Haardusken. Ei Forteljing fraa Italia, etter Rosenthal-Bonin. [Forteljing til Utklypp]
(Del 3 av 3.
Fyrste delen.)
-12-
Andre
Morgonen sende ho Bod til Pieteranton, at ikveld maatte han koma, og
daa det leid utpaa Aftnan, tok ho og fylte Sand inni Nykelholet.
Ditta
kom og vilde leggja seg um Kvelden. Ho leet att Døri og vilde faa
henne i Laas, men det gjek inkje. Ho freistad ein Gong til; nei. Ho
tok til og skulde sjaa paa korleids dette var lagat, daa skynad ho
med eit alt saman. Det kom ei Rædsle paa henne, so ho vart reint
skjelvande og maatte leggja seg burtpaa Sengi. Soleids laag ho klædd
ein Times Tid, daa smette ho seg varleg ut, og burti Stallen etter ei
stor Bile, som ho fekk med seg innaat og lagde under Hovdegjerdi. So
lagde ho seg igjen, vart liggjande med opne Augo og bankande Hjarta,
lydande etter kvarein Ljo. Det var so ljost og blankt eit Maaneskin
ute, men her inne var det halvdimt, men ho meinte paa det, at her
skulde ingen no faa lura seg inn til henne uforvarande. Jau no høyrde
ho ein blistrad ute i Tunet og so sagte Stig. Ho lyfte seg upp og
Sengi, og stiltrad seg burt til den myrkaste Kraai. Alt var stilt ei
lang Stund, kvar Minutt var lang som ei heil Æve for Ditta.
Med
ein Gong fekk ho sjaa ein liten Ljosstraale gjenom ei Sprunge paa
Veggen, og straks ettergjekk Døri upp, og inn kom Moderi med eit
Ljos i Handi, og baketter Pieteranton med ei stor Saks.
Daa
sprang Ditta fram fraa Kroken sin med Øksi i Veeret yver Hovudet paa
seg.
_
Ja berre kom du, din Skarv, og vaaga paa
_
ropad ho aat Karen.
Han
vart standande, som han var klumsad, sagde inkje eit Ord, berre saag
imot den blanke Bila, som han inkje tyktest hava nokon Hug til aa faa
slengt i Hovudet, for han var bleik som eit Lereft. Endeleg fann han
det best berre aa draga seg ut til Døri, og smatt ut; Gamla etter,
skjelvande og bivrande som eit Lauvsblad. Um ei liti Stund var alt
stilt.
Men
Ditta fekk inkje Svevn paa Augo den Natti, ho vart sitjande
paa Sengkanten heile Tidi med Hovudet studt att mot
-9-
Han
var nok ein Tyskar for det fyrste og var komen til Neapel, medan han
var liten, og so hadde han vortet hengjande her, som han kallad
det. Han hadde voret 10 Aar i Palene no og hadde Barberstoge, Handel
med Frukt og Sangfuglar og kvat som ellest kunde høva, og derattaat
hadde han Kaffe- og Vinstoge. Men endaa han for med so mykje, var det
berre sovidt at han klaarad seg, for han heftad so burt seg med denne
Ovhugen, han hadde til aa fara paa Veiding. Han flaug ofte baade tvo
og tri Dagar um Gongen og reikad kringum i Fjelli med Byrsa, og let
Handel og Barberstoge stella seg som det kunde. Og nokon Rikdom av
Veidingi si, det fekk han inkje. Det hadde væl gjenget reint ut med
honom for lenge sidan, hadde det inkje voret det, at han var so hag
og hendig i alt han tok seg til. Han stelte paa Klokkur, vølte um
Bord og Stolar, sette inn Glasrutur og maalad so oversleg væne
Namnetavlur. Han var ein Hjelpar i Naudi all Stad, naar det var noko
um aa gjera, og han var væl umtykt kor han kom.
Alle
Kvendi rundt umkring haded Godvilje for Don Ernano, og det hadde
inkje voret vondt for Ljoshotten aa fenget ei godt Gifte, kvar
det skulde vera, um det hadde stadet um det. Men han var inkje av
dei, som vyrde fara etter Kvendi, dei heldt honom reint for ein
Kvendehatar sume, og det minkad inkje Venskapen med honom hjaa
Gutarne. Han var halden gjæv av alle Ernano. Ditta hadde ogso lenge
boret Godhug til honom; ho hadde havt Handel med honom i mange Aar
no, det var han, som dei selde Frukti si aat, og han var fælt greid
soleids. Idag og skulde det laga seg so, at ho fekk tala med honom.
Muleselet
stadnad fyre Budøri, og Ditta sprang skjott ned.
_
God Morgo, Signorina
_
ropad Lugano, kom og skulde hjelpa henne med aa faa av Klyvi.
_
Korleids liver De daa, Don Ernano
_
sagde Ditta og saag so trugje uppi Andlitet hans med dei brune Augo
sine, han vart reint raud.
_
Sjaa her er det Sviblar, store og væne; kann De bruka alle?
