Juryloven
er
no sendt til Justitsnemndi, for at ho skal granska Saki og gjera
Innstilling for Tinget. Det vart innmelt tvo Menn til i Nemndi (Stang
og Blehr), for at dei skulde faa meir Arbeidshjelp.
Baade
Lov og alle Grunnarne for Loven, som Jurynemndi sette ihop, er no
trykte og me skal gjeva nokre stutte Meldingar um, korleids det er
meint. (Sjaa ellest
Fedrah.
No. 64 ifjor).
Det
skal vera 100 Lagrettesmenn for kvar Lagsokn, av desse skal det
takast ut 21 til kvart Lagmannsting, og 6 av desse kann skjotast ut
(2 av Advokaten og 4 av den, som er sakad).
Det
skal verta 18 nye Embætte (men mange av dei gamle skal inndragast):
6 Lagmenn (Fyremenn i dei 6 Lagmannsdomstolarne), 1 Riksadvokat og 11
Advokatar under honom. Dei hev med Sakingi elder Paatalen aa gjera og
med Ettersporing av Lovbrot og skal agta paa, at Loven vert rett
gjenomførd.
Det
er Riksadvokaten, som hev med aa avgjera, um ein skal sakast, naar
det gjeldst paa, um ein skal hava Livsstraff elder Tvangsarbeid paa
Livetidi. I mindre Saker, for Trimannsdomstolen, er det ikkje
Advokatarne, men Politiet, som skal spora upp det som er galet gjort,
naar det daa ikkje berre er private Saker.
Naar
ein er mistenkt for noko, skal han ikkje venta lenger enn 8 Dagar,
fyrr han fær vita, anten det vert Sak elder ikkje. Og i Tilfelle, at
det vert Sak, skal han faa vita, kva han er sakad for, og kva Domstol
han skal møta for. Det vert daa forkynt honom ved Stemmevitne, og
det vert nemnt upp ein
Verjar
for honom, og han skal og faa vita kva Prov dei er tenkte paa aa
setja mot honom.
For
Domstolarne skal Forhandlingarne vera muntlege. Formannen fører
Ordet og avgjer, korleids Saki skal takast og agtar paa, at det ikkje
dreg for langt ut ifraa Saki.
Soframt
den som er sakad, ikkje stend til med det same, skal Klagaren gjeva
ei Utgreiding av det, som det gjeldst um, og er det daa eit elder
anna, som han ikkje gjer tydelegt nok, so kann det krevjast betre
Forklaaring av honom. So tek han til aa spyrja ut Vitni. Naar so han
er ferdug, les Formannen upp Forklaaringi, som den saksøkte hev
gje
vet
og spør honom, um han hev noko aa leggja
til elder endra.
So
fær Verjaren Ordet og fører fram sine Vitnesburdar. Klagar og
Verjar kann faa Ordet tvo Gong kvar, likeeins dne saksøkte. Møtet
skal ikkje slutta, fyrr det er gjort Dom.
For
at nokon skal dømast skuldig, krevst det i Lagmannsdomstolen, at
aatte Mann er samstelte og i Femmannsdomstolen fire og i
Trimannsdomstolen tvo. Til alle andre Avgjerder krevst det berre
reint Fleirtal.
Publisert