Or ei Kallsbok.
(Slutt
f. f. No.)
(Del 2 av 3.
Fyrste delen.)
Um
den
andre
Gordspresten (J. L.) staar det ikkje mykje i Kallsboken; han var her
fra 1852 til 1876, daa han fekk Avskil. Um han staar berre dette:
Sogneprest J. L. omtales af Almuen som en venlig, omgjængelig og
overmaade
medgjørlig
Mand. Naar det vert understreka dessa tvau Ordi, so er det
Sanning alt ihop. Han let kvar faa gjera, som han vilde. Men stundom
vil det vera væl so høveleg aa staa
imotStraumen,
naar den gaar den galne Vegen. Mannen er no yver aatti Aar; han høvde
kanhenda til Tidi og Folket, som daa var. Og det tor henda, at Domen
yver hans Liv og Verksamheit ikkje vert so streng som yver den
fyrste. Eg skal ikkje segja meir.
Den
tridje,
Forfattaren av Kallsboki, A. E. var her fraa 1876 til 1882. Det staar
i Kallsboki, at mykje vart annerleids i hans Tid. Eit Par Hus paa
Prestgarden vart umvølt, ein liten Hagje stelt till ny Vedkjørsel
til Prestegaarden anlagt (paalag 20 Alner!), Bygnaden bordklædd
og Eldhuse tekt med Hellur
_
fyr Laan paa Embætte. Det vart i hans Tid 2 Skulelærarar meir i
Gjelde, og Skuleborni skulka ikkje so mykje som fyrr. Meir fær me
ikkje veta um han sjølv.
Men
det er ein Hugnad aa sjaa, kva denne Mannen, som dømde so mildt um
sine Fyremenn, har aa segja um Gordingarne. Han skriv millom anna;
I
det hele taget maa Hallingen siges at være et baade i aandelig og
legemlig Henseende kraftigt Folkefærd. De er livlige og begavede,
lærvillige og modtagelige for Paavirkning.
_Naar
Hallingen behandles paa en kjærlig og høflig Maade, er han
medgjørlig og godslig. Faar han imod nogen, det være med eller uden
Grund (?), bliver han stiv og stridig, hensynsløs og hevngjerrig
(?). I Handel er han slu (?) og beregner godt. I sine Bemærkninger
er han ofte træffende og kløgtig, Med Hensyn til Charakter og
Temperaments Beskaffenhed er der ikke ringe Forskjel mellem
Befolkningen i Hovedsognet og Annexet. Hemsedølerne er rolige,
besindige og fredsommelige, men ogsaa mere nøieregnende og mere
paapassende med Hensyn til Udgifter. Golingerne er heftige,
stridslystne og mere flotte i
Levemaade.
_Ved
Gjestebud, især i Brylluper og ved Høitiderne, fornemmelig i Julen
lever man temmelig overflødigt med Mad og Drikke; ellers i Regelen
tarveligt og nøisomt. Hallingens daglige Kost er dog i det hele
taget temmelig kraftig. Tilbøieligheden til stærke Drikke er ikke
lidet fremtrædende og i beruset Tilstand forekommer hyppigst fra
Hallingens Side de sædvanlige Udskeielser og Voldsomhed, saasom
Slagsmaal, Knivstik etc., idet da Hidsigheden og Hevnlysten
bryder løs. Hallingens værste moralske Fiende er
Drukkenskab,
Utugt
og
Pengebegjærlighed(?).
En udpræget Selvfølelse, der mangen Gang udarter til
Stolthed, Stivhed og
Selvgodhed(?),
har han tilfælles med alle vore Fjeldbønder
_.
