerne bryr seg snaudt um aa ganga
uppi Salen til dei og lyda paa Snakket deira.

Det er ellest merkjelegt aa høyra, kor spake og ettergjevne dei no alle hev vortet. Soleids sagde Storm, at det nyttar inkje no i so folkekjær ei Sak aa møta Maalmennerne berre med Spott og Hæding. Han tilstod, at han alltid hadde betragtet Maalsagen med en vis Sympathi, og han uppmanad Studentarne til aa studera norske Bygdemaal. Og so er det denne hjemlige Klang, sagde han, som taler til vort Hjerte og aldrig rigtig kann opfattes af en Fremmed. Jeg synes altid, der er noget vakkert i hver eneste Dialekt, jeg har hørt; det er ligesom en ny Variation af en gammel, kjendt og kjær Melodi. Hadde berre Storm havt noko meir Kjennskap til Maalarbeidet, noko meir praktisk Sans og ei lite meir folkeleg elder demokratisk Grunnsyn, so er det inkje Tvil um anna, enn at han maatte verta full Maalmann. Det maa no so likevæl alle vituge Menn eingong verta. Det er berre eit Tidsspursmaal. Det var morosamt aa høyra, at jamvæl Prof. Ludv. Daaelaut standa til, at han hadde miskjent Vinje, han kallad honom no for ein klassisk Forfatter.


Han laut ellest standa til, at han hadde fylgt med lite i det siste. _ N. Hertzberg (Statsraaden var) viste i sin Tale, at han slett inkje hadde fylgt med, han uppmanad Ungdomen til aa verja um Bokmaalet likeso trulegt som dei eldre hadde gjort det.

Chr. Bruun hevdad, at Maalsaki gjeng no av seg sjølv, det nyttar inkje aa tala mot henne meir.

Ordskfitet skal haldast fram um Laurdagen.