[Tidender.] Me er Bakstrævarar alle
-
ja alle Maalmenn daa. Det segjer ein Vismann i
Aftenposten.
Og
me som hev gjenget og trutt, at me var slike fæle Fridomskarar og
Framstigsmenn for sjølve seg, me som Folk hev haldet for aa vera so
reint radikale, og som i vaar Einfaldugskap hev kallat Høgre for
Bakstrævarar, no reiser dei seg voldeleg og slengjer dette Tilnamnet
aat oss.
Fjørtoft
og Framsflokken, Hølaas, Garborg, Quam, Konow, Liestøl, Øverland
_
Bakstrævarar er me Maalmenn alle.
Ein
skulde kanskje tru, at ein slik hard Dom vilde gjera oss vondt aa
høyra, som no gjerne vilde vera millom dei fremste Fylkingar i alle
Maatar, og me burde kanskje taka for oss nokre av dei Menn, som eit
slikt Namn kunde vera mest saarande for Æra aat, me burde kanskje
greida ut um, at etter vaar Meining er slike Menn som t. D. Garborg
og Quam ikkje det Slag Bakstrævarar. Men me vonar likevæl, at
Lesaren vil tilgjeva oss, um me let det vera, og bed desse Menn taka
det med Ro. For det er no lite ansande etter kva slike Høgreblad
segjer, dei tykkjer det er ikkje noko greidt radikalt dei, utan naar
det lugtar av Krut, naar det klirrar av Sablar, som vert framborne
for aa slipast, utan naar det lagast Kanonar istand. Dei minnest for
væl sjølve maavita, korleids dei var, daa dei var radikale paa det
verste, og so unner dei ikkje nokon
Namnetav
radikal ein Gong, som ikkje hev det paa same Gjerdi. Daa vyrder dei
det ikkje for anna enn Bakstræv altsaman.
Men
fordi um me ikkje er tenkte paa aa sprengja Høgre til Veers elder
setja Muleband paa kvar ein, som talar Dansk i Landet, so er det
difor ikkje rett, at det gjeng so vidt, at dei kallar oss for
Bakstrævarar.
Men
ei Sanning er det likevæl i dette, og den skal me merkja oss, det
er, at radikalt hev aldri Maalmennerne boret seg aat for aa faa fram
sine Krav. Her hev me havt eit Maal av slikt gamalt godt Grjot og med
slik Rikdom og Kraft i seg, at ikkje mange hev det likare. Men
likevæl leet me oss hundsa av Dansken.
Daa
var det Bakstrævar-gjerd paa oss daa, det var sant!
Og
so sidan, daa Maalreisningsarbeidet vaart tok aat, kom me smjugande
so stilt med mjuke Bøner til vaare Trengjarar um aa ansa paa oss.
Det
var ikkje radikalt!
Og
no sidan, daa me hev fenget Magti, no gjer me endaa ikkje anna enn aa
segja: Me vil hava
Rett
til aa bruka Maalet vaart sjølve; lat so Utviklingi og Framtidi
raada ellest. Og me liter paa, at vaar Sak vil vinna fram med det; me
bryr oss ikkje um nokre Tvangsmidlar. Me held oss for gode til aa
gjera mot Dansken soleids som han hev gjort mot oss fraa fyrst til
sist; for han var radikal i sitt Stræv, korkje bad elder tagg for
seg, berre sagde til oss: heretter
skaldu
læra aa lesa Dansk, du
skal
læra
aa tala Dansk; du skal gløyma det Maalet, som Mor di lærde deg og
taka vaart i Staden.
I
fleire hundra Aar hev dei haldet paa med dette Maalstrævet sitt
_
det var den permanente Revolusjon det, dette at eit framandt
Bokmaal vilde kuga ned Landsens heimlege Tale og setja seg sjølv i
Staden, og det er ikkje andre Maatar enn Revolusjon til, for at slikt
kann vinna fram. Men naar no me Maalmenn vil gjera ein Slutt paa
dette Ustellet, og hevdar at Landsens
Tale
er den som Husbond maa vera, so er me korkje radikale elder
Bakstrævarar, men sanne
Freds-og
FridomsVener.
Publisert