Tidender.
Kristiania,
den 27de Februar.
Stortinget
25de Februar
.
1) Søknad fraa Handelsm. L. Engebretsen um Kr. 150.00 til eit Kursus
i Bokføring for Landmenn. Samrøystes: inkje indvilget. 2)
Ettergjeving av Avgift til ei Husmanns- enkja, Marie Stamnæs. Nemndi
vilde inkje det skulde ettergjevast. Etter eit lengre Ordskifte
millom Berner, Quam og H. Bentsen, vart det vedteket, at Saki skulde
sendast til Regjeringi, daa det viste seg, at det inkje var godt aa
faa Greida paa, anten det var Arvavgift det galdt elder det var
Arbeidsløn, i siste Tilfelle burde det eftergjevast. 3) Samrøystes
vart vedteket Framlegg fraa Budgettnemndi
um aa gjeva Kr. 10000.00 til Reisepengar aat Handverksfolk. Kr.
5000.00 aat Teknikerar i privat Virksamheit og Kr. 2000.00 til Tilsyn
med Utvandrarar. 4) Framlegg fraa Veganemndi um aa lata til dei
Pengar, som trengdes til Dekkning av nokre stolne Pengebrev, tilsaman
Kr, 10,886.25. Vedteket samrøystes. 5) Framlegg fraa same Nemndi um
aa lata til Kr. 3466.44, som Dekkning av burtkomne Pengebrev.
Samrøystes vedteket. 6) Samrøystes vart vedteket aa bruka Kr.
160000 til Skydsvæsenet og til Bestridelse av
Deligencefarten Kr. 8000, 7)
til Universitetet vart givet Kr. 281200.00 samrøystes.
Under
Ordskiftet vart det framhaldet, at me i Framtidi burde gjera meir fyr
aa hjelpa paa flinke unge Vitenskapsmenn. Statsraaderne var til
Stades og var med i Ordskiftet.
Skal
Presten endeleg altid vara Ordførar i Skulekommissjonarne!
Prest Wexelsen og Sakførar
Blehr vil, at Loven skal endrast, so det vert so, at
Skulekommissjonen kann velja Ordføraren sin sjølv. Dei meiner at
den Gjerdi, som det no hev, at Presten skal vera skjølvskreven som
Ordførar, det høver ikkje for eit fritt Land; der skal Valretten
vera fri. Meinslegt er det baade for Veljaranne, at dei ikkje fær
taka den, som dei trur best; og leidt maa det ogso vera for Presten
aa hava ei Stelling, som han ikkje veit um, anten Folk vil hava honom
til det elder inkje, segjer dei.
Stortinget
hev fyr gjort Vedtak um at Folk kunde faa velja fritt; men Kongen
sagde nei.
I
Sverike hev dei haldet paa yver 30 Aar med aa faa ei Endring paa
detta, men det gjeng ikkje i Tinget der.
Kongen
og Droningi
kom til Byen igaar; han er nok meint paa aa vera her eit Tak.
Dei
hev lite aa driva med Høgre no.
Soleids hev fleire Høgreblad paa det siste teket nokre Ord av
Fedrah.,
som skulde ganga ut paa, at Sverdrup vilde leggja større Avgifter
paa Folk.
Det
var det, at me sagde, at Skattarne til Statskassa vert 600,000 Kr.
meir enn ifjor; no vil dei faa Lesaranne sine til aa tru, at her er
meint nye Avgifter, men som Folk veit, er det ved Tollavgifterne, at
me betalar Avgifter til Statskassa. Det er Inntekterne av Tolli, som
dei meiner vil stiga so dugeleg, dei ventar, at Handelen vil ganga
betre. Men so styvne Lesarar hev Høgrebladi, at dei ikkje skynar
dette.
Utnemningar.
Kand. theol. R. J. Olsen til Sokneprest i Hjøringfjord. Sokneprest i
Hole Leganger til Sokneprest i Hurdalen. Sokneprest i Hyllestad
Hysing til Sokneprest i Helleland.
Hjelpeprest
i vestre Aker Bakke til Sokneprest paa Kvikne: Hjelpeprest i Hamars
Stift Bugge til fast Hjelpeprest i Støren.
Uppreisning
til Vinstremann
.
