Folkemaalet i Skulen.


Der kann ingen negta lenger, at Folkemaalets Framhjelp er ei stor, nasjonal Sak, som det liberale Parti i Landet meir og meir vil taka seg av. Det er ei Sak, som det no er rette Tid aa leggja kraftigt Arbeid paa og faa nokonting gjort fyre. Vinstresamlagi vil nok allestader taka Saki under Dryfting, men det er inkje nok. Skulekommissjonarne og Skulemeistararne lyt gjera sitt. Der er iser eit, som eg trur bør gjerast straks; og det er at kjøpa nokre Sett med norske Lesebøker til Bruk i Skularne. Der vilde trengjast ei 8 elder 10, kanske 12 Bøker til kvar Lærar, forutan eit litet Paalegg um, at Øving i norsk Lesing burde drivast t. Eks. i 2 Timar um Vika i alle Kommunens Skular. Kostnaden herav kunde inkje verta stor. _ Eg bed Skulekommissjonsmenner og andre tenkja paa dette.


Januar 1885.

(Sts. i S. B. Folkebl.) .