[Tidender.] Ein Agitator i Bakstræv.

 
Det er denne Søknaden fraa Regjeringi um Reisepengar for Erik Bruhjell, som Aftenp. argast so yver.

At Johan Sverdrups Ministerium kunde finna paa aa vilja senda ut Menn, som skal stydja noko sligt som Maalsaki, som Aftenp. forsikrar er Bagstræv i Ordets egentligste Forstand, bygget paa en grundig Misforstaaelse af den menneskelige Udvikling _ det var daa forgalet.

Men Bladet finn ei Forklaaring. Maalmennerne er ikkje berre Bakstrævarar meiner det, dei er ogso Matstrævarar; det er ellest noko, som me ikkje hev høyrt Folk klaga Maalmennerna for nokon Gong fyrr, det hev tvertimot voret klaga paa slike Folk, at dei sette Æra høgre enn Maten, men ettersom Aftenp. segjer det, skal dei daa vera av same Slag Matsnikjarar og Gryteskraparar dei som andre. Jau so er det, fortel Bladet, dei heldt seg attaat Vinstre i den indre Krig 1882 _1884 og var
daa J. Sverdrups irregulære Tropper, hans Baschi-Bozuker, og det var for aa kunna faa Rett til ei Etterløn av Statskassa, likesom andre Invalider. No kjem dei daa og melder seg til Belønning.

I Dansketidi var det so, at den som yndad seg inn hjaa Kongen og Storingarne, gjerne fekk seg ei Etterløn for eikvar Beinka paa den Maaten, at han vart utnemnt til Embættsmann og dansk Maalstrævar i Norig.

Sameleids trur no sume, at dei norske Maalmenn vil gjera det.

Høgre hev so urimelegt vondt um aa skyna, at det finst noko høgre enn Maten i denne Verdi. Dei kann aldri forstanda, at det som ein norsk Gut med rett Hjartelag mest traar etter, det er aa faa kunna arbeida for ei Sak, som han hev huglagt. Naar han so vidt bergar seg fraa Sveltihel, er sjølve Arbeidet Løn og Glede nok for honom. _ Og det kann ingen segja, at ein Mann, som skal reisa kringum i Landet eit heilt Aar, fær noko Pengar upplagt av Kr. 2500.

Og Høgre kann endaa mindre skyna, at dei nye Menn i Regjeringi maa kjenna det som ein Skuldnad for Regjeringi aa taka til aa byggja upp atter det, som dei fyrre Regjeringarne hev brotet ned. Kjærleiken og Samhugen til det nasjonale _ laag det kanskje ikkje i det Stangske System aa motverka den? Regjeringi hev so mange Synder mot det nasjonale aa sona, at dei 3500 Kr., som dei krev aat vaart norske Arbeid, det er ikkje meir enn Vitnesburd um den gode Viljen. For skulde ein avsona alt, skulde ein no krevja likeso mykje til aa hjelpa fram Norsken, som det fyrr er bruka til aa tyna Norsken i Kyrkje og Skule og Heim, so vilde det draga upp i Millionar. So at dette aa senda ut ein Mann til aa upplysa Folk um korleids det høver med Maaltilstandet vaart, det var væl ikkje stort meir enn ein kunde venta av kvar ei Regjering, som vil at Folket vaart skal friast ut av denne Vankunna og denne Vanheidren og Miskjensla av seg sjølv, som dei i Dansketiderne utigjennem hev fenget so fast i seg, at det hev vortet dømt som den verste Vranglærdom, naar nokon vilde upplysa
Folk um Sanningi i so Maate.

Med dette Kravet um Reisepengar aat Bruhjel er det soleids like langt fraa aa vera meint paa ei Løn for politisk Hjelp som det er langt fraa aa skulle vera meint paa, at Staten sender iveg ein Agitator til aa arbeida for politisk Maalstræv. Naar Staten fyrr hev kostat paa og vill-leidt og hildrat Folket, er det berre hans simple Plikt, naar han kostar lite paa for aa taka Hildringi fraa dei, so dei kann faa ei sannare og friare Syn paa Saki.