I
Varden
er innteket dette: Den svære Prøvelse, som Aslak Houkom har
gjennemgaaet, kræver efter vor Mening endnu en anden Opreisning end
den, der er bleven ham tildel ved den enstemmige Frifindelse for
Overret og Høiesteret. Ogsaa i økonomisk Henseende har Anklagerne
tilføiet ham stor Skade. Baade for at erstatte ham denne, og for at
vise ham Landsmænds Medfølelse, tror vi, at der bør skydes sammen
til ham, saa han ikke til al den øvrige Sorg, han har havt, skal
lide et føleligt økonomisk Tab. Dertil kommer saa ogsaa, at i sin
dybeste Grund er det for Venstresagens Skyld, han har lidt, og
saamegetmere Grund er det for alle frisindede
Mennesker til at vise ham, at vi ønsker at gjøre alting godt igjen
for ham.
Vi
opfordrer derfor Mænd og Kvinder til at indsende Bidrag i dette
Øiemed til
Vardens
Expedisjon i Skien. Redegjørelse for det Indkomne vil blive givet.
V.
Ullmann. O. Thomesen. F. O. Jespersen.
P.
Rinde. O. Sveinson. M. Øvrom.
S. Klovdal. P. Botnen.
Castberg. H. Larsen.
Straafletting.
I Sverike driv dei mykje med Straaflettearbeid, serleg i Dalsland, og
i tusundvis av Straahattar vert sende derifraa til Noreg. Styringi
tek seg og av Saki og gjer sitt til, at Straaflettingi vert kjend paa
fleire og fleire Stader der i Landet. Frøken Lina Jansson hev
soleids no fenget Løn for aa reisa ikring i fleire fatige Bygder for
aa læra Folk Straafletting.
Stortjovar.
I ei Juvelkraambud i Paris vart det stolet Juvelar og Stas for
8
_900.000
Krunur. Tjovarne hadde brukt falske Nyklar og paa den Maaten komet
inn i Kraambudi.
Stor
Stas
.
Kjeringi aat den italienske Finansministar skal snart faa seg ein
Kjole, som inkje er nokor vanleg Dos. Han skal vera av raud Fløyel
og kvit Atlask og kostar 15000 Franks. Det er smaa Gullringar til aa
hengja Blomekransar i her og der paa Kjolen og paa Slæpet er det
smaa Gullklokkur, som tek til aa ringja, so snart Kjeringi tek til aa
rusla og gaa. Kjolen skal brukast fyrste Gongen ved eit Ball, som
snart skal haldast i Kvirinalet.
Tyrefekting
i Madrid.
Dei hev no haldet Tyrefekting i Madrid til Inntekt for dei, som miste
Midelen sin ved Jordskjelten i Sudspania. Uksarne vart gjevne av rike
Godseigarar og Fektaranne var dei beste, som Landet eig. Kongen,
Droningi og mange av dei store var tilstades og saag paa. Ved det
Tilhøve kom det alt inn 55000 Franks. Dei beste Plassarne vart
betalt med 250 Franks og dei klenaste med 6 Franks.
Nyt
Tidsskrift
,
No. 1, 1885 inneheld:
En
Bygdekonge
(Kr. Janson).
_
Inger Sypige(Alvilde
Prydz).
_
Spildte Bestræbelser(C.
C.)
_
Kvindesag
og Kvindedragt
(Andr. M. Hansen).
_
Om
Benægtelse af Aarsagsforholdet mellem det materielle og det
saakaldte sjælelige
(Dr.
Jessen).
_
Gjensvar til Prof. Fredrik Petersen(Gina
Krog).
_
Musik(Aimar
Grønvold).
_
En
Malstrøm
(meldt
av C. C.)
_
Holbergs-jubilæet.
Georg Brandes,
Festskrift(meldt
av J. E. Sars).
Nora,
No. 2 inneheld: Eit Innstig hjaa Ola Skjotar.
_
Um aa døy tidleg.
_
Gjenta, som klagar.
_
Kvat er Fedralandet?
_
Dei skilde Grefterne.
_
Smaatavlor fraa Sudgrønland.
_
Fraa Bokheimen.
_
Rispur o. s. fr.
Publisert