Den aattande Salmen.

 

1. Til Songmeistaren paa Strengleik fraa Gath.

Ein Salme av David.

 

2. Herre vaar Herre, kor bjart Namnet ditt er yvir heila Jordi, du, som heve sett din eider paa Himmelen!

 

3. Med Munnen aat Smaaborn og Sogborn heve du lagt Grunn til ei Magt fyr dine Motstandarar si Skuld, til aa stagga Fiende og Hemngirug.

 

4. Naar eg ser Himmelen din, eit Verk av dine Fingrar, Maane og Stjernor, som du heve sett paa sin Stad:

 

5. kvat er eit Menneskje, at du kjem honom ihug, ein Manns-Son, at du lydest inn til honom!

 

6. Og du heve sett honom berre litetvetta nedanfyre Gud, og med Æra og Heider heve du krynt honom.

 

7. Du let honom faa raada yvir Verket, som dina Hender hadde gjort, altsaman heve du lagt under Føterne hans:

 

 

1. Smale og Bu alt i Hop, ja ogso Dyri paa Marki,

 

2. Fuglarne under Himmelen og Fiskarne i Havet, kvat som ferdast paa Leiderna nedi Sjøen.

 

3. Herre vaar Herre, kor bjart Namnet ditt er yvir heila Jordi!

 

Frå Fedraheimen 04.02.1885

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum