Kvendesaki gjeng fram.


Her fyrst i Aarhundradet var det so, at Kvendi var umyndige. Kona hadde Mannen til Formyndar og Gjentur og Enkjur fekk uppnemnt sine av Styremagti.

Dei hadde ikkje Lov til aa driva noko Slag Næring, berre sovidt tena Maten i seg. Arv fekk dei berre det halve av imot Mannen.

 
I 1839 fekk veikhelsa Kvende, som ikkje kunde næra seg paa annan Maate Rett til aa driva Handverk.

I 1842 fekk Kvende yver 25 Aar Rett til aa driva Handel, naar Formyndaren ikkje hadde noko imot det; men endaa maatte dei søkja Kongen alle, som vilde taka til med eitkvart sovoret.

I 1845 vart ugifte Kvende yver 25 Aar myndige under Kurator, det vil segja, dei vart jamnstelte med Mannen millom 18 og 25 Aar.

I 1854 vart Arveretten den same for Mann og Kvende.

I 1863 fekk ugift Kvende dei same Han
delsrettar som Mannen. Og alle Enkjur og fraaskilde Konur skulde vera myndige utan Umsyn paa Alder.

I 1866 fekk Kvendi same Retten til aa driva Handverk som Menn.

Paalag 1870 fekk Kvende Rett til aa vera Tannlækjar.

I 1872 fekk dei Lov til aa taka Middelskuleeksamen.

I 1882 fekk dei Lov til aa taka Studenteksamen, og i 1884 fekk dei taka Embættseksamen og Apotekareksamen og Rett til aa driva Apotekarnæring.

Kvendesamlaget, som vart skipa i Sumar, hev sett upp fire Krav, som dei vil arbeida for:

Same Rett for Kvende som Mann til den høgre Undervisning.

Same Rett for Kvende som Mann til dei ymse Livsstellingar.

Same Rett for Kvende som Mann til aa vera med i dei offentlege Val.

Eit liklegare Stell med Eigendomsretten og den personlege Stelling aat dei gifte Kvende.


(Dagbl.)