Tidender.
Kristiania,
den 6te Februar.
Fredssamlag.
Stortingsmann Konow helt eit Møte med Utsendingarne fraa
Vinstresamlagi og
andre
igaarkveld til aa stifta eit Fredssamlag. Konow lagda fram eit
Lovframlegg, som vart vedteket samrøystes, til det fyrste Aarsmøte
kom isaman. Til Styresmenn valde dei
Konow,
Væringsaasen,
Sakførar
Krogh,
Stortingsmann
L.
M. Bentsen
og
Stortingsmann
Sørensen.
Maalsaki
i Finnland
.
Regjeringi i Finnland skal iaar gjeva ut Bøker baade paa finsk og
svensk til Bruk i Skulen.
England.
John Bright hev nyleg haldet ein Tale um Englands Utanlandspolitikk.
Han dømde hardt dei Krigarne, som hev voret førde. Kann det
nektast, spør det store og mykje utbredde Bladet
Echo,
at Bright hev Rett, naar han segjer, at det er umogelegt aa
rettferdiggjera elder aa undskylda alle dei Krigarne, som England hev
ført medan denne Dronningi hev styrt Landet. Me hev, segjer Bladet,
stridt imot Kina, Birma, Rusland, Sudafrika, Boarlandet, Avganistan,
Ægypten og Sudan, og alle Stader hev me voret Aagriparar; men naar
hev me havt Rett? Inkje ein einaste Gong. Kven tvilar paa,
spør
Echo,
at Soga vil peika paa Krigarne i Ægypten og Sudan som nokot av det
mest uforsvarlege, som nokonsinn hev voret førde. I Slutten av Talen
sin sagde Bright, at det heretter inkje vert Krona elder Kaksarne,
som kjem til aa raada for Englands Utanrikspolitikk, men Folket.
Krigen
i
Sudan
.
Det skal vera komet Telegram fraa General Wolseley um, at Kartum er
teken, og at General Gordon trulegvis er fangad. Det skal vera dei
ægyptiske Krigsfolki, som hev sviket.
Samraadet
i Berlin
.
Eit Utval, som vart nedsett for koma med Framlegg um dei Retter og
Plikter, som det Land skulde hava, som heretter vil skipa Nybygder i
Afrika, er no ferdugt med Arbeidet sitt. Framlegget gjeng ut paa, at
det Land, som i Framtidi vil taka meire Land, enn det no hev, paa
Strenderne aat Afrika, elder utan aa taka Landet vil hava Herredom
yver Landslutar der, skal gjeva Melding um det til alle dei Magterne,
som hev havt Utsendingar paa Samraadet i Berlin. Og dei underskrivne
Magterne skal vedkjennest sin Skyldnad til aa sikra Vyrdnaden for dei
tekne Retter og tryggja Handelsfridom paa Strenderne aat Afrika. Dei
nemner soleids inkje nokot um Øyarne, so Frankrike fær stella seg
som det vil paa Madagaskar.
Rømling.
Ein Bokhandlar i Mosjøen, M. Sivertsen, vart set fast den 17de
Januar i Hamburg, nett som han var ferdug til aa reisa til Amerika.
Daa han vart fakka hadde han paa seg Kr. 12000,00. Av dei hadde han
laant nokot i Bodøy Bank og nokot hadde han fenget som Sikring for
nedbrende Hus. Mannen var mykje skuldug, og det var for aa sleppa aa
bitala Skuldi, at han rømde; men no lyt han nok til lell.
Ikast
med Bjørnen.
Dei skriv til det svenske Bladet Carlstad Tidning: Gustav Larsson i
Fiipstad og Bror hans dreiv med Skogarbeid. Medan Gustav heldt paa aa
velta vekk eit Kjerr, som han hadde hogget ned, kom ein stor Bjørn
fram til honom og beit i den eine Foten hans. Men Gustav miste inkje
Motet; han gav Bjørnen eit Par druge Hogg i Hovudet. Men nokot
sovoret vilde inkje Skogkongen finna seg i. Han tok Øksi og hivde
henne langt derifraa. So tok han Gustav millom Frambeini og bar honom
burt mot ei Gran. Bjørnen tok den eine Armen i Kjeften og hylte og
bar seg, so ein kunde høyra det lang Leid. Bror hans Gustav høyrde
Ulaaten og sprang til, og daa han fekk
sjaa kor til stod, gav han seg til aa bruka Øksi si so godt han vann
paa Bjørnen, og Udyret skynad
snart, at det var best aa luska sin Veg. Daa det verste Basketaket
var yver, kom det fleire Arbeidarar til; dei fann Bjørnen eit litet
Stykkje lenger burte, og eit Par Skot gjorde det av med honom. Gustav
Larsson vart havd paa eit Sjukehus, og dei hev Von um, at han skal
koma seg.
Publisert