[Tidender.] Det er Høgre, som er dei nasjonale!

 
_ Kristiania er den nasjonale Byen _ sagde Professor Daae paa Høgremøtet ihaust, det var likesom korkje Byar elder Bygder dugde imot Kristiania. Og me skal helder ikkje fraakjenna Byen breint Namnet av Nasjonalitet og norskt Maal, um ein dermed vil tenkja paa Maalføret aat dei simple Klassar i Byen. Dette Vikamaaalet her er mykje norsk, endaa det ikkje er vænt og korkje rikt elder skapelegt. Og um Daae sjølv kann me gjerne segja, at der ogso er mykje norskt ved honom, daa Maalet hans i mange Maatar liknar det, som ein høyrer av ein Vikagut nedpaa Bryggja. Men me kann ikkje segja anna, enn at det høvde betre for ein Mann i hans Stelling, som gjev seg Ord for aa vera norsk, um han heldt seg til eit finare norskt Maalføre enn dette Vikamaalet, som er eit av dei klenaste og raaaste i heile Landet,

Ellest veit eg ikkje, um det var seg sjølv so mykje han endeleg vilde skreppa av; det var væl Byen og Kristianiapolitikken i det heile som var so nasjonal i hans Augo. Den dømde Regjeringi og desheld vert uppskrøytt no, soleids fær Hertzberg Gong etter Gong det Ordet, at han hadde fenget sitja lenger i Departementet sitt han, so hadde han voret Mann for aa innføra so mykje Norsk i Skulen og Bøkerne, som me kunde trengja, utan at me hadde turft noko Umskifte i Regjeringi for den Sak Skuld. Me undrast paa kor lange Ævur han hadde maatt setet, fyrr han hadde fenget dette fram; Motstand i Tinget og i Folket kunde han vist ikkje klaga paa, verre var det væl med det Motstandet som var i Mannen sjølv, er me rædde for. Det han gjorde til aa hjelpa Maalet, det vart han tvungen til, og endaa vart det berre standande paa Papiret, so at, etter det me hev spurt, laut den nye Kyrkejstatsraaden friska upp atter Paalegget til Prestarne um, at Læraranne skulde bruka Norsk i Skulen; det var likesom um ingen hadde teket det for Aalvor fyrr.

Heile Vinstre er unasjonalt fraa Isse til Fodsaale segjer Hamars Stiftstid . Maalmennerne og, alle saman er me unasjonale, Maalbladi jamnvæl. So skulde me lyda etter Adjunkt Pettersen, so fekk nok Fedrah. taka inn Papiri sine straks.

Desverre stend Autoritetarne no i so laagt Umdøme, at me for vaar Del set langt større Pris paa aa faa det Ordet fra simple Bondegutar fraa Hardanger og Gudbrandsdalen, at Fedrah. er likeso norsk som me sjølve enn aa verta avdømde av ein Adjunkt Pettersen paa Hamar. Me vaagar daa fulltrygt aa tevlast med Adjunkten. Og soframt han skulde synast det var nokor Moro i det, skulde me gjerne taka oss til og syna honom, at han snaudt kann skriva ei einaste Setning utan aa synda groveleg mot Lovarne for det norske Maalet.

Skilanden paa Høgre og Vinstre med Umsyn paa det nasjonale kann ein væl no segja er denne: Høgre talar um det nasjonale, Vinstre arbeider for det. Høgre vilde vera nasjonale, Vinstre er dei nasjonale.