Som
ein ser, brukar Presten her eit kraftigare Spraak; det er liksom han
ikkje kann finna sterke Uttryk nok. Ein fær ein Teft av, at
Aalmugjen har hardare Hud, so han ikkje her tarv lena paa Slage, men
kann draga aat det han orkar. Hi sterke Kjempa av ein Prest, som
brukte corporleg Refsing, so
han mest slo Folk ihel, men lell vart elska, og den andre
yvermaateleg medgjørlege Mann, som let kvar gjera, som han
vilde, dei kann han handsama so fint og so lint og mjukt, som var han
rædd, dei hellest kunde gaa sund millom Fingrarne hans. Endaa
Presten tok groveleg imist, naar han skildrar Hallingen, eg likar
lell betre hans harde strenge Dom enn denne Leikingi med Fyremennom
hans, der han ikkje kann nemna Tingen med sitt rette Namn. Presten
har verka her i 6 Aar, og lell kjenner han ikkje Hallingen. Som
Bymann har han dømt, og difyr teikna eit Bilæte, som med smaae
Brigde kunde passe paa alle Prestegjeld i Landet.
Han
ser ikkje Skilnad paa, kva Hallingen
varog
kva han
er.
Han
varvill,
raa, balstyren og hugad til Slagsmaal og Drykk. Men hadde han lært
noko anna av Prestom sine? Det vert Sanning her det gamle Orde om
Herren og Sveinarne: Det var i lang Tid ikkje verre Hus til enn
Prestgarden. I den Tidi vart Aalmugjen handsama som ein Træl. Var
daa nokon, som ikkje gjekk av Vegen, naar dei Store kom
køyrande, so vart han kalla raa, stiv, o. s. fr. Fjellbonden
er stød, heldt Ord, er faamælt, men hugsar godt; og no krev han,
naar han møter Bymannen, halv Veg; men daa vert han karakteriseria
stiv, stridig, hensynsløs og hevngjerrig.
Det
er eit Drag i Folkelynde, som Presten ikkje hev fengje Tak i, og so
glepp det alt og vert berre Tull. Hallingen er som flestalle
Fjellfolk innesluttad, faamælt og mistenksam, serleg mot alle
Framande. Han kann løyna seg so godt, at kanhenda ikkje eigong
Grannen hans rett skynar han. Det hekk ihop med di, at han har vokse
upp i tronge, snøve Forhold. Det er, som hadde Fjelli, som stengjer
paa alle Kantar og klemmer Bygdi samen i smaae Grender elder
einsløngde Bruk, og klemt Folke og gjort det faamælt og trongsynt.
Dei, som sjeldan svallar ved Folk, sjeldan opnar seg fyr andre, vert
ofta mistenksame mot andre. Ein ser detta hjaa Dummingom: Dei trur,
alle svallar um dei. Fjellbonden har lengje lide under det, at alle
Byfolk finn aat dei. Byfolk trur dei er dumme; nei nei er berre
trongsynte, har lite lært, lite
set.
Fjellbonden hugsar godt; der Raaskapen sit atti, der kjem væl i
Fylla og mangt, som av andre var gløymt. Detta kallar Presten
Hemngirugskap. Hallingen er ikkje hemngirug, men han har vakna
upp til meir Sjølvkjensla, so han ikkje lenger let seg handsama som
ein Hund. Presten H. tenkte seg vist til aa kunna fara aat med
Gordingom, som han vilde, allvist i Pæingvegen. Det gjekk ikkje, og
so vart han harm, reiste sin Veg og slengde etter seg dessa Ordi:
stiv, stridig, hemngirug.
Korleids
fyreheld det seg med Prestens Tale um Hallingens værste moralske
Fiender: Drukkenskab, Utugt og Pengebjærlighen?
Drukkenskab!
Det er ein Bygdaskikk, som Presten har set seg blind paa, at
Hallingen, naar han fær ein Dram formykje, ikkje sit roleg, men
gjeng ut, spretter seg, hugar og skrik. Eg torer segja, at det er
ikkje mange Stad i Lande, det vert drukkje mindre enn i Hallingdal.
Hallingen kann drikka dugeleg i ei Helg, i eit Lag, men kanhenda
hellest ikkje smaka Brennevin heile Aaret. Her er usædvanleg faa
eigenlege Drikkarar. Det vert drukkje mykje meir i Husom hjaa dei
Store t. d. Øvreheiti og Storingom paa Nes, so Presten ikkje burde
neisa Hallingen fyr Drukkenskab, alvist ikkje nofyrtiden.