-10-
Lugano
kremtad og drog paa Maalet.
_
Eg kunde væl bruka dei, men idag nettupp er eg inkje fælt sterk med
Pengar endeleg.
_
So! De hev voret ut paa Veiding atter!
_
Veit De det og
_
spurde han og saag forundrad paa henne.
_
Ja eg kann skyna det. For eg hev tenkt etter det, korleis det er
laga, at Karen inkje kann verta rik. No er han baade hag og hendig i
all Ting, korkje drikk elder spilar. Han kunde vera fyrste Mann i
Byen han, um han vilde, og likevæl kjem han inkje lenger. Eg hev
tenkt ut det, at det berre maa vera all denne Veideskapen, som er
Skuld i det.
Lugano
vart standande reint fortenkt og høyra paa dette, han berre vog seg
att og fram og klødde seg bak Øyrat.
_
Ja
_
sagde han endeleg
_
det kann væl vera noko i det. Men kvat skal eg finna paa; det er
inkje noko anna, som eg tykkjer Moro i; det er so stursamt berre
ganga heime og slengja i Einingi ogso.
_
De skulde gifta Dykk, faa Dykk ein Heim, so hadde De noko aa ty seg
til
_
sagde ho og slog Augo ned.
_
Ja det var væl. Man det er snarare sagt enn gjort det, slik ein
Stakkar som eg er i den Vegen. Eg hev nok stundom tenkt paa det ogso;
men slik ein Laupar som meg er det ingen som vil hava. Det er snaudt
eg tener Maten i meg sjølv desheld.
_
Det kann eg aldri tru lel
_
meinte Ditta
_
men det er væl inkje nokor, som De vil hava, De likar betre aa sviva
eismall og hava Fridomen.
_
Det var so det ja. Men det kunde væl henda, at den rette inkje var
komi endaa og
_
sagde Lugano. No var han aalvorleg og saag tankefull framfyre seg.
_
Korleids tru skulde daa ho vera lagad?
_
sagde Ditta, ho saag inkje upp.-
_
Korleids ja, det var eit
_
og Handi for bak Øyrat atter
_
no ja, som De paalag Jomfruge.
Ditta
vert sprengraud.
_
De berre skjemtar no
_
sagde ho; ho vilde tvinga seg til aa lægja.
_
Eg er berre ei Bondegjente eg.
-11-
_
Far min var inkje Bonde eingong
_
sagde Lugano
_
han for umkring og selde Blikarbeide, fyrst i Austrike og sidan i
Italia; so at skal me tala um det, so er det De, som stend høgst
der, ser De.
_
Jau slike Gjentur kunde eg lika
_
lagde han til likesom stilt fer seg sjølv.
_
Don Ernano, kann De bruka Sviblarne
_
tok Ditta braatt i reint som forstøkt. Ho saag inkje endaa upp fraa
Marki.
_
Ja vist kann eg det, soframt De kann drygja med Betalingi til Enden
av Maanen so.
_
Ja eg trur dei til Dykk
_
sagde ho, skundad seg med aa tøma Korgerne, og slengde seg upp paa
Muldyret sitt, sagde skjott Farvæl, slog paa og so bar det
beinast paa Heimvegen. Men daa ho var komi utanfyr Byens Grensur
tyktest ho faa so overlag gode Stunder, Muldyret gjekk berre som det
vilde. Ho kom inkje heim att, fyrr det leid til Middags. Ho hadde
ventat seg, at Moder hennar skulde undra seg paa, kvifor ho strauk
burt so braatt, men ho leet berre som inkje var, kom ut og tok imot
Ditta og var berre Venskapen. Ditta vart lidt ottesam for dette, ho
kjende Moder si: naar ho bar seg so, maatte det vera ei Meining duld
i det. Igaar hadde Pieteranton voret her so lenge, berre dei inkje
hadde lagt ihop Raader daa til aa narra henne burti eitkvart. Naar
det leid til Kvelds, gjekk ho uti Kjøkenkleven, der dei plajad
liggja baade tvo, og tok Sengi si og flutte inn i ein annan liten
Kleve, som var avstengd for seg sjølv med Laas og Greidur. Ho sagde
inkje eit Ord med alt detta, berre gjekk inn og lagde seg.
Gamla
vart reint handfalli. Skulde daa Ditta have stadet og lydt einkvar
Staden paa det, som dei hadde rødt um fyrre Kvelden; men det var
umogelegt det ogso, dei hadde set etter so væl alle Stader.
_
Eg skal væl sjaa meg Tak til aa faa Laaset i Rangstell eg
_
tenkte ho med seg sjølv
_
for Pieteranton skal faa det som han vil, ho skal inkje sleppa fraa
honom no Megga.
Men
daa ho hadde lagt seg, kom ho til aa verta ottesam igjen, at dei
kunde fordrygja seg, Gjenta kunde finna paa aa taka Flugti beinast
til Rom ho; det var inkje Tid aa spilla, og tileg
Publisert