Tidender.

 
Kristiania, den 3die Februar.


Den høgtidelege Opningi av Stortinget gjekk for seg idag Kl. 1. Kronprinsen las upp Trontalen og forkynte, at Tinget var retteleg opnat. Det var ei annar Gjerd paa Talen no enn me hev voret vande med no her fyrr. Den handlad um Framstig og Utvikling paa alle Leider, og det heile var bygt paa Samarbeid og Tillit millom Riksmagterne. Umskiftet her i Vaar vart nemt, men paa ein Maate, som inkje var saarande for nokon av Partarne. Det var mange av Emætsmennerne, som gjekk med i Stemna, men det var ogso inkje so faae, som ein saknad av dei, som plar vera med i slike Tilfelle. Der var berre fire _fem Prestar. Dei andre heldt seg daa for gode til aa vera med og heidra Kronprins, Regjering og Storting.

Av Statsraadarne var det einast Haugland, som gjekk som han var, bar korkje Gull elder Stjerne.

 
Fyrste Stortingsmøtet vart haldet igaar Kl. 10. Dei gjorde ymse Val og budde seg til. Præsidentar: Steenog S. Nielsen (Stortinget), H. Bentsen og Konow(Odelstinget), Quamog Havig (Lagtinget, Lange bad um aa sleppa, daa han var veik med Helsa). Skrivarar; Øverlandog Havig(Stortinget), Liestøl og O. Nilssen(Odelstinget), Tonningog Krogh(Lagtinget). I Fullmagtsnemndi skulde dei hava tvo nye Menn i Staden for Joh. Sverdrup og Haugland; dei valde Aarflotog W. S. Dahl.


Aat Statsraadarne er det no stelt upp faste Sessar i Stortings- og Lagtingssalen. Det er den fremste Stolerekkja, som dei skal hava. Sessarne aat Tingmennerne vart ogso umskipad noko ved detta.


Alt Baartveit er utnemd til Sokneprest paa Aukra (Møre).


Bladstyrar Dons, Stiftsprovst hev voret, er daaen 49 Aar gamall. Han sluttad som Prest i 1879 og hev sist styrt Throndhjems Adressekontors Efterretninger .


Advokat W. S. Dahl hev søkt um aa verta Landsdomar i nordre Gudbrandsdalen.


Skirenn vart det inkje noko av um Maandagen. Føret gjekk upp, det hev regnat i fleire Dagar, so Fortogi er reint berre midt i Byen. Det er sett ut til paa Torsdag elder næste Maandag.


Lat oss faa innstelt Bataljonseksisen i Sumar , ropar dei fraa alle Kantar.


Lofotfiskjet hev byrjat rett godt. Fisken skal vera utruleg feit iaar.


Straffanstalt. Justitsdepartementet hev gjevet eit Paabod um at alle Tukthus og Slaveri og Botsfengsel heretter skal kallast berre for Straffanstaltar. Ein Mann klagar i Dagbl. paa, at Depart. vil setja ut slike Framandstyggar som dette Ordet Anstalt, og det gjer Mannen rett i. For no det er den Tid, at me skulde reisa upp att Maalet vaart, er det mindre høvelegt aa føra inn slikt.


Timmerhandelen. Norsk Landmandsblad raader Folk til inkje aa lita paa, at Timmerprisarne skal stiga noko no for det fyrste, men einast halda seg til Jordbruk og Kreturstell. I Norrland i Sverik hev dei fleste Sagbrukseigarar vorte forlikte um, at dei maa minka Drifti med 350,000 Tylfter. Eit franskt Bald skriv, at Grunnen til, at Prisarne no er so laage, er inkje den, at det vert brukat minder Trevyrke no mot fyrr, men at Folk hev hogt for mykje, so at Upplaget vart for stort.


Marknaden paa Litlehamar. Det var litet Liv paa Litlehamarsmarknaden iaar. Det var inkje mange, som hadde møtt fram korkje av Svenskar hel andre, og dei faae som var, hadde liten Hug til aa kaupa. Av Vadmaal og Saudskinn laut Seljaranne taka mykje med heimatt. Skinn af Rev, Kalv og Geit gjekk betre. Av Vilt var det litet paa Marknaden denne Gongen, daa Veeret inkje hev voret laglagt til Fangst.


Hestesal. Hingsten Falken, som tok kvit Sløyfe paa Utstellingi i Skien, vart i Joli seld av Jacob Spokkeli til Olaf Bæsjord i Fyrsdal for 1600 Kr.