Utugt!
Her er det Nattelaupingi, som Presten kallar Utugt. Nattelauping er
ein stygg, raa Skikk, det er vist og sannt; eg skal vist ikkje
forsvara han. Men at Lauslivnad skulde vera eit Sermerkje paa
Hallingen, er Usanning. Eg skal berre nemna, at her er faae Tausungar
(uægte Born), og det er oftast Gjentur, som har tent i Byom, som
kjem heimatte framlæst, som ein Mann kalla det. Det er
fraa Byom baade Lauslivnaden og Drukkenskapen kjem.
Pengebegjærlighed!Det
er ogso her Bymannen, som har dømt rangt, fordi han ikkje kann gjera
Skil paa
Sparsemdog
Girugskap.
Folk maa her træla, slita og slæpa fyr kver Skilling; vert ein
Storkar, er han snart Fant. Alt er smaatt og vesalt; skal ein hava so
mykje tilovers, at han kann greida sine Skattar og andre Utreidslur,
lyt han nok spinka og spara alt han orkar, um det ikkje skal
bera den galne Vegen. Det vore væl, um det vore lite meir Sparsemd,
enn det er, baade hjaa Høg og Laag, so vore det lite minder Armod.
Det
er hellest ein underleg Lagnad, at det er denne Presten, som neiser
Hallingen fyr Girugskap. For det gaar det Orde her i Bygden, at han
var umaateleg sli etter Pæing.
Tjuv
trur alle andre stela, og Presten meiner, Gordingen er girug! Um
denne Man-nen gaar det mang ei morosam Histori. Han laag heile
Tidi i Strid med Folk
_
um Pæing. Det andre Prestar ikkje hadde kravd, det kravde han. Han
ligg endaa og søkjer Folk etter Offer av Korfolk, som aldri hev vore
betalt. Han tok til aa vilje hava Offerskjeppa av alle serskilde
skyldsette Smaalapper, sjølv um dei aldri hadde vore bygd. Han vilde
hava 16 Mrk. Smør (Offerskjeppa i Hemsedal) av Sjølveigarbruk, som
støtt hadde vore vane ved aa betala to Mark (Arbeidsdag). Han reikna
Tiendesettungen ved Umsetningi til det nye Maale til 10
_
tie
_
Liter. Han trætta med Brudfolki om Bitalingi, so mange var nøydde
til aa taka Viels paa ein Sundag (etter Loven). Han kravde 9 Skilling
fyr ¼ Mark Smør, 12 fyr ½ og 18 for 1, naar det vanta lite, men
var snøgg til aa takka fyr god Vegt, naar dei var 1
_2
Merker yver. Han gav Tenestfolki lite Mat, men vilde hava mykje
Arbeid. Han kravde Betaling fyr Papire, naar ein skulde hava ei
offentleg Attest. Han torde ikkje kjøpa seg ein Kop Kaffe, der han
kvilte paa Reisa til Hemsedal, men hadde kokt Kaffe med paa ei
Flaska. Han krangla med Heradsstyre um Likningi, daa dei hadde sett,
at han aatte 10,000 Krunur, og han aatte kannhenda 10,000 Dalar.
Denne Prestemannen skuldar Gordingen fyr Girugskap! Men det er ikkje
slutt endaa: Daa ikkje Folk vilde gjeva honom meir, enn dei trudde,
han skulde hava, la han Sak mot fleire i Hemsedal og Gord um
Offerskjeppa. Han tapte baade ved Underretten og ved Høgsterett.
Gordingen er stiv, stridig, sli etter Pæing,
_
ja det passar væl paa ein, som fyr nokre Aar sidan var Gording, men
no er ein annan Stad. Paa dei Gordingarne, som er atte, passar det
slet ikkje.
(
Meir.)
Publisert