[Tidender.] Kapprenn paa Skeisur.


Her er tvo Karar i Kristiania, som hev vortet vidgjetne, fordi dei er so skadgode til aa renna paa Skeisur. Den eine heiter Paulsen og den andre Werner. Dei hev voret utanlands og tevlat med Utlendingen, vunnet Pris all Stad. Soleids gjekk dei Frikarar, alt til i Haust, daa dei skulde ikast med Hollendingen. Dei likad ikkje Banen der, ogso snudde dei seg ifraa att, vilde ikkje vera med og renna. Hollendingen heldt det for, at Kararne var rædde, so dei ikkje torde lata til, og var so overlag kaut paa det. Men dei vilde daa ikkje lata det ufreistad likevæl. So vart det gjort eit Uppsett um, at Paulsen og den likaste Hollendaren, at den av dei, som tapad i Tevlingi skulde gjeva Vinnaren 100 Pund (=1800 Kr. paalag). Hollendaren van der Zee kom hit, og igaar møttest dei paa Frognerkilen. 
Det var berre Lækje i Veeret, og Isen var ulagom; men dei fekk daa freista likevæl. Folkemugen var tett utpaa Isen, 20 _30,000 Menneskje var væl samlat. Spenningi var stor, det var som ei nasjonal Sak dette, um Norsken el Hollendaren skulde vinna. Endeleg bar det iveg, baae tvo paa ein Gong. Hollendaren vart fyre, men best som det er, tek Paulsen honom att og flyg som ei Pil framum honom, og daa han var framkomen, var Hollendaren 350 Meter attum. Folkehopen sette i med Hurrarop, og Musikken spilad Ja vi elsker dette Landet. _ Paulsen hadde brukat 11 Min. 8 ½ Sek., og van der Zee 12 Min. 13 ½ Sek. Skeidet var 4800 Meter langt.

Sidan var det Renn, som var fritt for alle, 5 andre hadde meldt seg til dette. Fyrst av desse 5 vart ein Hollendar, Andremann vart Werner, Tridjemann ein norsk Student, Kolstad, Fjordemann ein Danske, sist vart ein Hollendar, han brukad 17 Min. 23 Sek.